Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Surnadal: Neådalssnota, Sprikltjønnknubben og meir til

Datum:
13.04.2018
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
8:56h
Entfernung:
35,6km

Møre og Romsdal pf 100 1080/1159 Otto hadde vært på Neådalssnota berre ein gang før, og hadde veldig lyst på eit nytt besøk med nye muligheter for flotte foto. Heldigvis tok vi denne turen første dagen av langhelga. Det var litt kaldare, og snøen litt fastare på fredag enn laurdag/søndag.

Karte    

Eid: Movatnet

Datum:
06.03.2018
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Karte    

Sunndal/Nesset: Åbittinden, Vardfjellet, 1292 og Trolltinden

Datum:
22.02.2018
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
16,0km

Solotur frå parkering Trolltindveien. Innser at vinterturar solo ikkje er favoritten, sakna turfølgje enormt undervegs. Bestemde meg for å prøve opp til Åbittinden først. Bratt opp siste kneika, på med stegjern og brukte isøksa. Så vidare til Vardfjellet, ned i dalen til ca 950 moh og opp igjen på 1292-toppen. Veldig fin snø her nede og fin temperatur. Vurderte ryggen direkte til Trolltinden, men gjekk mot skaret mellom Åbittinden og Trolltinden. Skia på sekken opp ryggen. 2 stk hadde gått heile traversen før meg, såg dei undervegs og møtte dei på parkeringa etterpå. Møtte og folk på toppen, dei hadde i tillegg vore på Ryssdalsnebba samme dagen. Populært område dette. Nedfarten på fjellski vart ikkje det store, blir ei stund til eg brukar desse skia til toppsamling >>>

Karte    

Sunndal: Høgstoplan, Gråhøa og Melsseterkollen

Datum:
20.02.2018
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
9:05h
Entfernung:
32,1km

GPS konka ut på parkeringa, men Christian har sporet frå denne turen. Sjekk: https://peakbook.org/tour/249153/H%C3%B8gstoplan.html Var sikkert innom 10 namn for å finne turfølgje på denne. Sjukdom, sjukdom i familien, sjukdom opp i mente, arbeid, familieforpliktelsar, arbeid osv osv......... Det såg svart ut heilt til eg registrerte at Christian hadde vært på Viromkjerringa. Ringde han og avtalte møte på Sunndalsøra neste kveld. Han var på vei til Trondheim igjen, men stussa ikkje på å kjøyre tilbake til Sunndalen neste ettermiddag. Booka stabburet på airbnb og gleda meg til tur. Christian kom utpå kvelden, og takka lett ja til ei planleggingsøl før leggetid. Eg har møtt denne trivelege karen mange gonger før, på Peakbook-treff mm, men aldri gått tur med han. Kom oss opp i 7-tida, kjøyrde 2 bilar til Gjøra. På Vangshaugen >>>

Karte    

Rauma: Kjøsen og Urhaugen

Datum:
13.05.2017
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
4:25h
Entfernung:
14,8km

Møre og Romsdal pf 100 1030/1156 Etter 2 dagar med 4-milsturar var eg glad for at dagens prosjekt var ein forholdsvis kort og enkel tur. Kjøyrde forbi betalingskassa og parkerte litt lenger framme på ein stor plass etter avtale med ein kar eg snakka med. Bommen var åpen, så eg kunne faktisk kjøyrt heilt opp til brua før sætra. No hadde eg ikkje cash heller, så då vart det litt gåing utan at det er noko problem. Tok på skia 100 meter etter at eg forlot veien ved brua. Snøen oppover var tildels råtten når eg runda rundt i solsida mot Kjøsen. Glad eg tok denne først. Sette igjen skia siste 50 hm. Ned sida mot Store Måsvatnet var det ikkje noko godt skiføre, og over myrane akkurat nok til at eg kom meg igjennom. Det er ei lita bru i utosen til vatnet, lett å krysse der. Peila >>>

Karte    

Nesset/Lesja: Høvelkampen, Grovåkampen og Røyrhøa

Datum:
12.05.2017
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
7:53h
Entfernung:
39,2km

Møre og Romsdal pf 100 1028/1156 Det er vel ikkje rett å seie at eg hadde enorme forventningar til denne turen. Opp skitrekket, langdrygt bakover og ikkje allverdens spennande toppar. Skulle og gå åleine, noko som av og til kan være stusseleg på dryge turar. Spesielt når eg hadde ein supertur dagen før med triveleg følgje. Men men, kunne parkere og ta på meg skia ved bilen. Ikkje ein kjeft å sjå på heile Bjorli, heilt dødt. Mykje snø i trekket, hardt og lett å gå. Første stopp vart Haugsvarden som eg meir eller mindre gjekk meg på heilt tilfeldig. Grovåkampen hadde eg i syne, den virka ikkje så langt unna. Eit blikk på kartet fekk meg vekk frå den tanken. Og ennå lenger bakover til Høvelkampen. Heldigvis var det kanonføre, kilometerane rausa unna innover. Hadde Høvelkampen >>>

Karte    

Rauma: Remmemsbrøstet, Svarttinden og Tua

Datum:
11.05.2017
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
9:28h
Entfernung:
40,0km

Møre og Romsdal pf 100 1025/1156 Sjekk Jan Petter sin tur for GPS-spor https://peakbook.org/JPV100/tour/209932/Svarttinden+og+Tua.html Første dag på eit 3-dagersraid med basecamp Isfjorden. Jan Petter var svært interessert i desse toppane så tok seg ut ein feriedag og vart med. Skibæring eit kvarters tid oppover veiane, vidare på svært godt skiføre heile dagen. Hardt og lettgått, berre å ose på. Gamle skispor mot Dønttinden, men vidare innover var det jomfrueleg snø. Frå 1672-toppen som var den siste, hadde vi ein liten ide om å plukke 1549-toppen pga pf veldig nære 100 meter. Det hadde vi nok fått til, men vi vart enige om ikkje å nerde til ein slik fin tur med noko tullete greier. Den skal med i eit anna prosjekt frå Trollstigen. Litt opp og ned frå Remmemsbrøstet mot Tua. For å sleppe dette på heimveg hadde JP ein plan som fungerte >>>

Karte    

Rauma: Døntfjellet, Sæterhøa og Dønttinden

Datum:
30.04.2017
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
9:18h
Entfernung:
35,3km

Møre og Romsdal pf 100 1023/1156 Vakna på Slettali P-plass til skydekke og litt vind i buskene. 2 dryge turar merkast i ein gammal skrott, og ungdomen Torleiv måtte kjefte litt på meg for å få meg i gang. Starta kl 0900 og gjekk til undergangen. Der møtte vi eit par som skulle til Dønttinden. Dama var søstra til ho vi møtte dagen før. Rett så livlege og trivelege folk. Etter eit par hundre meter var plutseleg skydekket vekk og vi fekk ein kanondag. Skilde lag før sætrane og vi gjekk ryggen i retning Sæterhøa. No var det ikkje så vel at vi berre skulle gå dit nei. Måtte nedom Døntfjellet, noget meiningslaust anna enn for samlarar. Den tørre snøen i nordhellingane gjorde at fellene klabba som besett. Frå Sæterhøa såg vi no folk på vei mot Dønttinden. Glei ned til vatnet >>>

Rauma: Kovåhøa, Vermehøene og Storhatten

Datum:
29.04.2017
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
9:35h
Entfernung:
35,7km

Møre og Romsdal pf 100 1020/1156 Denne dagen hadde vi eigentleg sikta på Dønttinden og tilhøyrande herligheter. Men pga meldingar om vind endra vi rekkefølgja og gjekk for denne dryge runden i staden. Kunne ganske snart spenne på oss skia og labbe oppover dei lange og kjedelege veisystema frå Slettali. Etter langt og lenge kunne vi peile oss inn på Kovåhøa. Tok ein pause oppunder ei furu, og der fekk vi nesten appelsina i halsen då det kom eit voksent ektepar ruslande. Dei hadde heller ikkje forventa å møte folk, og ville gjerne sjekke kva dette var slags rarietetar som hadde rota seg vekk. Dei kunne fortelje at dei hadde planar om Dønttinden neste dag. Diskuterte litt rutevalg osv før vi rusla vidare. Enkelt til Kovåhøa, Nørdre Vermehøa og Søre Vermehøa. Mot Storhatten >>>

Karte    

Rauma: Skirifjellet, Skarvskaregga og Alterhøa

Datum:
28.04.2017
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
8:32h
Entfernung:
34,3km

Møre og Romsdal pf 100 1016/1156 Glimrande ver då vi starta turen. På Skirifjellet friskna det på med vinden, ganske kaldt og utriveleg. Etter Skarvskaregga var meininga at eg skulle vente på dei andre før vi starta på stigninga til Alterhøa. Vel nede på 1000 m i skaret var det ikkje den påskestemninga eg hadde håpa på. Sur vind og overskya. Tok på stilongsen og alt av kle, likavel var det ikkje muleg å vente der ein times tid medan Torleiv og Jan Petter gjekk over Midthøa. Starta derfor å gå svært roleg mot Alterhøa. Kunne sjå dei andre som kom glidande nedover frå Midthøa. Det tok litt tid fordi det var mykje motbakkar der! Berre kort stopp på Alterhøa. Returnerte langs sporet mitt der eg venta dei andre skulle kome gåande. Berre Jan Petter kom. Torleiv valgte å returnere >>>