Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Sogndal/Leikanger: Lusaskard og Skriki

Datum:
27.04.2013
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
6:20h
Entfernung:
20,3km

Kom frå Sogndal og tok av på Fardal mot Raunehaug 5,0 km. Tildels dårleg veg oppover dalen, men dette skal det bli endring på no. Folket her "vann" kampen om linja Ørskog-Fardal. Er vel dei einaste eg har høyrt om som ser slik på det. Grunnen er at det blir bygd no 5 m brei veg nesten til Slakkafjellet som skal tåle xxx tonn. Frå siste garden såg vi motorvegen ta form oppover fjellsida. Ein svært pratande lokalkar på Valmet fortalde om vegen og fjella i området. Alltid moro å møte slike folk. Planen var rundtur Fjellsete, Lusaskard, Mjellhaugane, Skriki og nedkjøyring frå siste topp til Mannsverk igjen. Kort skibering før vi tok på skia, gjekk med breide telemarkski med tanke på nedfarten. Eigentleg ikkje spesielt tungt og dessutan utruleg mykje kjekkare nedover. >>>

Karte    

Sogndal: Slakkafjellet

Datum:
26.04.2013
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
2:32h
Entfernung:
8,7km

Etter 3 sugande forelesningar om "Den tydelege læraren", "Kvifor gjer Sogn og Fjordane det så godt på nasjonale prøver" og "Matematikkvanskar" var hovudet klart for ein kjapp ettermiddagstur. Møtte Lise (som kom rett frå Stedjeåsen) og kjøyrde til Lereim. Kort skibering opp stølsvegen mot Lereimsstøylen. Frå stølen svinga vi sørover opp nokre bratte kneikar og småkupert til toppen av Slakkafjellet 855. Mykje støy og bråk frå annleggsvirksomhet lenger sør. Den mykje omtala og berre delvis populære kraftlinja frå Ørskog til Fardal skal passere her i lendet. Ellers finfint på toppen, flott utsikt mot gårsdagen fjell og morgondagens fjell Skriki og Lusaskard. Artig nedkjøyring i det kuperte terrenget men angra litt på dei smale telemarkskia >>>

Karte    

Sogndal: Lingesetfjellet og Storehaugfjellet

Datum:
25.04.2013
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
4:07h
Entfernung:
17,6km

Vi starta ved flyplassen i lett skydekke, på Kaupanger regna det når vi passerte så litt usikre på veret. Trakkemaskina hadde nok vore til topps før på dagen og det passa oss fint. 30-40 cm nysnø når vi kom oppover litt. Lengst nede rann det elvar over veien så vi fekk bløyte fellene skikkeleg. Då blir det som kjendt klabbar lenger oppe. Nærmare toppen letta det skikkeleg og vi fekk nydeleg påskestemning i solveggen til det store bygget på toppen. Vurderte ei stund å plukke med Storhaugen 1169 men droppa dette. Skiltet på Storehaugfjellet viser Storhogen 1178. Tok av fellene og rende ned til Lingesetevatnet 784. Etter litt labbing bortover ga vi blaffen i fellene. Vi gjekk vidare til Lingsetfjellet utan feller, med tilløp til klabbing. Seier vel litt om vedlikehald av skisålane >>>

Karte    

Flora: Skaranipa, Skålefjell og Søre Sandvikfjellet

Datum:
21.04.2013
Tourcharakter:
Wanderung
Karte    

Naustdal: Bolteheia + 3 nesten100

Datum:
20.04.2013
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark

Tur 1. Frå Reiakvam i Naustdal. Ein svært dårleg skitur. Kort skibering opp skogsveien før eg kunne ta på skia. Isete og mykje granbar etter skoging i vinter. Berre å peile seg inn mot Skeisknausen, pf ein plass på 90-tallet. Vind og dårleg skiføre. Hadde blikket mot Heilevangsstaurane og Blegja der eg viste folk var på veg oppover. Skyene hang godt nedpå frå 11-1200 meter. Fekk seinare vite at dei ikkje nådde toppen på Blegja men snudde rett etter Heilefjellet. Glei ned i skaret med fellene på. 200 høgdemeter opp til Bolteheia. Dårleg skiterreng, krattskog og bratt. Måtte til med skibering opp nokre hamrar, for spesielt interesserte. Skreiv meg inn i boka på Bolteheia. ca 10 besøk til no i 2013. Fekk nokre svingar nedover til ein møtte granfelta igjen.....skogsveiploging >>>

Eid: Ytre-Åsane

Datum:
18.04.2013
Tourcharakter:
Wanderung
Karte    

Bremanger/Gloppen: Kvannbotnfjellet

Datum:
13.04.2013
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
9:30h
Entfernung:
36,0km

Kroksleiven som bur eit par steinkast frå fergekaia kom akkurat tidsnok til ferga frå Stårheim 0915. Vi ausa utstyret inn i bilen vår, men solbrillene gløymde han. I gjengløymtavdelinga på ferga fann han eit par legendariske briller. Parkerte i Yksneelvane der bomvegen startar. Dvs ikkje betalingsbomveg men stengd veg med bom. Har gjort meg mine tankar om for eit fantastisk område dette hadde vore utan naturinngrepa. Når vi kjem opp på kanten og ser dei nedtappa vatna er det ikkje til å bli glad av nei. Gjekk vidare opp mot punkt 594 og sørover Svedjene aust for Bukkenibba. Lettgått og jamn stigning sørover her. Det kom sigande skyer sørvestfrå, uværet som var meldt dagen etter var i anmarsj. Etter kvart litt vind og, men skyene sprakk opp og vi hadde tidvis flott ver. Tok >>>

Karte    

Eid: Svartegga

Datum:
11.04.2013
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Tourlänge:
2:19h
Entfernung:
8,0km
Karte    

Førde/Balestrand/Sogndal: Sunnfjorbjørnen + fleire andre

Datum:
10.04.2013
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
8:19h
Entfernung:
29,8km

Turrapport skrive av Lise (ligroenb) Ja da var dagen kommet da vi endelig skulle bestige Sunnfjordbjørnen som vi har snakket om en god stund. Kjempegod meldinger og ove og jeg tok en overnatting på hybelen min i Førde for å korte ned kjøringen hjemmefra. Morgenen var kald innerst i Haukedalen og temperaturen lå på rundt 9 minus. Startet fra Grøning på ca 350 m og krysset opp over Breidalen på vestsida av elva. Endel tørr nysnø oppå hardt underlag gjorde kryssingen oppover småskogen noe krevende på fjellski. Det ble etter hvert lettere føre og vi kom oss greit opp på Såta etter hvert. Herfra var det grei skuring opp mot Sunnfjordbjørnen, slak stigning. Litt i underkant av 8 km opp til toppen og vi var greit i rute for resten av dagen. Selve toppen er nå stort sett en rund >>>

Karte    

Eid: Bjørnaholmen, veldig lett over isen

Datum:
09.04.2013
Tourcharakter:
Wanderung
Karte