Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Lesja: Grønhøi

Datum:
05.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:00h
Entfernung:
4,5km

Reinheimen pf 100 87/115 Har aldri kjøyrt denne Slådalsvegen før, så det var ei oppleving i seg sjølv. Parkerte omtrent på høgste punkt der vi overnatta. Kald nordavind men sol og fint ver ellers. Fekk tørka dei våte kleda bak i bilen som hadde ligge der sidan Skarfjell-prosjektet. Veldig enkelt og lett å gå mot Grønhøi. Denne toppen har ein viss samleverdi sidan den ligg i Reinheimen pf 100-lista. Møtte 3 stk som var på retur, Lise møtte og ei dame. Så litt besøkt er nok denne toppen. Ikkje rart så lett og fint å gå som det er i dette området.

Karte    

Surnadal: Skarfjellet

Datum:
03.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
7,9km

Møre og Romsdal pf 100 1039/1156 Våt og trasige dag i Surnadal. Vi hadde blinka ut Skarfjellet, og etter å ha studert Stikk-Ut-brosjyra viste det seg å være sti oppver mot ein varde. Lise gjekk først og så bytta vi. Droppa denne varden og gjekk til høgste punktet. Var innom 2 punkt faktisk, ikkje godt å sjå i skodda kva som var høgast. Men 947 er ved den vesle varden, den store varden ligg lenger aust. Grei nok tur for å fylle dagen med eit kvart, men våte vart vi. Vinjar fekk kaste pinnar i elva nede i dalen og sjå Mummitrollet.

Karte    

Rindal/Surnadal: Gardfjellet og Gråhaugen

Datum:
02.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:18h
Entfernung:
8,8km

To toppar rett under 100m-grensa. Greitt å plukke med når ein er i området. Hadde lite info, men satsa på ryggen opp sør for Kvernbekken. Til mi store glede var veret bedre enn frykta, og i tillegg var det sti opp til Gardfjellet. 45 min opp dit i bra driv. Vidare over Inner Slompen og til Gråhaugen. Såg Lise og Vinjar som rusla nede på demninga. I Slumpskaret stod det skilt med nettopp Slumpskaret på. Ein sti førte meg nedover den bratte sida der. Denne mista eg etterkvart og gjekk på måfå mot parkeringa igjen. Utruleg nok gjekk eg meg på ei fuglekasse midt i bukkemarka. Kikka nedi berre ein unge igjen. Svart kvit flugesnappar. Truleg ein ihuga ornitolog som held til i området. Fin og enkel runde over desse 3 toppane. Anbefaler å gå Gardfjellet først sidan stien ned er vanskelegare >>>

Karte    

Surnadal: Sandfjellet

Datum:
01.07.2017
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:45h
Entfernung:
6,2km

Valgte å gå oppigjen denne toppen sidan eg bomma på høgste punkt for 2 år sidan. Då var det frisk vind på toppen og vi enda opp ved bua, boka og 888-toppen. Hugsar eg kasta eit blikk bort på 889, men fellene var alt av skia og med Vinjar i bærmeis var det berre å komme seg utfor kanten og sette telemarksvingar ned til bilen. Lise gjekk turen før meg, det er merka oppover med blå stikker og ein del stein. Følg veien oppover eit stykke mot Sandsetra og ta av til høgre når du ser første blåpinnen. Stien er lett å miste når ein kjem oppover eit stykke. Lett skodde på toppen, men utsikta hadde eg sist gong. Då har eg iallefall vært på Sandfjellet.

Karte    

Rindal: Åsen (pf 100 komplett)

Datum:
01.07.2017
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
1,3km

Møre og Romsdal pf 100 1038/1156 Då er det snart slutt på slike "toppar" i M&R. Trasige greier, greitt å få rydda unna. Mine tankar og medkjensle gjekk til dei som ikkje har anna enn slikt. Fint ver iallefall, det betyr då fluger på denne årstida. Vinjar var overraskande positiv når vi kom opp i skogen, og kasta greiner og kvist rundt seg. Fann toppunktet og returnerte umiddelbart utan noko gratulasjonar eller seremoniar.