Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Flora: Kletten

Datum:
25.06.2019
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:02h
Entfernung:
4,1km

Parkeringsplass/snuplass ved veis ende i Kalsvika. Rimeleg dødt og ikkje folk å sjå. Så er det skogsvei langt innover til ca 140 moh. Eg tok av litt for tidleg, hadde eg gått 20 meter til på veien hadde eg kanskje funne stien som tar av der. Ikkje merka. Stien er grei å følgje, men ikkje veldig nedtrakka. Fulgte denne på returen. Glei og datt på nokre knattar på returen. Fekk det i underarma og hofta. Var både svimmel og kvalm, men kom meg avgarde igjen. Ja det kan like gjerne være på korte turar at ulukka er ute!

Karte    

Flora: Egga

Datum:
25.06.2019
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:36h
Entfernung:
3,2km

Denne ruta hadde eg ikkje våga meg på utan GPS-sporet til agnar. Takk for den! Skogsveien innover var veldig god å kjøyre, og stor parkeringsplass ved veis ende. Her stod det ei hjortekolle og glodde på meg. Ja dette er bukkemark! Leita meg oppgjennom lia, eit par bratte punkt men ikkje noko styggt eller krevande. Berre å bruke god tid og vurdere litt veivalga. Nokre hjortetrakk som eg følgde i korte parti. Fin utsikt frå denne forholdsvis lave toppen. Hissig bruka av GPS på returen. Ikkje noko poeng å prøve andre ruter. Vidare til dagens andre, Kletten 211.

Karte    

Flora: Egga og Dyrebotsnipa

Datum:
24.06.2019
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:13h
Entfernung:
10,4km

Spesielt flott område dette. Grøndalen er ei perle, her startar ruta til Blåbrebu. Det var stor aktivitet med helikopter her. Både private og DNT skulle frakte varer og materialer til fjells. Fulgte ruta mot Blåbrebu eit stykke før eg tok av opp austryggen til Egga. Vidare sørover mot Dyrebotsnipa. Frå skaret og opp litt bratt, så bart fjell med god friksjon og spikarfeste rett til topps. Tilbake i skaret fulgte eg delvise dyretrakk nedover mot Grøndalen igjen. Kryssa fleire bekkar mot venstre for å sleppe å ende opp nede i elvagjelet. Viktig å halde litt høgde og ikkje gå for nære elva her, då blir det problem. Flott tur, vidare til Blåfjell!

Karte    

Flora: Ørnehaugen

Datum:
24.06.2019
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:51h
Entfernung:
2,4km

Eg var ikkje motivert for å ta denne toppen frå aust, noko som blir 5-5,5 km. Parkerte ved elva ved Firda Seafood og sikta meg inn på kneika opp der. Her var det kratt og høgt gras første meterane, men når eg kom opp i skogen ordna det seg rimeleg greitt. Ein del hjortetrakk, litt einerkratt og så var ein forbi det værste. Desidert den kjappaste ruta til denne toppen. Bra utsikt nordover mot Fessevatnet, Plogen, Haukåbøra, Maritind og Saga.

Karte    

Flora: Blåfjell

Datum:
24.06.2019
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:08h
Entfernung:
9,9km

Det er muleg å parkere der skogsveien startar, men ikkje god plass. Marka var nyslått no så våga meg til å parkere der. Eventuelt på vestsida av vegen, men der låg det no mykje rundballar som eg ikkje ville blokkere tilgangen til. Det er skilta turområde, Frishatten, Mårhusdalen. Trur ikkje det er meininga å kjøyre lenger oppover veien. Ved veis ende fulgte eg merking og sti mot Frishatten eit stykke før eg tok av. Møtte ei lokal dame på trimtur. Vi hadde felles bekjendte. Austover langs Skarholfjellet var det ein del parti med sti eller hjortetrakk så det gjekk bra unna. Så gjekk eg inn den tydelege markerte dalen eller botnen. Var ikkje noko tydeleg kvar eg skulle gå så runda rundt og ut på ryggen som visest på GPS-sporet. Det gjekk no, men ikkje anbefalt. Kom etterkvart >>>

Karte    

Vik: Flatafjellet, Kongshaug og Kvitenjuk

Datum:
17.06.2019
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:41h
Entfernung:
15,7km

Det er ikkje muleg å kjøyre med vanleg bil veien frå Åfet mot Kallbakk. Her står det skilt med Kallbakk 4,6 km. Veien er til tider utvaska og steinete. Etter kvart skjønte eg at det var ATV som er vanleg framkostmiddel her i området. Avtalte med Lise og Vinjar å møtest på Vangsnes. Ettersom Flatafjellet var første mål tok eg av frå veien og gjekk mot Slettamo og vidare til toppen i ei bra bein linje. Her er ikkje stiar, den som er innteikna er svak og ikkje lett å følgje. Slettamo er midt i tjukkaste granskauen. Her var det godt vaksen gran til skoggrensa, nokolunde lett å gå i. Ingen markering av toppunktet på Flatafjellet. Vidare mot Kallbakk der eg møtte det klassiske ATV-sporet som minner meg om Finnmark. Det er altså muleg å kjøyre ATV heilt over til Vangsnes. Frå >>>

Karte    

Vik/Aurland: Nonhaugfjellet, Lægdafjellet og furuskogtoppar

Datum:
14.06.2019
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
9:02h
Entfernung:
28,3km

Vi ankom Fresvik torsdag kveld og overnatta på tunet til Øydis og Olav. Planen var å komme seg avgarde tidleg fredag og nytte dagen. Dei andre deltakarane ville komme fredag ettermiddag/kveld. Fredag kjøyrde vil til Skar, knappe 600 moh. Her er det store parkeringsplassar og flott tillaga med benkar og grillhytte ved vatnet. Avtalte med Lise og Vinjar å møtest i Lægdaskaret. Det er veldig godt merka i området, men likavel greidde eg å kødde det til, noko som resulterte i 1,3 km eksta labbing utanfor sti. Skal du finne stien til Jordalsskardet skal du ta av ca 40 meter frå hovudveien og krysse den vesle bekken. Litt lenger framme står det eit skilt på ei fure. Eg gjekk forbi alle hyttene og møtte eit stidele mot Trollgilsholten til høgre og trudde då eg var på rett rute rett >>>

Karte    

Eid: Trollenykjen

Datum:
13.06.2019
Tourcharakter:
Bergtour
Karte    

Lom: Såleggje og Storhøe

Datum:
10.06.2019
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:37h
Entfernung:
15,9km

Det blåste godt på morgonkvisten på Sålell. Vi hadde ikkje så mange alternativ igjen, så dagens tur vart ein litt forsiktig ein før heimreise. Gjekk først mot Såleggje. 2 harar vart observert i dag og. Vidare vestover Raudskyuhøe på ein veldig fin rygg. Tok med oss det som var av lav-pf-toppar sidan Kjetil er motivert for å samle bestigningar. Det vart ein svært lettgått tur. Vinden stilna av etter Såleggje. Fin utsikt frå Storhøi mot Lom. På returen passerte vi 1314-vatnet og kom etterkvart inn i litt kjerr. Det var delvis sti her, men ikkje heilt enkel å følgje. Totalt sett var vi veldig fornøgde med denne turen.

Karte    

Lom: Eisteinhovde og Finnshalspiggen

Datum:
09.06.2019
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
7:30h
Entfernung:
20,9km