Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fußtour (1)
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Rastonicadalen, Lac Capitellu, Corte, Corse 1945 moh
- Datum:
- 30.07.2022
Vi reiste med minibuss til starten av stien, inne i Rastonicadalen. Tydeleg sti og ganske mange folk på tur. Passerte ei sæter/fjellgard på vegen opp/ned. Først kom vi opp til første innsjøen (vatnet..), Lac Melu, 1700 moh. Deretter heldt vi fram opp bakkane til neste innsjø (vatn) Lac Capitellu, 1945 moh. Vi stod nokre meter ovanfor siste vatnet... Hadde det ikkje vore for varmen, ville vi nok ha gått vidare til ein av 2000m- toppane lenger bak, men då måtte vi ha gått 3 timar til. Då hadde vi dessutan ikkje nådd toget vidare... Heilt himmelsk med bading i elva etterpå!! Flott fjellområde!
Innover Tavignanodalen, Corte Corse
- Datum:
- 29.07.2022
Endå ein varm dag... Hadde først tenkt oss på ein topp ikkje så langt bak der vi budde. Vi traska i veg, men oppdaga etter ei stund at vi ikkje ville kome oss dit uten å gå temmeleg langt på asfalt, så då snudde vi.. Neste tur vart oppover og innover Tavignanodalen. Der var fin sti og moglegheit for å ta ein sti ned til elva og følge den tilbake, noko vi gjorde. Herleg å kjøle seg ned! Såg ein svart slange bukte seg over vegen...
Bois des anglais, Ajaccio Corse
- Datum:
- 26.07.2022
Ekstremt varmt å gå tur... Vi vandra opp vegen, deretter sti ovanfor Ajaccio, på starten av Chemin des Crêtes. Området vert kalla Bois des Anglais: Engelskmennene sin skog. Vi ville ta raskaste veg ned att pga. varmen, og kom då inn i eit privat boligområde med port. Heldigvis var det ein lokal helt som opna porten på vegen for oss, så vi slapp å gå ned att same vegen.. Fin utsikt, men svært varmt og høg luftfuktigheit. Litt rart, sidan det var skikkeleg tørt overalt.
Rambjørga og Hovden, Selje, 202 moh
- Datum:
- 01.07.2022
Vi hadde rekogniseringstur til Stad gålag i Ervika. Først gjekk vi opp, ganske bratt bakke, delvis sti, opp og utover på Rambjørga. Nydeleg utsikt. På veg ned fann vi tydeleg sti ned att til traktorvegen til Hovden. Vi mått sjølvsagt gå gjennom tunnelen på Hovden, rundt på sti tilbake, og ned til havkanten. Vi gjekk ikkje heilt ut pga. litt vanskar med å klatre ned akkurat no (foten), men der hadde jo eg vore før... Turen med Stad gålag blir same ruta!
Kjerringa, Stad, 497 moh
- Datum:
- 30.06.2022
Eg og Elin var på hengekøyetur til Stad. Vi vandra ei runde på sti rundt Kjerringa, sår på solnedgang (og soloppgang..)
Sankta Synneva-hornet, Vågsøy, 689 moh
- Datum:
- 29.06.2022
Ny tur på Sunnivahornet, med Torhild S. Denne gongen var det strålande fint ver, med sol og utsikt! Vi gjekk ruta frå Almenningen.
Dalsbøen, Gloppen, 335 moh
- Datum:
- 27.06.2022
Ny T-tur på Sørstranda med mamsa, no i Traudalen. Vi gjekk på sti langs Traudalsvatnet og inn til Dalsbøen.
Høgehaugen, Gloppen, 728 moh
- Datum:
- 25.06.2022
T-tur med mamsa, denne gongen på Sørstranda. Vi starta turen frå Sandstøylen. Turen opp var no merka, og det var tydeleg, om enn noko våt, sti..
Støyvastøylen, Instevarden, Gloppen, 1057 moh
- Datum:
- 24.06.2022
T-tur med mamsa: Støyvastøylen og Instevarden på Skavleggane. Fint ver, og litt vandring på snø, så eg vart litt solbrend på ryggen..