Crib Goch, Snowdonia, N. Wales, 923 moh (04.08.2019)


Startpunkt Pen y pass (390m)
Tourlänge 5h 17min
Entfernung 4,6km
Höhenmeter 559m
GPS
Besteigungen Crib Goch (923m) 04.08.2019 10:59

Varierande forhold: litt sol, litt regn, skodde... Vi tok bussen frå Llanberis til Pen y Pass. Hadde tenkt å gå Snowdon Horse shoe, men enda opp med noko anna... Vi gjekk/klatra delvis opp til Crib Goch, der vi siste delen kom opp i skoddeheimen. Sidan det var så lite sikt, torde vi ikkje å gå/krype/åle oss bort egga, ned egga og opp att på neste topp og opp til toppen av Snowdon. Vi såg ikkje kor langt vi måtte på egga eller kor langt det var ned på sidene. (På veg ned att dagen etterpå, såg vi at det ikkje var så langt bort og ned egga og ikkje så veldig høgt ned på den eine sida...)
På returen klarte vi å ta feil og følge ein annan rygg nedover. Vi oppdaga det ganske raskt, og var på veg opp att, då vi møtte 2 stk på veg ned. Dei sa at det berre var ein veg ned, så då stolte vi på dei, sidan det hadde vore dårleg med trackinga på turen... Så då enda vi opp med ei anna rute ned i skodeheimen. Fin dal vi kom ned i, men vi måtte gå eit stykke på veg før vi kunne hoppe på bussen tilbake til bilen. Spennande og utfordrande tur! Dessverre tok vi ingen bilete på Crib Goch, då vi hadde meir enn nok med å gå/klamre oss fast...

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.