Sogndal: Slakkafjellet (26.04.2013)


Startpunkt Lereim (200m)
Endpunkt Lereim (200m)
Tourcharakter Randonnée/Telemark
Tourlänge 2h 32min
Entfernung 8,7km
Höhenmeter 675m
Karte
Besteigungen Slakkafjellet (855m) 26.04.2013

Etter 3 sugande forelesningar om "Den tydelege læraren", "Kvifor gjer Sogn og Fjordane det så godt på nasjonale prøver" og "Matematikkvanskar" var hovudet klart for ein kjapp ettermiddagstur. Møtte Lise (som kom rett frå Stedjeåsen) og kjøyrde til Lereim. Kort skibering opp stølsvegen mot Lereimsstøylen. Frå stølen svinga vi sørover opp nokre bratte kneikar og småkupert til toppen av Slakkafjellet 855. Mykje støy og bråk frå annleggsvirksomhet lenger sør. Den mykje omtala og berre delvis populære kraftlinja frå Ørskog til Fardal skal passere her i lendet. Ellers finfint på toppen, flott utsikt mot gårsdagen fjell og morgondagens fjell Skriki og Lusaskard. Artig nedkjøyring i det kuperte terrenget men angra litt på dei smale telemarkskia (Vølkl Norbert Joos). Og slik eg tolka forskarane på seminaret er grunnen til at Sogn og Fjordane gjer det så godt på nasjonale prøver, at vi her har nynorsk om hovudskriftmål. Dette skulle sjølvsagt vore utdjupa men det krevst litt meir enn halvanna time forelesning.

Slakkafjellet 855. Skriki sjåast bak.
Slakkafjellet 855. Skriki sjåast bak.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.