Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fußtour (1)
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Holtrane - Mehaugen, Hyen, 652 moh
- Datum:
- 16.07.2018
Vi køyrde til Gjengedalsstøylen og tenkte vi ville følge ein liten sti, som var merka på kartet. Jadda... Greit terreng å gå i, men vi såg ikkje så mykje til den stien... Tilbake gjekk vi ned på vegen og følgde den siste halva tilbake til bilen. Målet for turen var og Aastøylen, der vi hadde ein T-turpost.
Aostadalen, Italia,
- Datum:
- 10.07.2018
Vandring i skulpturlandskap, bokstaveleg talt! Langs stien, i trea og bak busker... var det plassert/ hengt opp trefigurar, av menneske, gnomar, dyr, insekt, fuglar, etc. Det var artig å gå rundt neste sving eller kike opp i neste tre, for å sjå kva som dukka opp. Vi gjekk opp til ein Refugio og opp sida, til ein liten topp og ned att der, slik at det blei ein rundtur. Totalt 12,3 km og 5,5 time denne dagen, på motsett side av dalen i høve Pila. Vi starta på 1780 moh og var på høgaste punkt: 2600 moh.
Vatningsanlegga stod på nede på bøane og då vi vandra der, var det eit yrande liv av insekt! I tillegg til alle blomstrane..
Pila: Tsa Sètse (2815), Punta Monpers, etc, Italia, 2793 moh
- Datum:
- 09.07.2018
Vi køyrde på motsett side av Aostadalen (i forhold til dagen før), til Pila. Der tok vi ein skiheis opp og vandra bortover og oppover. Vi gjekk opp til Tsa Sètse (2815 moh), bortover ein delvis smal rygg, via fleire toppar. Høgaste punkt: 2825 moh, 14,5km totalt. Vi var innom Punta Monpers (2794 moh), Piatta de Grévon (2752 moh), og Couis 1 og 2 (2700 og 2662 moh), før vi fann ein sti nedover att til Pila. På Couis 1 var ei skive, med alle fjelltoppane vi såg, 360 grader, og høgda deira markert.
Der det vart for mykje veg, gjekk vi ned marka/bøen, i blomstrande enger... Denne dagen såg vi Mont Blanc (Monte Bianco) i det fjerne, i tillegg til Matterhorn... Såg mange "jordekorn", som kom opp eit hol og forsvann ned i eit anna!
Breuil Cervinia, Italia
- Datum:
- 08.07.2018
På veg til Aosta, måtte vi på fjelltur i området. Vi vandra oppover på stiar (skiløyper) i ca 4,5 time, 11,2 km. Høgaste punkt: 2821 moh. Vi gjekk ein rundtur, bortom Refugio Oriondé (2805 moh). Vi hadde fin utsikt til Matterhorn, og såg fleire smågrupper på veg opp dit...
Monte Boletto, Como, Italia, 1238 moh
- Datum:
- 05.07.2018
Etter å ha tatt farvel med Vigdis, tok vi bane opp og gjekk først oppover veg (boligstrøk), så sti innover og oppover til Monte Boletto. Heilt anna landskap enn i Madonna: her var det grønkledde åsar og utsikt ned mot Comosjøen og byar/landsbyar rundt der. Vi ville gå ein annan veg ned, så då havna vi i ein pittoresque landsby (Moleno), med trange gater og blomstrande hortensia. Totalt gjekk vi 14,2 km, ca 4 og ein halv time. Det vart over 10 km tilbake, på asfalt, så då tok vi bussen...
Madonna..., til Rifugio Alimonta, Italia, 2591 moh
- Datum:
- 03.07.2018
Langtur: 8 timar og 21,8 km i skiftande ver! Vi byrja i nydeleg ver på Passo Grosté og gjekk innom Refugio Tuckett (2277 moh), Refugio dei Brentei (2182 moh), Refugio Alimonto (2591 moh) og nedatt til Refugio dei Brentei. Vi fekk ei torebyge på veg ned att frå Alimonto. Variert terreng, med stein og fjell, skog og mange ulike typar plantar og blomster. Stien bukta seg bortetter fjellsida, nokre gongar langs ein fjellskrent eller gjennom ein tunell, andre gongar i ope landskap. Flott utsikt stort sett heile tida, men nokre gonger forsvann fjelltoppane i tåka...
Her var det vi gjekk Via Ferrata! Tilbake gjekk vi eit stykke på same ruta, for deretter å ta ein sti ned til Refugio Casei. Litt nedanfor der, i skogen, kom det eit skikkeleg torever!! Vi skunda oss vidare ned til Refugio Vallesinella. >>>
Cima Pari, Italia, 1991 moh
- Datum:
- 02.07.2018
Rundtur i delvis tåke.. Trudde vi skulle kome forbi den eller at det ville lette, men den gong ei... Men vi kom no opp på ein topp!
Vi starta på Malga Trat (1753 moh), gjekk via Refugio Pernici (1600 moh) til Cima Pari (1991 moh) og rundt på ein annan sti tilbake til Malga Trat. Vi såg lite til utsikta, som skulle vere fin utover Lago di Garda, men var eit kors på toppen og så såg vi hoggorm i stien igjen... (såg ein på den første turen vår og). Ca.3,5 time og 9,8km.
For å sjå sola, køyrde vi ned til Gardasjøen etterpå.
Via Ferrata Gustavo Vidi, Madonna, Italia (2721 moh)
- Datum:
- 01.07.2018
Denne dagen tok vi bane opp på motsett side av dalen i høve dagen før, til Passo Grosté. Vi skulle gå Via Ferrata Gustavo Vidi. Eit stykke opp i "lia" snudde to stk, så det vart berre meg of Vigdis som gjekk vidare. Ruta var variert, med nokre stigar, nokre jernwirar og elles uten sikring. Tåka kom og gjekk, men vi fekk no sett utsikta inne i mellom.. Ganske tidleg på ruta gjekk vi bort ein smal egg: dette var vel plassen der vi merka høgda mest. Høgaste punktet: 2721 moh. Ca 5,5 time totalt.
5 Lahgi, Madonna di Campiglio, Italia (2501 moh)
- Datum:
- 30.06.2018
Vi gjekk 5 innsjøar - turen ved Madonna di Campiglio. Strålande ver, storslagen natur og fine stiar. Vi tok bane opp til Pancugolo og gjekk via Lago Ritorto, Passo Ritorto (2277 moh), Lago Lambin, Lago Seredoli og Lago Gelato, opp til Passo di Nambrone (2454 moh) og opp til næraste toppen der (2501 moh). Tilbaketuren gjekk til Rifugio Vivani, der vi tok ny bane ned att. Ca 5 timar totalt og 10,2 km.
Burg Gutenberg, Liechtenstein
- Datum:
- 29.06.2018
På biltur frå Zürich til Madonna, stoppa vi i Liechtenstein og åt lunsj. Vi tok ein spasertur opp bakken til Burg Gutenberg. Her var det mange vinranker og utsikt over byen Vaduz.