Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Halsa/Surnadal: Saksa og Valen (M & R nr 800)

Datum:
13.06.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:53h
Entfernung:
12,4km

Vi overnatta i bilen på parkeringsplassen til Fjordruta/Jutulbu. Fulgte merka rute mot Jutulbu og Saksa. Først langs traktorvei og deretter på merka rute, lett å finne fram. Passerte skilt mot Valen, denne ruta kom vi tilbake på. Veldig vått i lange myrparti før stigninga verkeleg starta. Litt snø i Fjellskaret og oppover ryggen til Saksa. Eit lett skylag låg nedpå toppen akkurat når vi var der sjølvsagt. Returnerte ned til myrane og tok kortaste veien til Valen. Frå denne fann vi ei blåmerka rute tilbake til stien og skiltet. Denne er ikkje mykje brukt enno, men vil vel bli tydelegare etterkvart. Kjøyrde til Settemsdal og overnatte i ei grushole. Lise plukka Hjelmen medan Vinjar og eg prata med ein lokalkar som hadde kjøpt seg hytte til 10000 kr på ein campingplass. Vart vist >>>

Eid: Branden

Datum:
08.06.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:00h
Entfernung:
6,0km
Karte    

Eid: Åsane, ytre, øvre

Datum:
05.06.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Karte    

Aure: Takk og farvel, pf 100 komplett!

Datum:
03.06.2015
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
2:12h
Entfernung:
8,5km

Finaledag i Aure. Vakna på parkeringa på Klakkan til ein sur dag. Vart 2 soloturar dette sidan veret var dårleg og toppane/terrenget ikkje all verden å væte seg ut for Vinjar og Lise. Tur 1: Kjøyrde til parkering nord for Sæterelva. Her er det merka Sandvasstien. Denne fulgte eg nokre hundre meter før eg tok av langs åpne parti med delvis bart fjell oppunder hammarane rundt 400 moh. Krongla meg oppover i ulendt terreng og etterkvart flatt bortover til grensepunktet 592. Det er usikkert om dette er høgste punktet på fjellet. Eit punkt ca 275 m lenger vest (søraust for det lissje vatnet) målte eg til same høgde (5m koter på kartet). Finn ikkje høgder på desse på karta. Legg inn Svarthammaren med 592m/pf 15m enn så lenge. Grensepunktet som hovudtopp. Retur samme veien etter >>>

Aure: Klakkan rundtur

Datum:
02.06.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
6:15h
Entfernung:
24,3km

Vakna på Klakkan til skyfri himmel. 4 stk som skulle på ruta til Storfiskhytta kunne tipse oss om ruta til Storklakken. Ingen merking eller skilting frå parkeringa, ganske utruleg. No er ikkje vi spesielt opptatt av svarttrakka stiar men trudde her at vi skulle finne ei god rute til denne markerte toppen. Fulgte veien 5-600 meter vestover og skulle finne stien her. Det gjorde vi ikkje. Gjekk gjennom ei grind og langs eit gjerde. Her fann vi første raudmerkinga. Stien oppover var bratt og kronglete men gjekk no heilt greitt. Eit skylag hadde sige innover og vinden var tiltakande. Ikkje det heilt store lenger, Lise og Vinjar returnerte til parkeringa medan eg tok ei lenger runde for å prøve fullføre dette Aure-prosjektet. Ruta vart Litklakken-Kvenngrøfjellet-Bjørkalifjellet-Svartvassknubben-Sølømsfjellet-Vihalssætra >>>

Karte    

Aure: Steingeita, Ormsetfjellet, Hisåsen og Teviklia

Datum:
01.06.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:30h
Entfernung:
17,5km

Frå Aure sentrum er det merka Parkering Rovangen 6 km. Dette er ved ei skihytte/lysløype med reklame på bygget, Ove Aunli Sport 1 osv osv...(Tankane gjekk til 1985 og VM-stafetten i Seefeld) Her skulle vi få stå i fred lova ein lokalkar eg snakka med. Han forklarte meg kvar vi skulle gå for å komme oss over elva og mot Ormsetsætra. Gå nedover langs elva, over ei bru, rett nedover til venstre igjen, over ny bru og over ei myr til veien. Eg takka og bukka medan gneistar og småstein spruta rundt øyrene mine idet den senka BMWen i 5-serien spann avgarde. Etter ei god natt i bobilen vakna vi til godt turver, meldingane utover dagen var mykje dårlegare så her gjaldt det å komme seg avgarde. Gjekk slik BMW-karen hadde forklart, kom fram til ei bru før Ormsetsætra der det sat eit troll >>>

Karte    

Aure/Hemne: Snøfjellet

Datum:
31.05.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:19h
Entfernung:
9,2km

Lise har skrive nokre ord frå denne turen: Vi overnatta på Todalssetra. Etter en god natts søvn til kraftig elvabrus, var vi klar for nye eventyr! Dagen var grå og relativt våt med et jamnt sig av yr og regn ved frokosttider. Fra Todalssætra er det merket rute til turisthytta Sollia. Vi fulgte denne ruta de første kilometerne. Den går først på en gammel skogsvei til den går over til sti i litt myrlendt terreng. Vi tok av stien da vi ankom det store myrområdet på ca 400 m slik at vi fulgte en ganske rett linje mellom nord- og sørryggen mot toppen. Lavt skydekke gjorde til at det var fristende å legge inn gps koordinatene for toppen. Det viste seg å ikke bli nødvendig, men kjekt å kunne følge samme sporet tilbake igjen på gps-klokka ! Skjønner ikke helt hvordan vi klarte oss >>>

Karte    

Aure: Vikafjellet

Datum:
31.05.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:32h
Entfernung:
9,6km

Lise har skrive nokre ord frå denne trasige turen: Etter en grå men ikke altfor våt tur til Snøfjellet fra Todalssætra, var vi klar for ny tur etter en god matøkt i bobilen. Kjørte fra Todalen mot Aure og parkerte ved en lomme i Vikabukta der hvor skogsveien mot Vikasætra starter. Denne var stengt for innkjøring. På vei oppover traff vi et par lokale trimmere som fortalte oss beste veien til topps på Vikafjellet. Vi fulgte den ikke kjørbare, men tydelige skogsveien oppover til ca 310 moh, hvor det gikk av en mindre tydelig skogsvei mot venstre. Denne fulgte vi til Vikasætra. Fra den vestligste hytta kunne vi følge en vag sti i terrenget bakover som ledet oss i retning Vikafjellet. Den var tydelig og fin helt til vi ankom et myrlendt område. I og med at skylaget hadde lagt seg >>>

Karte    

Aure: Rundtur frå Todalssætra

Datum:
30.05.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
6:31h
Entfernung:
23,9km

Vi kom frå ei overnatting på Aure Camping. Der var vi einaste nordmenn, resten austeuropearar og tyskarar. Generelt mykje dårleg helse og kroppsleg forfall å observere. Fekk parkere den eine bilen der eit par dagar og kjøyrde bubil til Todalssetra. Planen var Todalsfellet. Veldig lett å finne fram, gjekk på merka sti bratt opp ryggen og vidare i slakt terreng til toppen. Fint ver, god pause med mat og kos. Vi starta returen i lag alle 3. Det gnog meg litt at denne fine dagen ikkje vart nytta fullt ut, så eit stykke nedover vart det gjort nye avtaler. Lise var forsåvidt fornøgd med Todalsfjellet som er i pf 500-klubben. Eg som hadde som plan å gjere ferdig Aure kommune ville ha meir. Vi skilde lag ca 550 moh og eg gjekk nordover igjen, på austsida av Nedre Sleipådalsvatnet, mellom >>>

Karte    

Aure: Innerbergsalen og Stabben

Datum:
29.05.2015
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:50h
Entfernung:
12,5km

Dagen starta med grisever, veldig utriveleg. Kjøyrde ei runde og hadde lunch, meldingane var bedre for ettermiddagen. Lise starta frå Innerberg i ok ver, dette vart seinare veldig bra og eg fekk ein flott tur på alle toppane fram til Stabben. Det er no merka Inderbergsalen ved stolpe 29, stien oppover er bratt men lett å følgje. Når ein kjem opp over skoggrensa gjeld det å halde godt til venstre opp mot ryggen. Der er det merka med nokre kvite steinar ei rute oppover. Brukte 1.14 til Innerbergsalen og akkurat 2 timar fram til Stabben. Olepetter har skrive detaljert og godt om rutevalget mot Stabben, les den om du vil dit. Noko klyving og bratte torvhyller der ein må halde konsentrasjonen på topp. Returen la eg vest for Nonsknubben og Innerbergsalen, så tok ikkje opp noko høgde her. >>>

Karte