Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Dalavardin

Datum:
25.07.2022

Iltransport til Valdres for å køyre opp kjøleskåp til tyske hyttegjestar som såg på seg som prøvekaninar i eit muggforgiftingsforsøk på grunn av tilstanden i det gamle. Då alles gut und schöne Hütte, selbstverständlich sind wir gemütlich, bar det vidare til Etnedalen for å auke eigennytta av dagen. Stadig dårlegare vêr, torevêr i det fjerne då eg var på toppen. Etter kvart møtte eg tora og redda meg til bils med alt elektronisk i lynlåspåse i handa. Køyreturen til Nordsinni om Goaren var meir episk enn treningsturen denne dagen. Regn som ut av ei skyllebøtte, elver i vegen, svart som sein kveld, sikt som i tåke. Softis på Dokka for kontrasten.

Karte    

Mellomdistanse pluss

Datum:
20.07.2022
Entfernung:
27,0km

Etter ein etterlengta dag på crag var det tid for å bruke beina på det vanlege viset. Eigentleg sto eit større raid rundt Veslebotnskarvet på programmet, men med ei sprikande vêrmelding vart det Bygdin sør. Her var det Vinjerock, so eg valde å bruke Tyinholmen som utgangspunkt. Opp til Utsikten, som fortener namnet sitt. God sikt, men disig og litt stille før stormen - stemning. Vidare til Skenegge - dagens høgde- og vidt kjend utsiktspunkt, via nordvesttoppen (sjølvstendig). Vidare ga ei fonn god nedstiging, so eg haldt 20-minutt-minus-syklus over til sørausttoppen. No runda eg det lange, rare vatnet, her og etter ein heidundrande glissade på fonn. Fotturstien i nordenden var knapt synleg, og utover mot Drylleberget gjekk det og ein særs svak sti. Toppen er oppstykka, med nokre artige >>>

Karte    

Langeberget

Datum:
18.07.2022

Hyttegjest som ikkje seier klårt frå når han kjem - då rekk ein ein kort topptur og ikkje meir. Det passa og fint med ein ladepause på Leira. Parkerte på skogs-/gardsvegsystemet i nærleiken av overgangen til Hallingdal. På vegen forbi eit bruk under restaurering, eit til nedfalls og så opp ved den lille hytta og parkeringa der du lettast kjem opp frå nordvest. Kjølegare, levelig flogesituasjon, noko utsyn frå toppen. Kanskje overraskande, men det som fascinerte meg mest var å sjå ut over fjell-låglandet som byrjar rett sør og går heilt til Vassfarstoppane tek til.

Karte    

Skardshøgde nord

Datum:
17.07.2022
Tourlänge:
1:45h
Entfernung:
8,5km

Gå-/restitusjonstur på kanten av det høge Valdres. Flott landskap, sjølv om toppen ikkje var all verda. Ukjøyrbar veg (Pajero-land) siste stykkjet inn til Røssjøen støl. GPS-tracket syner skilnaden mellom attgrodd sti som med dette er fraråda (tur) og flott sti som ikkje kom fram av det aktuelle kartet (mapant, retur). Flogeinferno - fyrste gongen i år.

Karte    

Mellomdistanse

Datum:
16.07.2022

Karte    

Buråsen

Datum:
10.07.2022

Gjennom nydelig Østfoldlandskap innover på noe som framstår som ei halvøy i ferskvatn, med blindveg. Er det bare at det er annerledes enn 7 mil lenger nord? Jeg tar meg i å tenke at låg marin grense er en nøkkelfaktor. Ting får et tyngre preg når leire og overdreven frodighet trekker langt oppover i liene. Her er skogbildet reinere og åpnere, med forvridd furu som ved kysten og bister Iddefjordsgranitt (eller noe beslekta) som hemmer planteveksten. Samt litt sør-faktor, med moden blåbær og gulnende åker. Innerst i vegen ligger Jelsnes, et ganske nytt byggefelt åpenbart langt unna 'alt'. Så mye for samordna areal- og transportplanlegging .. Her hadde jeg allerede kjørt forbi et sti-utgangspunkt, delvis pga en irriterende kinabil i hekken, så nå hadde jeg bare Norgeskart og >>>

Karte    

Tindehopping i Østfolds langrennshjerte

Datum:
10.07.2022

Treig om morran, så da røyk Finnskogen. Men når noe av det fineste gamle Østfold har å by på står ubesøkt, har en et alternativ. Tindeekspressen navigerer til Trøsken. Parkering litt inn på grusveg, før ytre bom. Sykkel ut. I dag er planen å binde sammen tindene i Trøsken skianlegg-nær fjellkjede med flere øst - nordøst for Trøskenbrua. Bakdekk lufttomt <slike tegn som ikke finnes på moderne tastatur, men som gamle Donald var fulle av>. Krystallklart - dette blir turen, mens de øvrige enten må utestå, ellers må jeg finne på en måte å snike meg østover med bil på uten at det framstår som tinderåning. Det er lettere sagt enn gjort, men jeg mener at jeg har utvida rett på skitne knep når skjebnen herjer med meg på denne måten. Et titalls løpeminutt lenger inn >>>

Karte    

Storehaugfjellet

Datum:
03.07.2022

Regntungt til og med langt ned i Sogndalsdalen, men ut mot fjorden vart det opphaldsvér. Rask avgjerd - det vert ei såte i Sogn likevel. Trassa, som mange andre, skiltet 'berre korte stopp' på grusplassen ved Haukåsen. Opp grusvegen, springing og skigang med pulskontroll. Mot toppen kom det noko som såg ut som harde byger inn fjorden, og det bles opp. Nokre krampeaktige bilete før eg pakka kamerafonen inn i alt eg hadde med. Trass i at dette er ein topp som er ofra for infrastrukturen, vil eg tru at utsynet er verdt turen i godvér. Knuste lår, med langtidsverknad, etter nedturen. Burger og superlader på Leira. Heime 22 ++. Katten hadde overlevd.

Karte    

Vassdalsnipa

Datum:
01.07.2022
Tourlänge:
3:11h
Entfernung:
12,8km

Mini-slektstemne på gang. Vi valde å leggje turen så langt vest som mogeleg. Det er ikkje nett nokon vanleg helgetur å gjere ting frå Gaularfjellet. Samstundes måtte vi vere framme før grillinga, og med ei tapt ferje og litt kvalitetsladetid i Sogndal såg eg at det spøkte for den større fleirtoppsrunden. Opphaldsvér, ganske heitt, og nokre møtande turgåarar på stien frå vegen mot Sværaskaret. Turboka i skaret synte at helvta av dei heitte Råheim til etternamn. So close, yet so far. Over osen, opp bekkedalen mot aust. Stor bregneskog, nokre sauetrakk utan samanheng. Det var freistande å skrå opp nokre snøflankar før tjørnet, og det fekk oss opp mot ryggen ganske tidleg. No dominerte snøen, og gåinga i urd var avgrensa til nokre brattkantar. Toppvarden vart seint synleg. >>>

Karte    

Kjeldeknatten

Datum:
23.06.2022

På veg tilbake - turen. Heitt.

Karte