Heida, Gyrinakken og Røddalshorn (01.08.2025)
Startpunkt | Parkering Heida/Gyrinakken (60m) |
---|---|
Endpunkt | Parkering Heida/Gyrinakken (60m) |
Tourcharakter | Jogging |
Tourlänge | 1h 53min |
Entfernung | 12,8km |
Höhenmeter | 852m |
GPS |
![]() ![]() |
Besteigungen | Gyrinakken (362m) | 01.08.2025 |
---|---|---|
Heida (238m) | 01.08.2025 | |
Røddalshorn (563m) | 01.08.2025 | |
Besuche anderer PBE | Parkering Gyrinakken/Heida (60m) | 01.08.2025 |
Ein skoddetung og regnfull dag i Ytre. Det var skilta mot Gyrinakken og Heida berre nokre meter ut frå start. Fin sti til Heida, men mot Gyrinakken var det kjerreveg med høgt gras og deretter brukbar sti med høgare gras - berre litt klipping som skal til for å gjere denne noko meir forlokkande. Haldt mot sørvest etter toppen (utan sti) og kom inn i ein delvis brukbar sti i ein liten dalformasjon nedover mot den nedlagde gokartbana på Leikong. Mogleg denne stien er meir synleg frå toppen på ein mindre skoddefull dag.
Frå Leikongeidet følgde eg asfalten ein drøy kilometer før eg tok av mot Røddalshornet. Merka og god sti til topps, same veg på retur til Leikongvegen. Vidare følgde eg fine grusvegar gjennom lysløypa/Kleppefurene tilbake til bilen.
Benutzerkommentare