Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Surnadal: Bollknubb1

Datum:
08.04.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
1:18h
Entfernung:
4,5km

Etter at gårsdagens tur vart prega av ei forferdeleg veroppleving, (bortimot det verste eg har vore ute i) måtte eg rette opp dette med ein gong. Ein kan ikkje sette igjen ein topp på denne måten! I dag i mykje bedre ver heldigvis. Veien frå Nordvikstranda til inntaket for kraftverket er brøyta og åpen frå ca påsketider. Kr 40 vart betalt i kassa med glede i dag og. Bytta til telemarkski for anledningen og labba rundt Seterhaugen på vestsida. Vidare i nesten rett linje mot toppen. Veldige vind tidleg på dag men stilna utover ettermiddagen. Fekk nokre få hundre meter fin nedkjøyring i påskesløsh. Såg 2 stk som kom kryssande ned frå Nordviksula. Det er forresten 2 Bollknubbar, denne + ein grensetopp mot Sunndal sør for Todalen.

Karte    

Surnadal: Ytre Sula, Indre Sula

Datum:
25.03.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
5:00h
Entfernung:
14,2km

Endeleg var vi i gang med dette eventyrprosjektet. Eg hadde fedrekvoten + 8 veker sommarferie, Lise tok ut ulønna permisjon. Bubil var innkjøpt i 2014 og leilighet i Todalen halvanna månad i orden. Kjøyrde 2 bilar oppover for mest mulig fleksibilitet. Kom til Todalen og kom oss i orden i leiligheita. Første tur vart for meg til Sula dagen etter. Fantastisk å starte i eit heilt nytt område med berre nye toppar i alle retningar! Starta usedvanleg tidleg, 0715 frå brua over Røssåa ved Todalshaugen. Tross gode anbefalingar frå diverse kjentfolk om å gå frå Nordvikstranda ville eg absolutt prøve den ruta eg sjølv hadde blinka meg ut. Labba 200 høgdemeter oppover den veldig gode veien som er bygd i forbindelse med kraftutbygginga. Kunne kjøyrt bil opp her, bommen stod åpen og. Tok >>>

Gloppen/Naustdal: Merafteholten pf 100 komplett!

Datum:
01.02.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
5:00h
Entfernung:
17,0km

Etter nokre månader med sofateneste og vintersport var det på tide å kome i gang med ny sesong. Ingenting er vel bedre enn å komplettere 2 kommunelister i ein jafs. Gloppen pf 100 66/66 Naustdal pf 100 26/26 Turen har lenge stått på blokka. Kroksleiven var som vanleg med på kort varsel og minimal info. Tok ferja kl 1000 frå Lote. Framme på Rongkleiv litt over 11. Friskt og kaldt i skuggeland, kom oss fort i gang. Vi hadde dessverre ikkje finsikta kartet på Peakbook godt nok. Den nye veien/røyrgata mot Rambergvatnet var ikkje innteikna på kartet vi hadde. Rota oss derfor oppover i skogen og måtte krysse ei elv. Kom plutseleg inn på veien og ser ein lokalkar rett bak oss. Han skulle til Mjellemstøylen og ville gjerne slå lag. Oppe på Mjelleimsegga skilde vi lag. Vi gjekk vidare >>>

Eid: Lotsbergnibba på ski

Datum:
11.01.2015
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
5,2km
Karte    

Eid: Ljøskarhaugen

Datum:
26.12.2014
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
7,0km
Karte    

Norddal: Middagshesten

Datum:
27.04.2014
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
9,0km

Karte    

Norddal: Grøtet og Litlegrøtet

Datum:
26.04.2014
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
5:49h
Entfernung:
19,0km

Sunnmøre pf 50, status etter helga 839/926. Kom til Kilsti fredag kveld og la oss til i bilen på parkeringa. Kom meg avgarde 0650. Veldig tidleg, men planen var at Lise skulle ta Grøtet etterpå. Var usikker på kva eg skulle gjere, men enda opp med å gå mot Skrednakken. Brukte ca 1,5 timar ut der på telemarkski med plastsko. Vidare ryggen frå vest til Grøtet. Vart ein del skibering her, 3-400 høgdemeter. Ein titt på klokka og eit lite blikk ned i sørsida på Grøtet gjorde til at eg bestemde meg for Lisjegrøtet i tillegg. Eg er ingen brattkjøyrar på ski, men dersom det er det som må til så går det og. Bratt skikjøyring ned furene på sørsida av Grøtet! Plastsko og telemarkski er så gull på slike turar! 200 lette høgdemeter til Litlegrøtet. Fantastisk nedkjøyring mot >>>

Karte    

Eid: Svartegga

Datum:
29.03.2014
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Karte    

Eid: Svartegga

Datum:
28.03.2014
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
2:45h

Etter skidag med 8. klasse til foten av Sunndalsnipa og Kyrkjefjellet vart veret utover dagen legendarisk. Vel heime på Lotsberg pakka eg telemarkskia og litt niste og kjøyrde til Lotsbergskåra. Utruleg lite snø i år, og dette var første skitur for sesongen! Konstaterte at forma ikkje har kollapsa totalt. Vindstille og fint på Svartegga. Såg mot Snønipa, virka som det var litt disig lenger søraustover. Tanken om store ekspedisjonar i helga må kanskje revurderast. Frå Svartegga svinga eg lett nedover den første bratte bakken mot Gjørva. Nye sko kjendest gollje gode ut. Scarpa T2 thermo kjøpt nye på Finn for 500 kr + frakt. Utruleg kva ein kan finne tak i med litt leiting. I siste bakken før Gjørva small det plutseleg og eg hadde null kontroll på venstreskia. Bittert å oppdage >>>

Luster/Skjåk: Greinbreen og V for Gluggevardholet

Datum:
26.05.2013
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
5:30h
Entfernung:
14,0km

Det var godt å legge seg i påsan etter den dryge turen på Lodalskåpa. Jostedalen dag 1 Ingen stress for dagen derpå. Plan: Vangsen. Berre for å sjå kor langt ein kunne kjøyre innover mot Styggevatnet tok vi ein tur vidare innover. Det enda på Viva der vi møtte snø som vi ikkje kom over. Fram med kart og finsikte mulighetene. Resultatet vart Greinbreen 1849 + Sprongdalsløyfti. Fjellski vart bytta ut med telemarkski og vi kunne ta dei på ved veien. Tok av før Sprongdalshytta og kryssa elva på god snø. Bratt opp til Gluggevardholet. Gjekk litt vidare før vi tok bratt opp mot topp 1849 vest for Greinbreen. Merkeleg om den ikkje har eit anna namn. Såg mot Hurrungane og hadde Geir Arne i tankane. Skal tru om han kom seg på Store Austanbotntind i dag? Nedkjøyring til Gluggevardvatnet og opp til >>>