Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Andere Tour (34)
-
Andere Wintertour (4)
- Schneeschuhtour (4)
- Fahrradtour (11)
-
Fußtour (1976)
- Bergtour (1263)
- Hochtour (1)
- Jogging (5)
- Spaziergang (9)
- Wanderung (609)
-
Klettern (6)
- Alpinklettern (6)
-
Skitour (539)
- Langlauf (4)
- Randonnée/Telemark (363)
- Tourenskilauf (170)
Peakbookfreunde
Lieblingstouren
- Sarek: 12 dagar villmark 2008
- Stryn: Argaste toppen i Nordfjord
- Finnmark: Laksefjordvidda 2009
- Norddal/Rauma: Grønningsæter -> Grønningsæter
- Surnadal: Naustådalen og Neådalen
- Stryn/Luster: Brenibba, Kjenndalskruna og
- Norddal: Aktivitetsveke, dag 3
- Nesset/Sunndal: Toppar aust for Eikesdalsvatnet
- Nesset/Rauma: Hoemtinden, Hauduken og litt til
- Sunndal: Somrungnebber
Lieblingsgipfel
Fræna: Julskartinden og Urdfjellet
- Datum:
- 03.07.2015
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 5:20h
- Entfernung:
- 15,6km
Vi hadde overnatta på turparkeringa i Malmedalen. Omtrent i krysset der veien frå Skaret og veien frå tunellen møtest. Ikkje samme enorme varmen i dag som på gårsdagens tur til Skåla. Overskya og ein del vind fungerte fint. Fulgte merka rute mot Galten, som vi ikkje besøkte. Der er det ein av desse STIKK UT-postane. Gjekk heller mot Julskartinden. Stoppa så vidt her før vi gjekk vidare ned i skaret og hadde lunch. Vidare bratt opp mot Urdfjellet, for det meste på ein sti som snirklar seg oppover sida. På Urdfjellet vart det lang pause og Vinjar herja på med steinar og kravla overalt. Etter nøye kartstudie fann vi ut at vi ikkje ville gå samme veien ned. Det var knappe 7 km + 120 høgdemeter opp på Julskartinden igjen. Vi gjekk heller ned til Malmesetra og veien tilbake til bilen. >>>
Molde: Skåla og Vesleskåla
- Datum:
- 02.07.2015
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 5:43h
- Entfernung:
- 12,5km
Vi overnatta ved gapahuken eit lite stykke før Skålsetra. Forsette den dårlege veien innover, holete og jæklige (Ein skuleelev og ei traktorskuffe med sand hadde gjort mykje bra her på ein dag). Parkerte ved setra i ein enorm varme. Etter gårsdagens kveldstur på Horga var spent på flugesituasjonen oppi lia, det gjekk overraskande bra pga ein del vind over skoggrensa. Etter ei stund møtte vi 4 lettkledde og lettbeinte damer på vei nedover. Det var 3 søstre Øyre Slind + VM-deltakar i sprint Kari Vikhagen Geitnes. Dei hadde vel ein ok dag på jobb vil eg tru. For meg som brukar mykje tid på skisport om vinteren var dette svært. Utan for mykje pes klokka Vinjar og eg inn på 1 time blank til Vesleskåla. Lise hakk i hæl. Vinden kjøla godt heldigvis. Holdt fram til skaret mot Skåla >>>
Molde: Bjørnlihaugen og Horga
- Datum:
- 01.07.2015
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 2:00h
- Entfernung:
- 10,0km
Vi kom frå Maifjellet. Meldingane for morgondagen svært gode, og når vi såg over fjorden mot Skåla bestemde vi oss for denne neste dag. Parkerte og overnatta ved gapahuken eit lite stykke før Skålsetra. 2 kveldsturar på blokka. Den første så enkel som det kan bli. Rusla litt tilbake og tok av på god grusvei til topps på Bjønnalihaugen. Kasse og bok på toppen, mast er der og. Lise og Vinjar var med, tidsbruk ca 1 time. Den andre turen tok eg åleine. Rusla igjen litt tilbake frå gapahuken og tok av ein skogvei oppover. Fulgte denne til 350 moh, før eg tok sats og beina meg igjennom granfelt og bukkemark ca 50 høgdemeter. Etter dette lettgått i åpent skogsterreng oppover mot toppen. Denne toppen var ein kjempeoverraskelse. Veldig flott utsikt mot Molde. Flugene var i storslag. >>>
Molde: Maifjellet og Kloppafjellet
- Datum:
- 01.07.2015
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 4:00h
- Entfernung:
- 14,7km
Vestnes: Åsnakken
- Datum:
- 30.06.2015
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 0:57h
- Entfernung:
- 3,6km
Jølster/Luster/Sogndal: Grensevarden
- Datum:
- 28.06.2015
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 5:05h
- Entfernung:
- 13,8km
Sidan det er vanskeleg å få med folk på skiturar kontakta eg eit sikkert kort, Sunnfjords ivrigaste telemarkkjøyrar Brit Siv Fimland. Ho har 140 toppturar denne sesongen, slett ikkje værst. Ho hadde heldigvis ikkje planar for søndagen, så vi vart eininge om Fonn -> Grensevarden. Avtalen var å møtest på Klakegg og så kjøyre ein bil til Fonn.
Kom oss avgarde frå Fonn ca 0930 i strålande ver. Gjekk etter merking mot Tverrdalen og fulgte sommarråsa mot Gallen. Denne måtte vi gå til 900 moh, men vi blinka oss ut ein spennande nedfart der det såg ut til at vi slapp å ta av skia for vi kom ned i botnen. Det gjekk radig oppover med feitaste plankane i utstyrsboda. Gjekk kortaste tenkelege linje mot Grensevarden, kryssing utan høgdegevinst var ikkje eit tema. Kryssa eit skispor >>>
Eid: Lotsbergnibba
- Datum:
- 26.06.2015
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:30h
- Entfernung:
- 5,3km
Eid: Lotsbergstøylen
- Datum:
- 25.06.2015
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Tourlänge:
- 1:15h
- Entfernung:
- 3,5km
Stryn/Luster: Brenibba, Kjenndalskruna og Bødalsfjellet
- Datum:
- 23.06.2015
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 11:40h
- Entfernung:
- 46,1km
Kven er det muleg å få med på ein spontantur på ein tirsdag, sjølvaste jonsokafta? Kom på eit namn på ein som er litt svak for lange turar til toppar han manglar i samlinga. Om menyen var god nok rekna eg med at han ikkje klarte å takke nei. Ringde til Oppdal og la fram bodskapen. Samtalen forløp omtrent som dette:
"God dag, det er boven. Er du interessert i tur i morgon?
Ei sjelvande stemme svarte: "Jaaaa....Er det nokke spesielt du har tenkt på?"
"Tja kva kan eg friste med....kva med Kjenndalskruna og Bødalsfjellet?"
"Ja, eg skal berre samle saman noke utstyr her so kjeme eg!"
Johan slukte menyen bortimot utan betenkningstid. Møttest på Esso Stryn og kjøyrde ein bil til Bødalsseter. Var framme der seint på kveld. Ein bil stod på parkeringa. >>>


