Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (6)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
- Fußtour (400)
-
Skitour (107)
- Langlauf (19)
- Tourenskilauf (74)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Reprise på Øyungskollen
- Datum:
- 26.05.2016
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Entfernung:
- 7,5km
Inspirert av den flotte turen førre veka gjentok vi turen ein fin kveld etter jobb. Vi tok av litt høgare oppe på vegen mot Øyungen, austre side av elva. Vi gjekk i terrenget. Midt inne i skogen under eit bratt heng sat ein o-løpar og drakk te. Vel oppe plukka vi rasteplass på ein av fleire nydelege Berg med vidt utsyn mot vest. Vi hadde med oss middagen, og hadde ein knapp time der i kveldssola. Heile toppen er naturreservat, og vårvegetasjonen var verkeleg eventyrleg. Denne gongen gjekk vi nordover og over toppen og ned til austre stranda av Øyungen. Marit, Tom og Uncas var med. 2 timar og 18 minutt. 7,5 km. 270 hm.
Første gong på Øyungskollen
- Datum:
- 16.05.2016
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Entfernung:
- 7,0km
Deilig vêr dagen før 17. mai, og på veg til Øyungen, tok vi av på ein stig vi ikkje hadde gått før, og etter ca 3 km kom vi opp på Øyungskollen. Ei perle av ein topp som vi slett ikkje har registret før, sjølv om vi både på ski og føtter er godt kjende i traktene nedanfor. Nydeleg dag rett og slett. Ein litt annleis veg ned, vi kom ned høgareboppebpå vegen mot Øyungen. Tok vegen på vestsida av elva nedatt. Ca 7 km. 270 hm. Tom og Uncas var med.
Minneverdig kveld på Sotra
- Datum:
- 10.05.2016
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 3:30h
- Entfernung:
- 10,0km
I Bergen på jobb, men ein heil blank ettermiddag og kveld ledig. Glad for at eg sende Knut ei melding på peakbook, for vips hadde eg middagsinvitasjon, sjåfør og skyss og turfølge på plass. Og vêret! Blikkstille og over 20 grader. Byrja med Førdesveten frå aust. Køyrde til Førdespollen og følgde skilt til høgre mot Førde. Derifrå var det godt merkt stig, og heller og steintrinn lagt ut slik at vi gjekk tørrskodde heilt opp. Møtte ein annan turgåar. Super utsikt og vakker kveldssol. Snøfjell i aust og havet som spegl mot vest. Var også bortom flyvraket, før vi gjekk ned i vårkvelden. 4,75 km, 1 t og 44 min, 285 hm.
Køyrde så nordover til parkeringa ved Fjell festning. Gjekk asfaltveg i eit kvarter før bratt stig mot toppen. Her var det mykje folk, og fleire av dei dreiv >>>
Vårkveld til Lauvhøgda
- Datum:
- 06.05.2016
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Tourlänge:
- 0:33h
- Entfernung:
- 3,2km
På veg til Nordseter stoppa Uncas og eg for å ta kommunetoppen vest for Raufoss. Vi køyrde mot Skjellerud, tok av grusvegen til venstre mot Granum og parkerte ved den opne bommen. Vakker vårkveld, med fossande bekkar og fuglesang og ganske så varmt. Ved neste vegkryss var vegen snødekt, men det var trakka stig og det gjekk greitt med joggesko i Goretex. Opp i tårnet med utsyn heilt rundt til kvite fjell. Rett og slett underskjønt utsyn i klar vårkveld. Ein ser at det har snødd mykje i det siste! Så same vegen tilbake.3,16 km, 56. minutt inkludert tårnpausen. Uncas var med.
Lang biltur for lite
- Datum:
- 01.11.2015
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 1:45h
- Entfernung:
- 5,0km
Etter fest dagen før og altfor sein start, kom Marit og eg fram til bommen ved Furubekken kl 1430. Vi hadde køyrt om Flisa og kom nordfra ned Finnskogvegen og tok av der det stod Furuberget. Følgde aask si beskriving, men gjekk nedturen hans opp, og ned omtrent same vegen. Veldig grei liten tur, sjølve toppunktet stod markert med eit norsk flagg i ein einerbusk(kommunetopp nr 22/428 hadde eit par skrive på flaggstanga). Men grensevardepunktet og grensegata og utsynet var fabelaktig. Vi åt niste, skreiv oss inn i boka, og fekk nydeleg kveldshimmel med solnedgang på veg ned. Det var i grunne grått vêr heilt til sola vippa ned bak horisonten. Flott himmel, men duskmørkt i skogen då vi nådde bilen. Så Grue sin topp blei det ingenting av, for hovudlykter hadde vi ikkje med oss. Batteriet >>>
Sommardag i Rondane
- Datum:
- 15.08.2015
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 8:00h
- Entfernung:
- 15,3km
Så flott å få ein slik sommerdag i fjellet no på tampen! Vi drog frå Oslo etter jobb fredag, og etter å ha levert Uncas hos broren min. Kom til Spranget og parkerte der kl 2215. Med kvit høg himmel, gul i vest og stjerner i nord sykla vi inn til Rondvassbu. Fekk fire sengeplassar og sovna kvikt. Starta kl 1015, gjekk greitt opp til bandet mellom Storronden og Vinjeronden, drikkepause der. Så bratt opp til Vinjeronden og matpause der. Hadde gått vel 2 timar då. Noko vind, men ikkje plagsamt, og sol og varmt. Så var to av oss oppom Vinjeronden nord før vi fortsatte opp til Rondeslottet. Jamnt med folk - også på toppen. Ikkje ei sky og utsyn til alle kantar. Vi gjekk litt nordover for å sjå på terrenget, og det ER bratt. Så gjekk vi i stendig varmare vêr ned til bandet att, >>>
Reinshornheii i vind og sol
- Datum:
- 08.08.2015
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 9:30h
- Entfernung:
- 22,5km
Etter Roan i går overnatta vi i Valle, og starta frå parkeringa ved Suleskardvegen kl 0930. Uventa grått ver, yr varsla stor gul sol, men vi starta i yr og regnklede. Øyuvsbu, dnt-løypa forbi Øyuvsvatnet, søyle og myrar, så til Sandvatnet, Sveinstjønni og så Vidalega. Etter stigen forbi Øyuvsvatnet er løypa fin, godt merkt og variert trase med flotte bekkar, to litt større elvar som det var litt spennande å krysse. Nydelegaste parti var vel rundt Sveinsvatnet og særleg stølen på nedre Vidalega. Vi valde å følgje dnt-traseen eit lite stykke oppover, og heldt så mot aust ut av sporet. Vi skulle nok ha tatt av lengre nede, for vi endte opp mellom vatna 1062 og det andre mot nordvest. Derifrå kom vi greitt opp til toppen frå sør. Gjekk rett ned i Videdalen nedatt, på sørsida >>>