Surnadal: Naustådalen og Neådalen (12.07.2015)  6


Startpunkt Kårvatn (200m)
Endpunkt Kårvatn (200m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 17h 30min
Entfernung 52,5km
Höhenmeter 4.280m
Karte
Besteigungen Revholfjellet (1.042m) 11.07.2015
Salen (1.430m) 11.07.2015
Strankåbotnfjellet (1.373m) 11.07.2015
Tverrbotnfjellet (1.323m) 11.07.2015
Tydalsnebba (1.295m) 11.07.2015
Vestre Tydalsnebba (1.275m) 11.07.2015
Gammelseterfjellet (1.084m) 12.07.2015
Kvannjolfjellet (1.127m) 12.07.2015
Neådalsfjellet (1.141m) 12.07.2015
Skardnebba (1.174m) 12.07.2015
Storslåa (1.000m) 12.07.2015
Tohatten (1.444m) 12.07.2015
Tohatten Østre (1.339m) 12.07.2015
Tverrdalsfjellet (1.279m) 12.07.2015
Besuche anderer PBE Nauståbu (840m) 11.07.2015
Johan går på Tydalsnebba. Mot Snota og Trollhøtta
Johan går på Tydalsnebba. Mot Snota og Trollhøtta

Status Møre og Romsdal pf 100 etter helgas prosjekt: 859/1154

Vi gjekk frå Kårvatn på merka rute mot Trollheimshytta. Tok etter kvart av mot Tydalsnebba. Første topp Revholfjellet, så vest for Revholbotnvatnet og opp til Tydalsnebba. Det vart ein del morro utav dette namnet då Johan ikkje hadde brillene på seg og las Rævholbotnvatnet. Plukka fleire haglepatroner etter ein rypejeger som har vore like tome i knollen som patronene han slengde ut av hagla. Er det vekeleg så vanskeleg å plukke opp desse sjølv? Aust for Tydalsnebba fulgte vi ei laaang snøegg nedover. Aust for Tverrbotnfjellet er det litt bratt ned egga men ikkje vanskeleg. Ellers lett å gå heilt til Salen som vart dagens siste topp. Flott skue i alle retningar, Snota, Neådalssnota, Rognnebba mm. Sidan det har gått aldeles inflasjon i dette traversbegrepet spurde eg Johan om vi skulle kalle dette eit eller anna Naustådalstraversen...Han hadde ikkje følesen av å ha gått ein travers så vi droppa det. Glei lange parti på snøen ned i Naustådalen. Johan skulle plukke ein smultring oppe i sørsida på dalen, eg gjekk til hytta og sjekka forholda. Her var det heldigvis ikkje folk. Hytta er bygd som nødly for å berge liv etter ei dødsulykke i dalen på 60-tallet. Vi hadde avtale med eigaren på Kårvatn om overnatting. Hytta er fin til å søke ly i, eller overnatte om du ikkje er altfor kresen. Har du derimot store planar om romantisk aften med talgaljos, raudevin og påfølgjande sexuelle krumspring er ikkje dette rette plassen. På hytteveggen var det skribla litt av kvart som fekk latterdøra på vidt gap. Etter ein real Real-middag tok vi tidleg kveld.

Dag 2 starta med like vidunderleg ver som gårsdagen. Vi var usikre på kor lenge dette ville halde, og hadde derfor ein meir åpen plan for dagen. Når vi var på Neådalsfjellet var det enno flott så vi ga full gass for full pott. Ruta vart: Kvennjulfjellvatnet utos, Kvennjulfjellet, Øvre Neådalsvatnet utos, Neådalsfjellet, Tverrdalsfjellet, Tohatten, Skardhøa, Gammelseterfjellet, Storslåa og stien langs Neåa til Kårvatn. Denne stien går i brattlendt terreng for å seie det mildt. Dette vart 2 kanondagar i Trollheimen. I det vi svingar ut av parkeringsplassen på Kårvatn kom fyrste regndråpane på ruta.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.