Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Ich habe mich noch nicht mit anderen Peakbookbenutzern befreundet.

Gesammelte Listen

Bolsetnipa, Jølster, 1238 moh

Datum:
31.07.2016

Køyrde opp til demninga og gjekk opp/ned trappene og "Ufo - råsa" til toppen. Ok ver, men eit par regnbyger... Med mamsa.

Karte    

Bøafjellet, Breim

Datum:
18.07.2016

Vi gjekk opp Skorvegjølet til Ytrevatnet, noko vi ikkje har gjort på 25 - 30 år... Ganske bratt opp, men fin sti når vi fann den. (Vi gjekk på feil side av elva i starten, skulle ha gått på venstre sida heilt frå starten av). Så gjekk vi over til Bøvassbu og ned til Seime/Rådastøylen. Heim att gjekk vi stien ned til Seime, noko eg berre har gjort ein gong før, det og for ca 30 år sidan. Artig! No var her fin sti og godt merka. Med 5 stk frå Hetle og mamsa.

Karte    

Veten, Gloppen, 632 moh

Datum:
15.07.2016

Formiddagstur på Veten. Gjekk opp/ned stien, den "vanlege" ruta, ved Leirstøylen. Med mamsa.

Karte    

Støyvafjellet, Breim, 875 moh

Datum:
14.07.2016
Karte    

Rotsethornet, Volda, 653 moh

Datum:
13.07.2016

Vi gjekk opp stien på framsida, og ville gå rundtur bak tilbake. Gjekk greitt opp, men vi vart litt ivrige på veg tilbake, og misste kjapt stien. (Vi gjekk for langt mot venstre..) Dermed måtte vi berre vandre nedover sida.. Det gjekk ok! Kom etter kvart ned på skogsvegen, og følgde den tilbake langsmed vatnet. Skodda letta akkurat på 1.toppen, slik at vi fekk sett utsikta :) Med Jeanett.

Karte    

Eggenipa, Breim, 1338 moh

Datum:
10.07.2016

Vi gjekk opp egga og bakover og rundt tilbake, ned Gåsemyrskaret. Brua var enno ikkje lagd ut (vart lagd ut 2 dagar seinare..), men vi kom oss greitt over elva litt lenger nede. Varierande ver, med regn oppover, men bra i starten og tilbake Høgredalen. Med Anne Tove, Konrad og Håvard (+ Astrid G og co opp egga).

Karte    

P. so Valparola (2168m) - Lagazoui (2752m) - P. so Falzarego

Datum:
28.06.2016

Fantastisk rundtur bak, opp og rundt Lagazoui! (Ingen markering på Peakbook, sjølv om det var mange høgdemetrar i alle retningar...) Vi starta på Passo so Valparola (2168 moh). Her gjekk stien bortover fjellsida og opp ein bratt bakke med fine svingar. Så snudde stien bak Lagazoui og vi gjekk i slakk stigning til vi møtte stien frå andre sida. Vi såg rådyr eller villgeiter. (Vanskeleg å sjå pga. avstanden...)Vi måtte bortom høgaste punktet og utforska og diverse holer og forskansingar frå 1.verdskrigen. Litt luftig utføre enkelte plassar. Frå toppen var vi på oppdagelsesferd ned til Entrata Galleria (inngongen til tunellane), bortover ein smal egg, og litt småklatring på jarnboltane lenger nede (til ei lita grotte). Til slutt måtte vi gå på vegen mellom Passo so Falzarego >>>

Karte    

Piz Arlara, Corvara, 2

Datum:
27.06.2016

Tok bana til ... og gjekk ein rundtur via Piz Arlara og tilbake. Gjekk vegen ned att til Corvara. Såg ut til å vere eit flott alpinområde for dei som ikkje treng dei aller brattaste løypene ned... No var det svært frodig, med grøne enger og massevis av ulike villblomstrar. Dette området låg på andre sidan av dalen i høve Piz Boe, og sidan tåka no hadde letta, såg vi kvar vi skulle gått vidare for å nå toppen der...

Boe Vallon endestasjon, Corvara, 2520 moh og til ca 2800 moh

Datum:
27.06.2016

Vi tok bana til endestasjonen, Boe Vallon, 2520 moh. Så gjekk vi vidare forbi ei hytte og rundt og oppover. Planen var toppen: Piz Boe, men på grunn av ein del snø og at det låg tåke oppi, valde vi å snu på ca 2800 moh. (Det gjorde dei andre som var der og..) Utsikt i mange retningar, og tillaga med tau opp snøen i kløfta. Gjekk ned att stien ved alpinbakken til første heisen og følgde den tilbake.

Karte    

Refugio Auronzo - kapellet..., Cortina, (2320 moh)

Datum:
26.06.2016

På rundttur med bil via Anterselva og bortom Austerrike, køyrde vi tilbake via Cortina. Vi fann ut at vi ville opp og sjå korleis området ved 3 Cimes såg ut. Vi fekk ikkje sett toppane pga. tåke, men gjekk tur bortover frå Refugio Auronzo (2320 moh) og til eit kapell.