Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Bremanger: Rugsundøya vest -> aust

Datum:
13.08.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
10,7km

Kollegatur til Rugsund. Blant alle som var med fekk eg lokka med Kroksleiven, Kristian og Bjørn på tur. Bjørn er nyansatt og åpna PB-konto på dag 2! Sånn skal det være. Det er begrensa parkering ved Hamnen der stien til Tangane startar. Fra ei av dei øverste kanonstillingane startar stien over øya. Den er bra merka. Vi passerte to basseng før vi etterkvart kom opp på den lange ryggen mot Katlenyken. Sporet vidare føl omtrent den merka ruta heilt til Rugsund Handelsstad.

Eid: Lotsbergstøylen

Datum:
08.08.2021
Tourcharakter:
Wanderung
Karte    

Voss/Granvin: Olsskavlen, Seldalsnuten og Olavstølnuten

Datum:
06.08.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
16,8km

Olavstølsvegen. Bratt og delvis grov masse. Høg bil med 4x4 er ein fordel. Ikke bomveg, men ei grind. Trangt ved vegs ende, ein liten snuplass. Parkering langs vegen rett nedanfor snuplassen. God sti fra Olavstøl til Stavaskaret. Her svingar den brått til høgre og eit svakere trakk med varding kan følges til Olavsbu. Vidare Mot Olsskavlen varding i småkupert og steinete terreng. Mellom Olsskavlen og Seldalsnuten ingen merking men enkelt å finne fram og å gå her. Sida sørover fra Seldalsnuten er bratt og det er ein del sva. Muleg det er bedre å gå lenger vest enn eg gjorde. Fra Seldalen til Stavaskaret er det eit dyretrakk/sti som er godt å følgje. Fra Olavstølnuten til Olavstøl er kortaste vei ned lia veldig god å gå, heilt til siste 100 høgdemeterane. Då kjem ein inn >>>

Karte    

Jondal: Vikanuten

Datum:
05.08.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
7,0km

Ein skikkeleg motbakke på god sti og godt merka. Flott utsiktspunkt ved stupet der det står skilt Vikanuten.

Karte    

Kvinnherad: Geitadalstind og Ulvanosa

Datum:
04.08.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
10,7km

Etter nokre blytunge dagar i kjellaren var det fantastisk med ein fjelltur. Utruleg kor terrenget påverkar psyken. Det er god veg til den øverste parkeringa. God og stor parkeringsplass. Merka sti som er lett å følgje mot Geitadalstind/Ulvanosa. Frå Geitadalstind fulgte eg varding eit stykke nedover, men runda rundt ein kant og gjekk rett mot skaret. Du treng altså ikkje ta ned høgde under skaret om du ikkje er altfor skvetten. Litt bratt men ikkje vanskeleg. Det var god stemning på toppen med eit par damer som laga seg middag. Så kom og eit anna par oppover som eg hadde passert med snarvegen min. Vart ein halvtime her i strålande ver. Kjempefin tur!

Karte    

Vindafjord: Gråhorga

Datum:
03.08.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
6,7km

Det er god vei opp til Kolbeinshauglia. Stor parkeringsplass med infotavle. Veien vidare er stengd med bom. Turen oppover til Gråhorga går på godt merka sti. Nokre myrete parti var det men slett ikkje ille. Etter hytta valgte vi å ta ein shortcut opp bratte sva mot toppen. Dette går veldig greit, sjå GPS-spor. Totalt sett ein veldig fin tur.

Karte    

Vindafjord: Døldaren

Datum:
03.08.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
10,5km

Tilrettelagt parkering og skilting ved Blikra. Først lang traktorvei oppover, så myr innover til hytta. Derifrå ei kneik opp til toppen. Møtte eit lokalt par som hadde telte ved vatna der oppe. Turen er godt merka, og stiane lett synlege.

Karte    

Tysvær/Vindafjord: Rossanuten og Strandfjellet

Datum:
02.08.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
9,5km

Dette kan ikkje anbefalast. Anna rute må være bedre. Vanskeleg å finne ei ok parkering, eg lurte meg til ved nokre rundballer. Så er det ein lang og kjedeleg vei til Ende ca 400 moh. Siste biten viser ikkje på kart, og er vel eit ATV-spor. Så startar elendigheten med einerkratt mot Rossanuten. Vidare mot Strandfjellet er det delvis ok men ein bør evt gå nord for det lisje vatnet i skaret. Ellers blir det einerkratt og trasige greier. For ikkje å kødde til dette meir enn nødvendig tok eg samme ruta på retur. Tidsbruken totalt sett er ikkje ille, men dette var ikkje noko høydare. Skal du på Strandfjellet bør ruta fra Stråtveit vurderes. Les JoSo sine erfaringer herifra.

Karte    

Tysvær: Skrubburdnuten og Stølanuten

Datum:
02.08.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
9,6km

Glimrende turområde for små og store. Gode parkeringsmuligheter ved Gurigjerde. Merking og gode stiar i området. Denne rundturen kan anbefalast, det er merka heile ruta.

Karte    

Tysvær: Lammanuten

Datum:
01.08.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
11,1km

Overraskande populær tur. Stor parkeringsplass der ein Vippsar for parkering. Det er og muleg å stå her med bobil over natta og betale 150 for det. Telting er og ok mot kr 150. Vi valgte etter turen å kjøyre mot elva og brua der vi parkerte og overnatta. Fredeleg og fint. Turen går på vei og sti heilt til Lammanuten. Det er lagt ut nokre veldig lange kloppar over myrete område. Totalt sett eit positivt inntrykk og ein fin tur.