Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Ich habe mich noch nicht mit anderen Peakbookbenutzern befreundet.

Gesammelte Listen

Trivselsskogen - Usikten - Holvikefossen, Gloppen

Datum:
30.06.2017

Generalsekretæren i DNT var på synfaring i Trivselsskogen, så då måtte vi sjølvsagt vere med og gå heile runda.

Urkeegga: Maudekollen - Klokksegga, Ørsta, 1021 moh

Datum:
29.06.2017

Eg og Elin Leikanger parkerte i Langesæterdalen og gjekk vidare oppover vegen der. Stien inn dalen var tydeleg merka opp til Jenteskaret og vidare utover Maudekollen, Klakksegga (Urkeegga) og rundtur ned egga, rundt og tilbake ned til parkeringa. Flott rundtur med utsikt mot fjorden og dei mektige fjella på alle kantar :)

Karte    

Russehola, Høgehaugen -Dyrenibba -Nautefjellet, Gloppen,742

Datum:
27.06.2017

Lenge sidan eg hadde vore ved Russehola. Fin sti og interessant å lese om dei som tilbragte 8 mnd der under 2.Verdskrigen. Sidan turen var så kort, gjekk vi på 3 toppar bortover og gjekk vegen gjennom Hestedalen tilbake. Veldig flott utsikt, særleg frå Nautefjellet, der eit Widerøe - fly tok av mens vi var der.

Karte    

Mykland - Myklandsdalen, Gloppen

Datum:
26.06.2017

Vi måtte få med oss denne dalen, sidan den er på T-tur lista til Gloppen. Det var riktignok ikkje dekning der inne, så eg fekk ikkje "sjekka ut" med DNT, men fekk no klipt på kortet. Fin dal med elv og grønt. Sjølve støylen var ei klynge med sel...

Orheimsbotnen - Lundavarden, Eid, 769 moh

Datum:
25.06.2017

Tur med Jeanett. Vi gjekk inn til Orheimsbotnen og vidare opp ryggen, på stien.

Karte    

Tystadstøylen - Haugsvarden, Gloppen, 862 moh

Datum:
22.06.2017

Tur med mamsa. Vi gjekk ned att sykkelstien - kult tillaga :)

Karte    

Holme - Holmestøylen - Holmestrand, Hyen

Datum:
21.06.2017

MNT hadde onsdagstur til Holmestøylen i Hyen. Vi var 18 stk som gjekk, med lokal guide. På støylen hadde vi kaffipause, før vi gjekk litt vekk frå støylen for å ta bilete. Lite visste vi at der låg ei mini - Trolltunge... Ned att gjekk vi ned til Holmestrand. Stien var tydeleg og merka heile vegen, med skilt undervegs.

Sandalsstøylen, Breim

Datum:
10.06.2017

Kollegiet hadde avslutning på i Sandalen, med overnatting. På dagen var vi ei lita gruppe på 7 som gjekk opp på Sandalsstøylen. Flott ver og god stemning! Vi såg m.a. ei ørn som svevde over oss. På veg ned att sklei Siri, slik at ho trakka skeivt...

Opptur 8.kl. Tippaskaret - Blåsvednyken - Fossane, Eid, 909

Datum:
08.06.2017

Første gongen Eid var med på Opptur. Arrangementet er for 8.klassingar. Frå EUS var det med omlag 70 elevar + vaksne. Eg var med som representant frå DNT/MNT. Vi fekk sponsa buss ut på Harpen av MNT :) Turen gjekk frå Tippasætra over Tippaskaret. Fin sti i starten og på slutten, men både sti og merking var vekke over myrane... Gjekk likevel greitt å finne vegen. Ole Johan underheldt med meir eller mindre sanne historiar! Vi hadde matpause på Tippaskaret, før vi delte oss: litt under halvparten gjekk opp på Blåsvednyken, medan resten gjekk rett til Fossane. På Fossane var det grilling og litt bading, før vi gjekk samla ned att til skulen. Flott dag, sjølv om vi fekk ein del vind og regn på toppen.

Karte    

Dokka, Askvoll, 756 moh

Datum:
05.06.2017

Hadde tenkt oss på Alden, men enda opp på Dokka i staden... Vi gjekk opp frå Ringstad og følgde ein traktorveg oppover eit stykke. Så gjekk vi over på sti og opp sherpa- trappene. Svært godt arbeid med å lage fine trapper oppover! Vi kom opp på Ringstadstøylen. Stien var ok å følgje eit stykke, men etter kvart vart den utydeleg. Vi klarte å sjå nokre små vardar (stein lagt opp på ein anna stein) som vi gjekk etter. Lengst oppe var det litt tåkedottar, men ikkje verre enn at vi kom opp. På veg ned att letta veret igjen. Vi kunne sjå langt utover! Fin tur med mamsa :)

Karte