Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (6)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
- Fußtour (405)
-
Skitour (107)
- Langlauf (19)
- Tourenskilauf (74)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Den siste turen på Tromsraidet var kanskje den beste?
- Datum:
- 25.07.2015
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 9,0km
Etter å ha overnatta på hotell i Finnsnes (deilig etter teltovernattinga natta før), drog vi til Tårnvatn og så til garden Rognli der det var parkeringsplass. Bomvegen kostar kr 40. Raudmerkt stig frå parkeringsplassen. Vi starta kl 1130 i overskya vêr. Turen let seg greitt dele inn i fire etappar. Først ca 400 høgdemeter i svært bratt, men også svært vakker bjørkeli, med nydeleg botnvegetasjon. Der skogen sluttar går fin stig på tvers av lia bort til dalen der stigen går oppover ein bratt lyngbakke. Her gjekk vi inn i skylaget. Bratt oppover på gras/lyngunderlag i 300 høgdemeter til. Og så byrja skylaget å lette! Dei neste 200 høgdemetrane gjekk på greit stein- og snøunderlag og etterkvart i nydeleg solskin. Vi kom opp på svart tundramark på ein måte. Svar mose og >>>
Andre på Senja i gråvêr
- Datum:
- 24.07.2015
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 8,4km
Etter å ha vakna på teltplassen ved Sifjorden i grått vêr med tendensar til regn, køyrde vi til Kaperdalen og starta på turen i bakken nedover frå toppen. Vi skulle ha køyrt litt lengre ned og starta på blåmerkt stig til høgre for elva som kjem ned frå fjellet i aust. MEn vi kom inn på den merkte løypa litt lengre opp. Vi gjekk inn i tåke etterkvart, og hadde dessverre null sikt frå ca 500 høgdemeter. Veldig greitt å gå, litt snø, ikkje plagsam ut, men grei steingrunn og lyngbakkar lengre nede. Kom opp til toppvarden der det også var nokre buer, og gjekk søraustover for å gps-åeile oss fram til rett punkt for kommunetoppen. Inga markering nedi bakken der, så vi bygde ein liten varde. Så gjekk vi ganske kjapt nedatt etter litt sjokolade og drikke. Fin tur, korkje altfor >>>
Endå ein supertur
- Datum:
- 23.07.2015
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 6:00h
- Entfernung:
- 7,7km
Ein ny heilt fabelaktig tur. Ferge frå Tromsø til Botnhamn på Senja, så nasjonal turistveg sørover, og stopp ved inngangen til Ånderdalen nasjonalpark. Vi starta frå den nordlege tunnelopningen til Sifjordskartunnelen, og gjekk rett opp til Innerskardet. Vi starta ca 1630 i strålande ettermiddagssol og vindstille. Det vêret heldt seg heile turen. Vi gjekk rett opp den vestvendte fjellsida og prøvde å følgje grasrennene og sleppe unna urdene. Ved ca 700 høgdemeter vende vi mot sørøaust og følgde skråninga slakt oppover. Ein del ur etterkvart. På ca 900 hm rasta vi. Vi følgde toppen mot søraust til vi kom til obelisken som markerer starten på kløfta ein må ned og oppatt med litt klyving. Her sette eg stavane på sekken før eg byrja på det strekket. Det gjekk greitt, vi >>>
Draumetur til kremtopp
- Datum:
- 21.07.2015
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 7:00h
- Entfernung:
- 13,3km
Trur nesten aldri at eg har gått så fin topptur. Etter overnatting i Skjervøy, starta vi ved traktorvegen rett etter brua frå Kågen til Skjervøy. Følgde t-merkt rute opp til ca 400 moh. Der gjekk vi inn i skylaget over oss. Kom oss over den store kampesteinsmorena nedst i botnen under tinden, og så opp på to store snøfelt, og var heldige etter kvart som fann att vardane. Runda skrått oppover i ura, og ved den første snørenna mista vi ruta og endte med å miste vardane. Vi valde ei rute for høgt opp, men kryssa greitt fleire snørenner og byrja å gå oppover. Og plutseleg var vi gjennom skylaget og såg ned på eit kvitt hav av skyer, men med Lyngsalpane og vår eigen topp svevande over. Himmelsk! Så fann vi heldigvis att dei raude vardane også, og heldt fram oppover ura. Høgdmetrane >>>
For spesielt interesserte!
- Datum:
- 19.07.2015
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 11:00h
- Entfernung:
- 27,3km
Litt småstøle etter Ràisaduottarhàldi dagen før, starta vi å gå i Skardalen kl 1100 sundag føremiddag. Vi hadde sett på den mykje stuttare ruta til 500fjell og samanlikna med den inn Skardalen som dei fleste har gått, men med all snøen frå dagen før friskt i minnet, valde vi å følgje fden flotte stigen inn dalen, forbi ei gammetuft, den nedlagte Brattefjell koppargruve og inn til gammen midt i dalen. Dit målte vi 5 km. Der rasta vi og møtte ein lokalkjend kar, Magnar, som hadde dette som sin faste tur. Han hadde vore på Isfjellet fleire gonger, og kalte det ein lang tur, det var det! Inn dalen til den store fossen som kjem frå vatnet Bievlajàvri. Her følgde vi stig til venstre for fossen, svært bratt, men tørr lyngli, vi vann vel eit par hundre høgdemeter opp der. Då >>>
Nordreisa andre kommune i Troms
- Datum:
- 18.07.2015
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 5:30h
- Entfernung:
- 13,0km
Vekkarklokka på 0540, fly til Tromsø, leigebil og med den var Anne, Eirik og eg på veg mot Kåfjord ca kl 1300 etter litt proviantering mm. Vi køyrde fjorden inn og så opp dalen forbi den gamle industriplassen Ankerlia (etter entrepenøren Christian Anker frå Halden!), forbi det spektaulære juvet med bru Gorsabrua (som vi besøkte i dag 20.7) og inn forbi det regulerte vatnet Guolasjàvri til demningen der vegen sluttar. Overraskande mykje trafikk på vegen, flest finskregistrerte bilar. Vi starta å gå ca kl 1630, og gjekk opp i strålande ettermiddags- etterkvart kveldssol. Vi gjekk rett på Ráisduottarhàldi først og rasta der. Mykje ur og stein og ganske mykje snø då vi nærma oss toppen. God sikt i alle retningar. Så gjekk vi tvers over og bort til Halti, den finske grensevarden. >>>
Furufjellet
- Datum:
- 14.07.2015
- Tourcharakter:
- Bergtour
Gløymde å registrere denne vesle "faste" hytteturen min. Hadde ei veke aleine på hytta tidleg i juli i år, som eg hadde tenkt å bruke til nokre turar i Aust-Agder evt Ryfylke, men eg drog ingen stader, og gjekk berre ein einaste ordentleg tur fordi hunden blei sjuk, og eg var aleine med han. På denne turen gjekk eg rett og slett frå hunden heime på hytta, der han hadde kome seg nokolunde til hektene etter å ha vore dehydrert og elendig nokre dagar før. Fint vêr og koseleg følgje med bror, svigerinne og deira tvillingar på 16.
Busstur til Askøy
- Datum:
- 20.06.2015
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 5,4km
Supernøgd med dette opplegget: skal på jobboppdrag her i Bergen i morgon tidleg, tok difor eit tidleg fly i dag, kopla meg på ei venninne som har budd her dei siste par åra, men som aldri hadde vore på Askøy. Tok buss nr 484 eller 485 til Steinrusten, men hadde greidd å engasjere fremre del av bussen med venlegsinna innfødde såpss, at sjåføren tok ein ekstra sving etter siste stopp for å setje oss av nett der stigen tok av sørover mot Kolbeinsvarden. Snakk om sørvis! Vi gjekk på t-merkt stig med treklopper over våte parti, og trapper i dei bratte partia opp til toppunktet. Stille og sol og utsyn i alle retningar. Supert! God besøkt topp dette, 20-30 hadde skrive seg inn i boka før oss i dag, og medan vi rasta kom det fire-fem til, to av dei joggande. Vi heldt fram sørover, >>>
To til i Hedmark
- Datum:
- 14.06.2015
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 2:19h
- Entfernung:
- 9,0km
Det byrjar å bli lange dagsturar frå Oslo no når eg er er ferdig med nabofylka. Men turen til Nord-Odal vr vel overkomeleg. Vi køyrde til Eidsvoll, så fordbi Gullveret til Sand i Nord-Odal, og så nordover mot Knappet, og vidare rett fram på grusveg der asfalten var slutt. Alle sidevegar hadde vegskilt, og vi tok av riktig heile vegen heilt fram til der vegen slutta ved Gjellbekksetra. Der måtte vi snu på snuplassen og køyr eit par hundre meter tilbake før vi byrja å gå godt merkt stig til Årkjølen. Fin veg, mange ganske våte myrar, stort sett sol og litt vind, og ikkje heilt sommar. Biltermometeret viste 14 varmegrader, og litt ladare blei det kansje oppover. Tårnet var flott med mykje eksplisitt skilting, på tårnet stor der til dømes eit skilt "Tårnet" og på >>>