Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Eid: Lotsbergstøylen

Datum:
20.01.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Karte    

Eid: Svartegga

Datum:
17.01.2018
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
3:00h

Gjekk heimafrå over Myrane og veien oppover mot Sagetindane. Trakkemaskina hadde vore oppover så det var lett å gå. Tok av på vanleg plass og gjekk over Kinna og til Svartegga frå nord. Fint å gå opp, men elendig skiføre nedover. Stille på toppen og veldig triveleg januarver. Kunne renne veien heilt til Televerkgarasjen på Øvrebøen der Lise plukka meg opp.

Karte    

Sogndal: Reppanipa, Helleberget og Dyrhovden

Datum:
13.01.2018
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:06h
Entfernung:
12,2km

Sogn og Fjordane pf 100 567/1168 Sjeldan lang kjøyring for ein så kort tur. No hadde eg lokka Kroksleiven med Lusaskard i tillegg, men i og med at vi gjekk med plast og telemarkski vart denne etter fleire vurderingar lagt på is. Kom til Resaland/Geirane i 10-tida. Det var vel bortimot pudderalarm i Sogndalsdalen, noko parkeringa ved Togga kunne stadfeste. Her var det alt fleire bilar og storutfart. Vi folkesky særpeisar som ikkje trivast på slike stader kjøyrde lett forbi. Eg ringde på og avtalte parkering, alltid greitt å gjere det. Overraskande nok var det kjøyrt opp med beltemaskiner og snøscooter til Liastølen. Generelt var det mykje av denne slags spor alle plassar. Første stopp og årets første nye topp vart Reppanipa. Stille og fint på toppane. Glei sørvestover og kryssa >>>

Karte