Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Knipenborg
- Datum:
- 18.04.2025
- Tourlänge:
- 3:39h
- Entfernung:
- 23,9km
Den vanskelege snøpåsken førte meg til sannsynleg snø ved Eldrevatn. Og det var det fleire som visste om, så fyrst ei* n snau kilometer frå der vegen mot nord går av var det ei fri parkeringslomme. Å erkjenne folkekaos er alltid ein dårleg start.
Kjapt på med utstyret for å kome seg inn i det rette elementet utan større mentale skader. Etter kvart kokm ein lenger inn, og trafikken i dalbotnen avtok. Men i flanken opp mot Høgeloft telde eg 35 stykker i eit blikk!
Det er mange mogelege vegar til Knipenborg, og sjølv om eg hadde ein moderat dag, var stigningene til å leve med. Men nabotoppar hadde eg ikkje i kroppen denne dagen. Han vert litt borte mellom Høgeloft, Sulefjellet og Bleia, og det var heller ikkje dagen for dei store utsyna, trass i at vêret var bra frå morgonen.