Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (2)
- Fußtour (17)
-
Skitour (23)
- Langlauf (1)
- Randonnée/Telemark (22)
Peakbookfreunde
Lieblingsgipfel
Humpen og Skardhornet
- Datum:
- 01.10.2025
- Tourlänge:
- 2:15h
- Entfernung:
- 10,1km
Køyrde til Høydalen og vidare på grusveg innover Langedalen. Den vart ekstra lang i dag, då dette ikkje var ein grusveg for låge bilar. Av same grunn valde eg å parkere på ei lomme mellom Langedalssætra og enden av grusvegen. Det var glimrande sti som gjekk sikk sakk langs den gamle løypestrengen opp til Heimste Rinddalsvatnet. Humpen var dagens første mål og litt baksing i kratt og ur trur eg var uunngåeleg her. Tok nok ikkje beste vegen, men eit relativt kort støt. Vidare mot Skardhornet tok eg sikte på punkt 815 og følgde ryggen vidare. Ingen sti, men lettgått terreng. Stor utsikt frå toppen. Same veg ned igjen.
Kalveskrednipa
- Datum:
- 30.08.2025
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 4:18h
- Entfernung:
- 9,0km
Ein artig tur i flotte omgivnadar og fint fjellver saman med vannilsengiggs (Vegard O. Nilsen) . Eit sjeldan høgt terningkast frå mi side.
Adamshorn
- Datum:
- 20.08.2025
- Tourlänge:
- 1:19h
- Entfernung:
- 2,7km
Saman med vannilsengiggs (Vegard O. Nilsen) .
Ein tøff variant over Vatnesvingane.
Bratt, glatt og manglande trakk.
Sveddalstinden
- Datum:
- 13.08.2025
Parkerte ved Moasyøylen. Det var ikkje enkelt å kome tørrskodd over elva ut frå start, kunne kanskje brukt meir tid på å finne ei naturleg bru. Det såg relativt buskete ut oppover, men turfølge vannilsengiggs (Vegard O. Nilsen) satte ei seig og målretta fart oppover og då var det berre å prøve å følgje på. Vi haldt oss sør for gjølet, litt i sauetrakk, ein del i kratt, bregne og gras. Det var ganske bratt og vått, så det var godt å kome opp i slakare terreng før vi sikta oss opp i det tøffe skaret mellom Sveddalstinden og Nordre Raudfonntind. Vidare direkte til topps! Vakkert skue i alle retningar!