Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Gjendehøe

Datum:
31.07.2024

Muskulær oppathenting med pulsgrense 110, og 'endeleg' på Gjendeshøe. Ikkje so mange slike toppar att i køyreavstand frå hytta no. Og når alle er gjort, må ein slå seg til tåls med Gravjellet, som er ein (minst) like fin tur, og mykje meir kortreist. Men det er litt fram dit enno. Ein del folk på stien, som forventa.

Karte    

Storegut

Datum:
30.07.2024
Tourlänge:
6:39h
Entfernung:
26,7km

Nokre gongar er det berre dei raude nålene på PB-kartet som avgjer kva som blir formålet med ein tur. Kynismen tek overhand. Eg håpar at eg hadde prioritert Storegut sjølv om toppen ikkje hadde vore med på liste ditt eller datt. Innover Mjølkedalen, nokre få år sidan sist. Lette fjellstøvlar i dag - eg tykte det vart vel mykje Donald Duck - gåing med VJ på Stora Hånosi, so med forventing om urd, valde eg annleis no. Ved 1433-tjønnet gjekk eg nordvestover og opp i passet. Seinare var eg for langt oppe i flanken, inn mot ryggen der ein tek opp mot nordflanken på Storegut. Då eg var vel oppe i tilkomstrenna, såg eg kor fint det var langs det nedre Mjølkedalstjørnet. Opp på snø, so litt urd/småklyving, og etter kvart nokre prima gå-sva som tok meg langt opp raskt. På omlag >>>

Karte    

Knollan og Hundfethøa

Datum:
29.07.2024

Dag for bygningsvedlikehald og småtoppar. Knollan er Hausberg til det hyttifiserte fiskarbuområdet i austenden av Kaldfjorden og byr på sti. Hundfethøa forsvarar seg godt bak krattbarrikadar, og ingen sti på austsida fører nokon stad. Sprang nokre minutt nordover vegen etter HFH, men fann ut at eg hadde andre ting å bruke tida på enn Buhøi frå vegen.

Karte    

Store Hånosi

Datum:
28.07.2024

Om det vart godvêr denne sundagen, haldt eg Stora Hånosi, som har plaga meg sidan eg oppdaga ho på kartet, som eit høgare rangert alternativ enn oppryddingstur i Jotunheimen Sør (og definert som noko rett utanfor Maslowske basalbehov). Såter i Sogn er ei drivkraft som ikkje kjem fram av noka PB-samlarliste. It goes far beyond. God parkeringslomme ved bru over Vindhelleelvi. Her er naturen på det mektigaste - oppe på fjellet er det heller flatt. Her er det storisen som har teke tak, og lokalbreane har ikkje gjort mykje med landskapet høgare oppe. Såter i Sogn har ikkje vorte til tårn og pinnaklar. Start i høg brennesle og med mykje stigning på kort tid. Stimerkinga overraska meg positivt til å byrje med. Fram til eit punkt (stølstuft?) er det eit stølstrim-tiltak som har gjeve >>>

Fønnhusknatten

Datum:
23.07.2024
Tourlänge:
0:54h
Entfernung:
4,0km

Nedatt frå fjellet og ein topp på vegen. Parkering so diskrét som mogeleg ved Valdres Skog. Det sit fjern slekt på kontora her, og for alt eg veit, i hogstmaskinane og. Kjerrevegen på kartkopien er eit hogstslep i marka, med hjulspor og utan stipreg. Oppe mot Kyrstrupen går det eit slepsystem austover som ikkje byr på noko tydeleg punkt der ein skal take av, og då eg tykte traversen dro meg langt nok aust, tok eg opp i veglaust lende. Etter litt nestan-klyving sto eg på toppen. Noko utsikt, men litt stress med byrjande regn gjorde at eg gjøymde å take bilete. På returen fann eg heller ingen varig sti, bortsett frå nokre meter før eg kom ned att på den same driftsvegen. Dette var nok 'den mest brukte vegen' som vert nemnd i omtalen av tinden.

Karte    

7 toppar mellom Grøndalen og Mørkedalen

Datum:
21.07.2024
Tourlänge:
6:12h
Entfernung:
24,1km

Karte    

Skjellingshovdene

Datum:
20.07.2024
Tourlänge:
2:10h
Entfernung:
12,5km

Skjellinghovdene er inarbeidde omgrep for Randsfjord-/Begnadalsmassiv-åsar som nestan vert fjell. Men det er meir spesielt at dette lange høgdedraget med hardt berg ikkje har ein og annan rakkar som utfordrar 1000-meteren og tregrensa enn at nokre åsar nestan gjer det. Uansett, ein skikkeleg omveg til hytte og vedlikehald. Skjellingvegen er nytt land, og ein uproblematisk grusvegtur på omlag 16 km førte meg til ei parkeringslomme ved ei hytte ved eit Langvatn. Det fanst parkering lenger inn, men oppvarming i slakk motbakke, grusveg var freistande. Steikande varmt, og truleg kom insekta til å tære like mykje på kreftane som det fysiske. Skjellingen låg der framme, som det næraste du kjem fjellgard i dette området. På veg dit er det mogeleg å ta av på feil sti, og det gjeld å vere >>>

Karte    

Hovdsjøfjellet og Hortene

Datum:
13.07.2024
Tourlänge:
4:46h
Entfernung:
24,2km

Karte    

Midtknatten og Svarttjernbrenna-traversen

Datum:
03.07.2024
Tourlänge:
2:52h
Entfernung:
17,1km

Karte