Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (6)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
- Fußtour (400)
-
Skitour (107)
- Langlauf (19)
- Tourenskilauf (74)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Første kommunetopp i 2017: Raudbergnuten
- Datum:
- 30.04.2017
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 5:30h
- Entfernung:
- 22,0km
Rett og slett fantastisk tur i vindstille, skyfritt, kaldt vêr. Smurde med blå ekstra! Køyrde frå Oslo om morgonen. Starta å gå kvista løype frå Breistølen kl 1145. Gjekk til Bjordalsbu der vi sette frå oss litt utstyr og den eine sekken, og etter god rast ute på dekket, gjekk vi sydover og opp til Raudbergnuten. Vi var der i 1800-tida, perfekt skyfritt rundskode i kveldssol. Dei fem km ned til Bjordalsbu var lette! Vi rann nesten i eitt strekk ned til vatnet. Hadde hytta for oss sjølv om kvelden, og vi fyra godt opp, åt lapskaus på boks, og las under kvart vårt pledd. Herleg! Vakna til 10-15 minus, men like klart og stille. Eg gjekk ein liten tur oppom nuten vest for hytta, før vi hadde ein lett retur til Breistølen. 12 km inn til hytta, 10 km tur-retur Raudbergnuten, og greidde >>>
Første på Rust i år
- Datum:
- 02.04.2017
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Entfernung:
- 11,4km
Køyrde til Bøle og gjekk opp i køyrde spor via Hovdestaul. Eg på fjellski, Tom på langrennsski. Rottent utafor spora, lite snø. Rasta på toppen i noko vind. 2 timar og 52 minutt inkludert rast. 469 hm. 11km.
Lifjell på vegen mellom Stathelle og Oslo!
- Datum:
- 26.03.2017
- Tourcharakter:
- Langlauf
- Tourlänge:
- 3:30h
- Entfernung:
- 20,0km
Stressa over at skisesongen er på hell. Greidde skitur i Oslo før 50-årsdag på Stathelle laurdag. På sundag sette eg mannen på bussen, og drog sjølv til Lifjell. Der greidde eg både 20 km på ski og ny topp, Øysteinnatten. Sol, vind og 10 varmegrader på topptermometeret. Bilen viste +15 på Jønnbu. Raudt klister gav feste, men føret var svært trått. Gjekk aleine.
Oppom Kikuttoppen på veg frå Mylla til Movatn
- Datum:
- 18.03.2017
- Tourcharakter:
- Langlauf
- Tourlänge:
- 5:30h
- Entfernung:
- 50,5km
Skibussen til Mylla. Perfekte spor, isklister fungerte flott, vi gjekk Mylla, Trantjern, Ølja, Tverrsjøen, Skarvvatnet, Pershusvatnet, Finnstadtjennet, Aklangen der vi rasta, Katnosa der Finn sa adjø og sette opp farta for å rekkje selskap heime, Sandungen, så over mot Kikut og eit sidesprang opp til Kikuttoppen der eg aldri har vore før. Skuffande at det var så gjengrodd og ikke utsikt, men eg gjekk litt nedover på sudsida slik at eg fekk overblikk, same veg tilbake ned til Kikut (vaffel inne), ned på isen og over til Fortjern, Helgeren, Gørja, Kalvsjøen, der eg tok ein ekstra dune fordi eg skjønte at eg trang ein halv kilometer til for å runde 50 km, Aurtjern, Finntjern og ned til Movatn der Tom plukke meg opp. Finn var altså med dei første 18 km. 5 timar og 31 minutt, 50,5 >>>
Ein av dei siste skiturane i år
- Datum:
- 07.05.2016
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Entfernung:
- 17,0km
Vi starta får Nordseter kl 0815, burde nok ha starta endå tidlegare. Køyrde over til Dokka, og opp Etnedalen til Lenningen. Starta der litt før 1030 i stille blankt ver. Vi sikta oss rett inn på Djuptjernkampen, gjekk over myrane og over isen. Innimellom var det gjennomslag i roten snø, og vi var litt engstelige for korleis snøen kom til å bli utover dagen. Men stort sett gjekk det greitt, og vi gjekk lett og fint opp i trøye og utan hodeplagg. Rasta på toppen i lett vind, og så nedover ganske så forsiktig i lumske skiforhold. Tok ikkje sjansen på å krysse isen, så vi heldt mot aust og gjekk rundt Røssvatnet tilbake til Lenningen. 7,5 km opp og 9,5 km ned. 4 timar inkludert rast. 469 hm opp. Anne og Eirik var med.
Skorve 1. mai 2016
- Datum:
- 01.05.2016
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 4:15h
- Entfernung:
- 18,0km
Etter ærend i Åmotsdal laurdag, overnatta eg på hytta frå laurdag til sundag. tett snødrev og julekort-landskap laurdag, men skiftande skydekke og noko sol sundag. Køyrde til bommen på toppen av Manarosdammen. Bar skia litt, men gjekk på ski for det meste bortover Millionvegen. Tok av etter scooterspor opp mot Stav. Følgde sporet vidare oppover, og på høgda over Bøkretjønn møtte eg scooteren på veg nedatt. Rasta ved Bøkretjønn. Gjekk så til toppen ved masta. Overskya og flatt lys. Nysnøen frå dagen og natta før var ikkje så djup, 5 cm kanskje, men tung og nesten umogleg å svinge i, så det blei ganske pysete nedtur, mykje sikk-sakk! Greitt å ta det litt forsiktig når ein går aleine. 18 km. 870 hm. 4 timar og 15 minutt. Møtte ingen bortsett frå scooteren med to passasjerar.
Draumeforhold og draumetopp
- Datum:
- 16.04.2016
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 8:00h
- Entfernung:
- 30,0km
Hadde eigenleg tenkt meg til Hemsedal, men etter å ha følgd med på yr heile veka, vende vi i staden blikket mot sudvest; mykje vind meldt i Skarvheimen. Utruleg då vi drog i regnver frå Oslo i går, at vi skulle få ein så flott dag frå Røldal skisenter til Kyrkjenuten i dag. Drog frå hytta kl 0810, var i Røldal kl 1000, og på skisenteret noko seinare. Fekk bruke heisen gratis heilt til topps, og derifrå følgde vi spor mot Seljestad til vi tok av då vi kom ned på vatnet. Det var tre utruleg lette kilometer, vi rann ned. Skare under, maks fem cm nysnø oppå, blå voks var heilt rett, vi gjekk på det heile dagen. Etter å ha gått dryge 6 km og klokka var ca 1230 rasta vi i vindstille og steikande sol. Så bar det vidare. Vi heldt høgda eit stykke opp frå vatna vest for oss, >>>
Andre gong på Mælefjell
- Datum:
- 25.03.2016
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Entfernung:
- 20,5km
Med vermelding som tilsa oppklarning, starta vi i overskya gråver frå Natadal ca kl 1015. Torunn og Svein hadde køyrt frå Skien, medan eg kom frå hytta i Langlim. Først lang gåtur der vi bar skia, så fellar på etter Juvet der vegen ikkje var brøytt. Stykket opp til Mælestaul var lengre enn eg hugsa i fjor, men med fellar gjekk det greitt. Så opp Tjønnskardet. Vi følgde skutersporet litt langt ut mot høgre - det ligg ei hytte der ute - men tok oss inn att og kom inn i skaret omtrent ved tregrensa. Det klabba i fellane for oss alle tre, måtte stoppe å skrape. Vel oppe såg vi ned på det to Russtjønnane, heldt til venstre (aust) og fann ein lun rasteplass. Enno ikkje oppklarning, men heller ikkje vind. Den kom seinare! Så opp Rupedalen og vidare opp- og innover til dei to vatna >>>