Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Ich habe mich noch nicht mit anderen Peakbookbenutzern befreundet.

Gesammelte Listen

Veten, Bremanger, 527 moh

Datum:
31.05.2015

5 damer gjekk frå Grotle og opp på Veten i dag! Fin tur, men tåka kom og gjekk litt på toppen, så vi fekk ikkje sett langt utover havet...

Karte    

Fannstøylen - Blåfjellet - Høgegga, Eid, 829 moh

Datum:
28.05.2015

Eg og Jeanett traska innover dalen, for å sjå om det var såpass lite snø at vi kunne gå på ei av fjella i Stårheimsdalen. Det var bert heilt inn på Fannstøylen, og det såg greitt ut opp Blåfjellet. Vi gjekk då opp ryggen der, med litt snø her og der og ein god del snø mot toppen... Vi såg ein gauk i eit tre :) + ei ørn litt seinare... Vidare gjekk vi ned på "baksida" mot Høgegga og opp dit (traska i snø...) Opp dit var det ganske kort, men med mykje snø ned att. Vi gjekk derfor ned ryggen mot stien frå Løysingevatn. Lang tur, men fin temperatur og bra trim!

Karte    

Bakkesætreåsen, Eid, 391 moh

Datum:
25.05.2015
Karte    

Sollidkollen, Eid, 689 moh

Datum:
18.05.2015

Ettermiddagstur frå Reksnes. Utydeleg sti, men fin tur, likevel.

Karte    

Holmøyskaregga, Eid/Stryn, 1064 moh

Datum:
15.05.2015

Trugetur i strålande solskin, med Torhild S :) Opp og ned frå Rand. Måtte gå ganske langt på snødekt veg før Randastøylen - nesten ein halv time... Ok fast snø å gå på!

Karte    

Saga, Bremanger, 1318 moh

Datum:
14.05.2015

Skitur med Midtre Nordfjord Turlag - 14 stk. Venta heile dagen på sola, men fekk berre glimtvis sjå den... Såg toppen så vidt på vegen, men god sikt ned att! Gjekk opp hylle 7, 8 og 9. Hardt underlag første delen ned att, men deretter bra.

Karte    

Grønlidkollen, Eid, 589 moh

Datum:
10.05.2015

Kveldstur igjen, i fint solskin - fekk denne gongen nyte utsikta! på Lefdalsætra måtte eg berre ta bilete av den originale utedoen...

Karte    

Veten - Ossætra, Eid, 566 moh

Datum:
09.05.2015

Trugetur i flott ver med Anne Tove. Vart litt bratt ned til Ossætra... Snø lengst oppe i stien nedanfor sætra, men ikkje så lenge før det vert bert her.

Karte    

Staurdalsegga, Eid, 787 moh

Datum:
04.05.2015

Hadde eigentleg tenkt på Grønlidkollen, men sidan vi kunne køyre heilt på Støylen, vart det Staurdalsegga. Flott tur, sjølv om det vart litt vått og kaldt etter kvart... Med Torhild S.

Karte    

Svartegga, Eid, 1047 moh

Datum:
01.05.2015

1.mai - tog på randonnee i solskin - kan ein ha det betre? Med Anne Tove og Konrad.

Karte