Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Hemnafjellet, andre tur for dagen

Datum:
06.07.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:44h
Entfernung:
14,3km

Etter å ha gjort unna Beingårdsheia, drog eg til Statland og fylte bensin, og kjøpte meg litt meir drikke og eit wienerbrød. Så psyka eg meg opp og køyrde inn forbi Sundsvatnet. Følgde beskrivinga på ut.no. Dessverre var grusvegen stengt, så eg måtte gå nesten ein kilometer på veg før eg fann staden der stolpane som markerer heile traseen starta. Var ganske mør og støl, så eg eg bestemte meg for å gå roleg og jamnt. Det gjekk veldig fint! Stoppa ikkje i det heile, og greidde å halde ei jamn fart heile vegen opp. Veret endra seg dessverre. Det bles meir og meir, og toppen var gøymt i skyer då eg var komen så høgt opp at eg kunne ha sett han. Skikkeleg surt blei det, og då eg kom fram til varden, var det deilig å ta på tørr trøye og dunjakke med hette. Åt wienerbrødet >>>

Litt seig opptur, men flott topplatå

Datum:
05.07.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:15h
Entfernung:
11,3km

På veg sørover frå Mo i Rana, der eg tar turen på nokre dagar med innlagde kommunetoppar, hadde eg bestemt meg for Fosnes og Grønkleppen i dag. Køyrde frå Mosjøen og fann greitt vegen inn mot Fiskåhaugen. Køyrde heilt inn, dvs kryssa sementbrua, og parkerte på parkeringsplass der ved sidan av ein annan (!) bil. Såg aldri noko til sjåføren, og bilen var borte då eg kom ned att. Stigar hadde eg ikkje registrert, så eg gjekk ned til brua igjen og busha oppover frå andre sida av elva. Ganske brutal start på ein tur, rett opp i myr og vegetasjon først, og så på sva og i glissen furuvegetasjon. Mykje insekt i starten som eg verkeleg mislikar. Dette er ikkje første gong eg har gått med følge av klegg og brems her i Trøndelag! Dei forsvann då eg kom opp til første nut, der >>>

Karte    

Lang tur i flott terreng og i supert vær

Datum:
04.07.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
6:47h
Entfernung:
25,0km

Denne turen hadde eg tenkt som skitur, men i vår blei det ikkje tur til Mo i Rana, og når værmeldinga plutseleg snudde, og det var meldt stor gul sol og lite eller ingen vind, blei det Nordtoven på beina. Eg vurderte å gå frå Elsfjorden, men at det var stigar halve vegen avgjorde. Litt deilig når ein ikkje er kjend, og når det var så mykje snø i fjellet som det er no. Køyrde inn vegen mot Neverli og stoppa der bommen var (open), men privat veg var tydeleg kommunisert. Det var bra, for eigarane møtte eg etter kvart. Då var det deilig å ha oppført seg ordentleg! Fin grusveg med grasparti i midten. 2 km inn til Neverli. På Neverli møtte eg to karar som arbeidde med å rydde nokre trær. Dei inviterte meg på kokegropkokt kjøt når eg kom nedatt! Gjekk så vidare over tunet i >>>

Karte    

Frå Andfiskvatnet via Bjørnhaugen til Mo

Datum:
02.07.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:09h
Entfernung:
16,3km

Tom køyrde meg eit stykke inn langs Andfiskvatnet, der var det ein bom som ikkje var markert på ut-appen. Det var greitt nok. Eg følgde vegen i 6 km før den endte i ei dør i fjellet. Vasskraftanlegg kanskje?Derifrå var eg litt i tvil om eg skylle gå til høgre eller venstre for å forsere berget, men traseen til høgre som eg valde var heilt grei. Ikkje spor av stig, men eg gjekk meg ikkje fast i svaa heller. Regn av og på, ei haglbyge kom då det var som brattast. Hadde regnbuksa av og på to gonger. Fann toppunktet med varde og stake og etter kvart også den breie stigen som går langs med platået. Det sprakk opp, og sola kom fram rett etter eg hadde passert toppen. Då rasta eg, og det steig damp frå vått terreng. Storslått flott landskap med mykje snø no 2. juli. Følgde berre >>>

Karte    

Hauknestinden

Datum:
01.07.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:15h
Entfernung:
11,2km
Karte    

Lovund i draumever

Datum:
28.06.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:00h
Entfernung:
10,9km

Flott værmelding, så vi tok 10-båten frå Stokkvågen. Gratis når ein ikkje har med bil! Gjekk frå ferjekaia til Nøvbukta. Nydeleg stig og vakker sandstrand. Så ut langs høgre sida og inn i skogen. Det var ordentleg varmt, og vi skjønte fort at vi burde ha hatt med meir drikke. Nesten opp det seige skaret, bestemte dei to unge seg for å snu. For dårleg form, for varmt og for lite drikke med. Tom og eg klorte oss vidare. Sjølv om stigen blei betre og ein tanke mindre bratt då vi gjekk ut av skaret og over på den bratte lyngbakken, var dette strekket veldig seigt. Høge kneløft, og ingen kvileparti. Men viljen er jo det avgjerande, og då vi bikka kanten og såg den flotte grasbakken opp til varden, kvikna vi til. Lang rast, mat, resten av drikken, fotografering med hjelp av ein >>>

Karte    

Ytre Skurvhatten

Datum:
27.06.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:02h
Entfernung:
6,5km

Overnatta på Hovde gjestegård i Brekstad. Nydeleg frukost i hagen, og dagen teikna til å bli varm. Då vi parkerte ved Heitjønna p-plass, viste biltermometeret 28 grader, og det surra fluger, klegg og brems rundt bilen. Tok med drikke, og gjekk langs merkt stig oppover. Litt plagsamt med all åten, men heldigvis var det litt bris i høgda, og det var nydeleg på toppen og langs ryggen. Var oppe på litt over 50 minutt, drakk og tok bilete og beundra utsynet, og så gjekk vi ryggen tilbake. Ut-appen viste stig, men den var så som så. Brukte 2 timar og 5 minutt inkludert pause. Perfekt med bad i Heitjønna då vi kom ned. 6,5 km, 2 t og 5 min, 383 hm. Tom var med.

Karte    

Reistadåsen på veg heim til Oslo

Datum:
21.06.2020
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
0:54h
Entfernung:
3,3km

På veg heim frå ausregn på hytta. Opphaldsver i Lier, så eg køyrde opp i Reistadlia, inst i Åsveien og følgde stig til utkikkspunktet, dinest gulmerkt stig nesten til toppunktet, skar ut i våt lyng og fann sjølve toppunktet greitt. Ein litt stor fugl sat rett ved bolten og flaug opp då eg var rett ved sida, burde vere flinkare med fugl, kan ikkje seie kva det var. Skar rett ned frå toppen til den fine skogsveien. Då eg skifta ved bilen, kom regnet til Lier også. 3,34 km, 55 min, 172 hm. Gjekk aleine.

Karte    

Rust

Datum:
14.06.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:36h
Entfernung:
5,9km

Tom og eg gjekk raskt frå Dammen til Rust, nyvrekord for meg, 49 minutt. Brukte like lang tid ned, men vi gjekk den lengre ruta om Dritarkleiv, opp gjekk vi Kåbakkan. 5,95 km, 1 time og 40, 492 hm. Tom var med.

Karte    

Furufjell

Datum:
13.06.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:42h
Entfernung:
4,1km

Fin sommartur til Furufjell med Erling, Anniken og Tom. 4,5 km, 1 t 41 inkl pause. 349 hm.

Karte