Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (6)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
- Fußtour (400)
-
Skitour (107)
- Langlauf (19)
- Tourenskilauf (74)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Sandvassheia med litt klabb og babb
- Datum:
- 11.08.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:42h
- Entfernung:
- 6,8km
Etter overnatting i Malm køyrde vi til demningen i Holden der vi hadde tenkt å starte. Så mykje vatn blei sluppe over magasinkanten at vi ikkje greidde å krysse elva unde demningen. Plan B blei å køyre 500 meter nedover og ta skogsvegen til høgre der det stod markert bru. Vi parkerte oppe i bakken og gjekk ned vegen som endte i store vassmasser. Umogleg å krysse! Etter ein kjapp titt på kartet, køyrde vi difor rundt Follavatnet til vatnet Kjåppån, der vi tok ein skogsveg inn til høgre (den same som endte i vassmassene som vi snudde ved litt tidlegare). Gjekk setervei/stig til Midtersetra (?), og derifrå busha vi rett opp dei bratte myrliene til vi kom opp på fjellet og kunne styre mot varden. Heilt grei trase. Vi brukte 1 time og 9 minutt. Eirik snudde, for han ville løpe tilbake >>>
Storheia i grått mildvær
- Datum:
- 10.08.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 4:00h
- Entfernung:
- 10,7km
Etter overnatting på Nordmelan gårdshotell, vakna vi til ein grå dag og overfylte elvar. Det hadde regna hardt heile natta, og vi var budde på våt tur! Men temperaturen var grei, 16-17 grader. Køyrde bomvegen (25 kr på vipps) frå Kverneland. Parkerte inngjerda (mot kyr) over brua som kryssa den flomdigre Austvasselva. Turen blei våt, vi gav opp å halde fottøyet tørt etter 15 minutt. På Austvassgården snakka vi med hyggjelege folk som hadde overnatta der i natt. Så bar det vidare innover i klissvåte myrar og stigar som likna søylebekkar. Men stigen var godt merkt, og vi var takksame for skiltet ned «Bru», for utan bru måtta vi ha vassa i dag. Så gjennom litt bjørkeskog før det bar bratt opp til toppen, der tok vi kanskje 250 hm i eitt jafs. På toppen bles det hardt, men >>>
Seksortklumpen via vindparken
- Datum:
- 09.08.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:40h
- Entfernung:
- 15,5km
Etter regn om natta og løfte om meir regn utover dagen bestemte Anne og eg oss for å gå tørrskodd gjennom vindparken i staden for å gå kortare i terrenget. Vi hadde bestemt oss for å haike innover om vi fekk sjansen, og det fekk vi! Straks etter bommen kom ein kar som skulle opp til Sørvisbygget, og han let oss sitje på pickup-planet! Der sparte vi inn 2 km, mange høgdemeter og minst ein halvtime! Turen inn til toppen gjekk greitt i grått opphaldsvær. Vi rasta på toppen og så starta småregnet på vegen tilbake. Stort å møte tre reinsdyr ganske raskt etter å ha begynt på heimvegen. Det passa fint i dette kontroversielle kraftlandskapet, der høgsterett no har slått fast at anlegget bryt med samerettane. Alltid stort å møte reinsdyr, og desse fekk vi tatt ein god titt på. >>>
Kjerringklumpen i flott vær
- Datum:
- 08.08.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:29h
- Entfernung:
- 7,4km
Denne turen burde vi kanskje gått før, men når det no endeleg blei Leksviks tur, var forholda ganske perfekte. Etter fint besøk på museet Kystens arv i Stadsbygd, køyrde vi av ved Sæter, og inn til Reveltun. Der følgde vi tipset frå Knut Sverre og køyrde heilt inn til stigdelet ved Hindremselva. Starta å gå den bratte traktorveien opp til skiltet med «Kjerringklumpen», kryssa elva/bekken med litt mykje vatn til at det var heilt uproblematisk. Så opp veldig bratt li til vi kom opp i opent lende, derifrå heldt vi jamnt oppover i berg- og myrterreng. Ned i Helvetesgjuvet og bratt opp til toppen derifrå. Veldig fin temperatur og vær. Sikten var perfekt og Trondheimsfjorden låg som ein spegel. Det som trakk ned (det er jo alltid noko), var veldig vått terreng og søylute stig. >>>
Moltetur om Furufjell
- Datum:
- 04.08.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 5:14h
- Entfernung:
- 5,7km
Gjekk raskaste veg opp. Plukka sjølve topplatået reint, og arbeidde neg over rantane og ned på austsida. Rasta borte ved det faste støte mitt i renna på frå Tjønnflyet. Så Kattedokki og om Furufjellmyra før eg gjekk nedatt. 5 t og 14 min, 5,7 km, 368 hm. Gjekk aleine og hadde med neg 4,2 l molter.
Sveigefjell om Ljosånuten
- Datum:
- 30.07.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:32h
- Entfernung:
- 6,2km
Rust
- Datum:
- 29.07.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:44h
- Entfernung:
- 6,0km
Rask tur opp, to liter molter og dermed sein tur ned. Anniken var med. 6 km, 504 hm, 2 t 44 min.
Furufjell
- Datum:
- 27.07.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:52h
- Entfernung:
- 4,7km
Rask ettermiddagstur. Med Benjamin. 4,7 km, 1 t 52 min, 332 hm
Halvfarsnibba i regn
- Datum:
- 25.07.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:53h
- Entfernung:
- 4,8km
Dette med namnet først. Halvfarsnibba står på kartet og er kjent lokalt. Alvanibba er listenamnet som eg no registrerte.
Køyrde til Lonstaul og tok vegen mot Kvambekk. Stoppa der det er eit vad over elva og kom meg over til Øvstestaul. Gjekk traktorveien så langt den gjekk. Oppe ved den store Myra står det ei stor furu, eg tok til venstre og kryssa bekken der. Drog så opp i terrenget til toppen. Der var det kasse med bok og liten varde. Registrerte meg etter sistemann som var her 29.6, elles mest vinterregistreringar. Gjekk rundt toppen og ned mot søraust. Der gjekk det spor av stig, som eg følgde i grove trekk tilbake til den store furua. Møtte ingen sjølvsagt. Dei nye goretex-støvlane blei gjennomvåte, det var resten av meg også. 4,8 km, 326 hm, 1 time og 55.
Rust før frukost
- Datum:
- 24.07.2022
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:27h
- Entfernung:
- 5,6km
Vermeldinga var fin for starten av dagen, så vi avtalte med Erling og Anniken at vi smurde frukostpakke og ville starte kl 0900. Vi gjekk på tid, og eg sakka bak i forhold til dei tre. Var oppe på 48 minutt. I fjor gjekk eg fleire turar på mellom 41 og 46, så slik sett var jo ikkje det så bra, men eg kunne nok pressa enda litt. Får ta nokre repetisjonar gjennom sommaren. Gjekk ned til Svartetjønn der Kari og venninne hadde lege i telt og spiste frukost der. Så nedatt. 2 timar og 25 minutt, 487 hm, 5,6 km. Erling, Anniken og Tom var med.