Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (6)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
- Fußtour (400)
-
Skitour (107)
- Langlauf (19)
- Tourenskilauf (74)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Ny kremtur
- Datum:
- 21.07.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 4:00h
- Entfernung:
- 12,0km
Fjerde etappe på veg til Mo i Rana. Hadde overnatta i Harran, og vakna til rekordvarme. 25 grader då eg gjekk frå bilen øvst i Steinådalen. Der heldt eit arbeidslag på med å byrje fundament for nye høgspentmaster - trur eg. Veksla nokre ord med dei før eg la i veg opp lia til venstre for Teltvatnet. Rett nok var det varmt, men ein god vind gjorde dagen fullkomen. Ikkje eit insekt! Eg skar rett opp lia og kom ganske raskt inn på tørr bergrygg. Men før det sprang ein nydeleg brun hare opp, og forsvann framfor meg. Så sterkt å oppleve dyreliv! Følgde bergryggen heilt opp til den vesle toppen med varde. Derifra heldt eg høgda i ein boge, og kom rett på dei to små tjønnane under toppen. Lurte litt på trasé opp, men gjekk til høgre for snørenna og til venstre for det våte >>>
På sparket til Elgshøgda
- Datum:
- 20.07.2016
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Tourlänge:
- 1:30h
- Entfernung:
- 5,0km
Overnatta etter gårsdagens kraftanstrenging på Halland camping. Rimeleg og bra! Bråbestemte meg i dag tidleg og snudde mot Berkåk i staden for å halde fram til Trondheim (målet med turneen er altså Mo i Rana i morgon torsdag). Køyrde ned vakre Rennebu for første gong, greidde sjølvsagt å køyre feil etter Løkken, eg køyrde heilt til Svorkvatnet før eg tok meg innatt. Og ved Solsjøen greidde eg heller ikkje å finne rett veg, der eg sat og brukte nettet i bilen. Køyrde bomvegen mot hyttefeltet Søton utan å betale (har jo ikkje myntar i lommebok lenger) og parkerte der vegen sluttar. Utan kart Busha eg på retningssansen oppover, og gjekk rett på hytta i sørenden av den store myra og så rett opp. Brukte 41 minutt. Toppen var fin, masse moltekart over heile topplatået. Nedover >>>
Draumetur til Brannheiklumpen
- Datum:
- 20.07.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:47h
- Entfernung:
- 8,0km
Rett og slett fabelaktig tur. På veg nordover hadde eg tenkt å ta ein ettermiddagstur etter den vesle føremiddagsturen i Skaun. Men avstanden frå Steinkjer var lenger enn eg trudde, første eit langt stykke langs Snåsavatnet på rv 763. Så vegen mot Imsdalen, og så grusvegen sørover att inn Roktdalen. Bomavgifta var kr 120, heldigvis betalbar PR telefon. Mange stikkvegar innover, heldt kursen mot Holsingsetra etter å ha lese Sola19 sin rapport ( her hadde eg altså budd meg med kartutskrift og turbeskrivingar). 3 km rett fram frå krysset der det står Holsingsetra til venstre fann eg på høgre hand den raude hytta som er Brannheibua. Fann også stigen som startar bak hytta. Gjekk forbi tuftene etter Brannheisetra, og kosta på oppover. Biltermometeret viste 21 grader då eg starta >>>
Lang dag i Alvdal vestfjell
- Datum:
- 19.07.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 8:15h
- Entfernung:
- 25,0km
I går sykla eg inn til Breisjøsetra frå parkeringa nedafor Sjølisetra. Merk at vegen oppover ikkje er den rett ved parkeringa, men den eit par hundre meter før plassen (med bom). Dårleg merking, eg starta feil på same måte som andre eg møtte på hytta. Slitsame tre kilometer oppover på dårleg underlag, eg trilla sykkelen for ein del. Så 7 km med fallende tendens, men laber fart pga dårleg vegstandard. Rakk ein dusj før middag kl 1800. La meg tidleg og vakna tidleg. Værmeldinga var litt halvvegs, og sidan Sølnkletten låg i morgensol med skarpe konturar, bestemte eg meg for å nytte dagen, og drog i veg kl 0700. Ein bolle frå i går, og ein solo og kvikklunsj frå resepsjonen raspa eg med meg. Aggregatet var enno ikkje starta, og frukost var det ikkje før 0830. Starta i sol >>>
Tåråfjellet
- Datum:
- 17.07.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:30h
- Entfernung:
- 7,8km
Køyrde frå hytta kl 1100, og tok vegen Seljord - Bø. Tok av mot Sommarland og Notodden. Rett etter Vatnarvatnet, tok vi opp til høgre mot Brennekåsa. Spurde om vi fekk parkere i utkanten av tunet, og det var greitt. Følgde litt gjengrodd traktorvei bratt opp til der ein krysser bekken mot nord. Derifrå var det stig til setra Hankvarstulen. Litt trist å sjå alle desse setrene som gror att og fell ned. Her stod det eit sel, og ruinane etter fjos. Herifra gjekk vi på GPS i retning den merkte stigen som vi etter kartet skulle kome innpå verst for Sandvatn. Det gjorde vi ikkje, den er feilmerkt på n50, for den går faktisk heilt nede i strandkanten. Vi kryssa myrdraget som skiller Tåråfjellet frå nuten vest for Sandvatnet. Så klatra vi oppover, og rett under toppen kom vi endeleg >>>
Eventyrleg tur
- Datum:
- 30.06.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 7:42h
- Entfernung:
- 20,0km
Ferieturen går til Russland via Kirkenes. Difor starta Marit og ein dag tidlegare, leigde bil på Høybuktmoen og køyrde til Bugøynes. Mange ting litt uplanlagde: gløymd å ta kartutskrift, ikkje matbutikk eller bensinstasjon mellom flyplassen og Maribukt. Difor køyrde vi til Bugøynes og bunkra skikkeleg, og det var lurt, for då vi til slutt kom til Neiden fjellstue for å overnatte, var det ikkje mat og drikke å få kjøpt der (alt stenger kl 1900). Vi parkerte før ei lita bru med betonggjerde i Maribukt, følgde ein stig forbi hytter og ein liten dam med plastsvane, stigane gjekk jo stort sett til hytter, men det ER ein stig som går opp langs elva, først på høgre, så på venstre side. Ved Marivatn gjekk vi venstresida langs stigen innover, og så opp til neste vatn. Der var >>>
Flotte sva i Roholtfjellet
- Datum:
- 11.06.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 6:30h
- Entfernung:
- 17,0km
Køyrde frå hytta til Heia og byrja å gå vestover kl 1200. Sol i starten, meir skya etter kvart, men opplett og god temperatur. Rast første gong på austre toppen, prøvde å følgje stig vestover langstoppeggen, men skjønte at det blei for bratt å kom oss ned, så vi snudde og gjekk ned same vegen vi hadde kome opp. To tau var lagde ut for å hjelpe på klyvinga. Litt vrient for hunden! Så gjekk vi langs austre toppen på sørsida, kryssa ved nokre små pyttar som låg som basseng ute på svaberga. Lekkert! Oppe på høgda under vestre toppen gjekk eg frå hund og turfølge for å ta toppen i raske kliv. 9 minutt opp utan sekk og hund. Same vegen tilbake. Dramatisk og sjeldent terreng. Litt Ronja Røvardotter-vibbar! Møtte 15 personar fordelte på 5 følge. Såg ein hoggorm. 17 km, >>>
Muen i knallver
- Datum:
- 05.06.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:00h
- Entfernung:
- 9,1km
Etter møte i Oppdal hadde eg tenkt å få med meg ein større større topp i dag på veg tilbake til Oslo. Vêret var utruleg, ikkje ei sky, og så å seie vindstille. Eg hadde landa på Gravskardhøgda, men fann ingen stad å kjøpe meg mat, så torde ikkje starte på tom mage. Dermed blei det Muen i staden. Gjekk opp på 46 minutt, og sat vel like lenge der oppe. Og så 30 minutt nedatt. 5,6 km, 372 hm. Gjekk aleine.
Stutt tur opna jo opp for ein tur til, og det blei Ringsrudåsen i Gjøvik. Veldig lang biltur inn Snertingdalen, tok av opp Sprænbekkvegen, og etter å ha parkert inst i Finndalen, var det ein fin liten tur opp til Ringsrudsetra, der ein flokk spelsau kom springande ut frå under det gamle fjøset for å helse på. Følgde Knut Sverre sitt GPS-spor, fann både Gjøvik-toppen >>>
Sommarkveld i Oslomarka
- Datum:
- 31.05.2016
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 4:30h
- Entfernung:
- 10,0km
For ein vakker kveld det har vore i dag! Sykla heim og laga niste, pakka sekk og heiv hunden og alt i bilen. Køyrde til Maridalen skole, der eg parkerte ved bommen på venstre hand før ein kjem til skolen. Starta kl 1700. Mange stigar å velje mellom mot Fagervann. Tok eit drag lengst mot vest, men mista den stigen etter kvart, så eg gjekk i terrenget til eg kom inn på ein kraftigere stig eit stykke lengre opp. Ganske dryg stigning opp til Fagervann i grunnen. Målte 3,6 km og trur det må vere ca 250-300 hm. Vel oppe bada eg ved hytta (som ein kjenning av vener eig), og så smakte det godt med niste og avis og te! Sat på brygga og koste meg kanskje ein time før eg gjekk vidare rundt vatnet, og byrja å leite etter Stutehaugen. Hadde ikkje med kart, og gjekk difor først feil, hadde >>>
Bøte på dårleg samvit
- Datum:
- 29.05.2016
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Entfernung:
- 3,0km
For eit par år sida - gjekk eg aleine på ski til Svarttjernshøgda. Snudde ved ei tavle der skispora før meg snudde, men då eg kom heim, skjønte eg at eg ikkje hadde vore heilt oppe på toppen, for eg hadde ikkje sett noko tårn! I dag blei Tom og Uncas med til Jevnaker. Betalte for bomvegen, køyrde til Tverrsjøstallen, og så vidare til Ølja, stader der eg er godt kjend om vinteren, men første gong på barmark i dag. Følgde blåmerkt stig heilt opp. Vått i stigen og småregn heile vegen opp og ned. Møtte ei sprek dame på toppen då vi vi kom ned frå tårnet, men merk at ho IKKJE var toppsamlar! Dessverre ikkje utsyn i dag. 3 km, 1 time og 201 hm. Tom og Uncas var med.