Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Surnadal: Austover frå Neverholtnebba

Datum:
13.07.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:39h
Entfernung:
2,2km

Ikkje 100 truleg.....men når eg først er her. Lang grusvei innover Nordmarka. Parkerte ved Glitthaugen og rusla oppover under kraftlinja og til topps.

Karte    

Surnadal: Trollhøtta svært utvida versjon med telt

Datum:
11.07.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
30:04h
Entfernung:
45,4km

Møre og Romsdal pf 100 1139/1161 Har grubla litt på denne runda, med lett overnattingsutstyr. 2 kjempedagar var meldt på yr og det var berre å knalle til. Telt, sovepose, underlag (tilsaman ca 2 kg), gassboks og brennar + litt ekstra mat. Vil tru sekken blir 3,5-4 kg tyngre enn eg vanlegvis går med. Det er til å leve med. Parkerte ved veidele og parkeringsplass på Kvennrotmyran. Heilt ok å starte her sidan eg ville komme ned på austsida av elva. No er det rute til Trollhøtta lenger inne i dalen. Eg ville starte med Brokkelnebba, og då var stien mot Snøfjellet det naturlege valget. Denne stien fann eg bak gjerdet vestafor Mellingsætra. Den er godt merka og enkel å følgje oppover lia. Litt hamrar og orientere seg mellom ned frå Brokkelnebba og Snøfjellet. Det som overraska meg >>>

Nesset/Sunndal: Toppar aust for Eikesdalsvatnet

Datum:
04.07.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
55:54h
Entfernung:
67,0km

Møre og Romsdal pf 100 1129/1161 Desse toppane kan angripast som dagsturar frå forskjellige vinklar og startsted. No har eg med fullt overlegg "sett igjen" desse til eit storprosjekt med telt. Bakdel; litt tyngre sekk. Fordelane er klare; mindre høgdemeter og lengdemeter, triveleg med telt, og ei litt anna tilnærming til heile greia. Låg mykje i telt og fiska før dette toppgreiene tok overhand. 2 krav måtte innfriast. Godt ver og god turkamerat. Meldingane var strålande, og etter å ha pirra Torleiv litt på facen beit han på. Min beste og mest trufaste turkamerat, samt lærarkollega. I tillegg har vi god kjennskap til, og felles interesse i landbruk og sport. Det betyr at praten går lett og ledig rundt eit utall emner. Kom fram til Osbu kraftverk i halvellevetida søndag >>>