Stornyken og Mefjellet (15.07.2025)  4


Startpunkt Gudbrandsjuvet p-plass (230m)
Endpunkt Solbergvegen (400m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 3h 45min
Entfernung 18,6km
Höhenmeter 1.361m
Karte
Besteigungen Mefjellet (1.099m) 15.07.2025
Myrheivatnehaugen (894m) 15.07.2025
Stornyken (965m) 15.07.2025
Besuche anderer PBE Gudbrandsjuvet p-plass (215m) 15.07.2025
Nysætra (769m) 15.07.2025

Dag 1 av "basecamp Valldal" med VON. Parkerte ved Gudbrandsjuvet og følgde Grusvegen i retning Alstadsætra. Etter nokre svingar var det skilta mot Stornyken med meir eller mindre grei sti til topps utanom på avstikkaren til Myrheivatnehaugen. Relativt seigt strekke mot toppen, men tøft skue i retning Olivintoppen! Tok valget om å ta av i retning Mefjellet, då VON (som droppa denne då han har vore der før) generøst tilbydde å hente.

Frå Myrheivatnet var det god sti til Heggjesætra, ei sjarmerande lita sæter der. Her følgde eg skiltinga "Nysætra via Trollkyrkjebotn". Det vart ein omveg på denne måten, men då eg nådde Trollkyrkjebotn (982) var det skilta og god sti mot Nysætra. Fann eit trakk og nokre vardar på avstikkaren til Mefjellet, panserrås ned til flotte Nysætra og grusveg heilt til asfalten på Solbergvegen. Der vart eg plukka opp og fekk ein cola som gjorde susen!

Det hadde nok vore ein bedre variant å kome seg frå Heggjesætra og litt krattete over til stien som går mellom Hjelmesætra og Nysætra, men ein framifrå tur uansett!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.