Rondane dag 3: Diger-Midt-Høg (06.07.2013)
Startpunkt | Dørålseter (1.060m) |
---|---|
Endpunkt | Dørålseter (1.060m) |
Tourcharakter | Bergtour |
Tourlänge | 8h 49min |
Entfernung | 24,8km |
Höhenmeter | 1.750m |
Karte |
![]() |
Besteigungen | Digerronden (2.016m) | 06.07.2013 |
---|---|---|
Digerronden Sørøst (1.860m) | 06.07.2013 | |
Høgronden (2.115m) | 06.07.2013 | |
Midtronden Aust (2.044m) | 06.07.2013 | |
Vest for Midtronden Aust (2.035m) | 06.07.2013 | |
Midtronden Vest (2.060m) | 06.07.2013 | |
Øst for Midtronden Vest (2.057m) | 06.07.2013 |
Denne turen er det vel skrive bra om frå før. Vi fulgte merka rute mot Rondvassbu og tok av mot Salen ca ved punkt 1203. Gjekk først på Digerronden og vidare mot Høgronden som vart siste topp for oss på denne runda. Flott ver og triveleg møte med eit par danskar som gjekk Rondane rundt-ruta på under 24 timar. The Norwegian Manhood Test stod det på vestane deira.
Det som prega oss veldig denne dagen var at vi fann eit lam eit par hundre meter etter at vi tok av frå stien. Høyrde noke bræking som vi ikkje kunne skjønne kva var. Gjekk etter lyden til vi såg frambeina og haudet til eit lam som stakk opp mellom to steinar. Den sikre død om vi ikkje hadde funne det. Det sat bom fast og vi fekk dratt det opp etter beina, i sikkerhet for denne gang. Kor lenge det hadde vært i klemme der er vanskeleg å seie, kanskje eit par dagar? Forma virka ikkje all verden, og det verste var at det virka for å ikkje ha syn. Berre to grå auger. Det var andre sauer i området og vi fekk no lurt lammet på plass i ein flokk. Til slutt gjekk vi vidare etter å ha tatt bilde av øyremerket. Tilbake på Dørålseter snakka vi med innehavaren der og han kontakta eigaren som han kjende godt. Dagen etter var han på plass og med kopi av kartet og markeringa vår gjekk han på leit. Dessverre fann han ikkje lammet. Trasige greier, sannsynlegvis går det inn i statistikken som tapt på beite.
Benutzerkommentare