Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (6)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
- Fußtour (404)
-
Skitour (107)
- Langlauf (19)
- Tourenskilauf (74)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Stora Blåfjell - lengre tur enn planlagt
- Datum:
- 24.07.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 8:16h
- Entfernung:
- 26,2km
Etter overnatting i Sand drog vi av stad oppover mot Suldal, tok av mot Gullingen og Blåsjø, og gledde oss veldig til tur i optimalt turver. Sol, lite vind og 12-14 grader. Fekk nesten sjokk då vi køyrde inn i første tunnelen før Oddevassdammen og skulle ut igjen. Opninga var ei trang sjakt med kjempehøge snøkantar på begge sider! Den neste tunnelen var delvis full av snø, men vi lirka oss no ut til parkeringsplassen ved Oddetjørndammen og fekk dagens nedtur: vegen vidare var stengt! Vi kalkulerte raskt at dette ville leggje til 12 km på turen som vi hadde planlagt skulle vere på 14 km. Vêret var perfekt, vi hadde med nok mat, så vi bestemte oss for å gjennomføre ein lang variant. Etter eit par hundre meter møtte vi to karar i gravemaskin, og dei arbeidde seg ned for å rydde >>>
Kremtopp i kremvær
- Datum:
- 23.07.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:15h
- Entfernung:
- 8,5km
Etter båttur på blikkstille fjord frå Lysebotn til Forsandmoen i dag tidleg, køyrde vi opp frå Jørpeland til Dalavatnet. Perfekt føremiddag, vatnet som ein spegel, skyfritt og fin gåtemperatur, ca 14-15 då vi starta - ca 18-20 då vi kom ned. Vi gjekk ganske jamnt på opp ryggen til Heiahornet. God raudmerkt stig. Vi brukte 1 time og 10 opp, koste oss ved den store varden saman med fire lokale turgåarar. Eg gjekk bort til austtoppen, Tom blei verande ved hovudvarden og koste seg, men då eg kom tilbake, hadde han blitt overtalt av dei lokale til å ta Småsildalen tilbake. Så dermed blei det litt fram og tilbake oppe på det fine platået som verkeleg hadde eksepsjonell flott utsikt. Småsildalen var ein lengre trase, men fint langs dei tre små vatna (silane?). Var nede på 3 timar >>>
Lysekammen - fin tur med seig start
- Datum:
- 22.07.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 6:45h
- Entfernung:
- 14,8km
For seks år sidan hadde vi planlagt å ta denne turen, men vakna til skodde og regn, og droppa det. Etter å ha gått turen i dag, tenkjer eg det var lurt, regn og skodde passar ikkje på denne turen ( eller kanskje ikkje for toppturar i det heile tatt?). Hauane b&B held stengt denne coronasommaren, men eg tok ein telefon, og anleggsvegen er open i heile sommar. Heldige der! Starta ikkje før nærmare 1100, for vêret var meldt betre utover dagen. Gjekk frå Tangastølen. Opp til stølen, og så bratt opp til høgre for den vesle fortoppen, fekk sjå fossen med ein minibolt, kryssa bekken nedanfor fossen og gjekk over den vesle fortroppen og kom så opp skardet. Der opna det seg ein fin grasdal med bekk og sauer. Fin stad. Drog så opp langs bekken, to-tre trange skard måtte vi passere, >>>
Kjerag i grått vær
- Datum:
- 21.07.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 4:00h
- Entfernung:
- 10,8km
Køyrde frå hytta i Telemark til Øygardsstøylen. 300 kr for å parkere. Stivt! Tydelege åtvaringar frå parkeringsvakta som lova oss skodde og regn og 10 sekundmeter vind. Men vi roa han ned med at vi var godt utstyrt, og han endte med å seie at den estimerte tida på 5 timar var romsleg. Norske turgåarar i OK form burde greie det på fire sa han. Det gjorde vi, 3 t 30 gåtid, 3.59.40 totalt! Vi fekk både regnskurer og litt vind, men heldigvis også utsikt! Vi var heilt rett kledd, supert med skihansker med tanke på alle kjettingane som var monterte i dei brattaste svapartia. Fine sherpatrapper fleire stader. Sjølv om det regna, hadde vi ikkje problem med feste, støvlane sat godt på ruglete berg. Vi gjekk først til Kjeragbolten som vi ikkje gjekk utpå. Heilt utenkjeleg når ein >>>
Høgenhei, barndomslandskap
- Datum:
- 11.07.2020
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Tourlänge:
- 1:30h
- Entfernung:
- 6,3km
Kveldstur på Stathelle. Sterkt og flott å gå til Høgenhei og bortover langs flauene til Grasmyr. Har ikkje tatt denne turen sidan 70-talet. Kveldssol, deilig kjend vegetasjon. 6,3 km, 1 time og 30 minutt. 245 hm. Gjekk aleine.
Øyensskavlen blei siste på denne turen
- Datum:
- 07.07.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:40h
- Entfernung:
- 11,5km
Formiddagstur før den lange køyreturen heim til Oslo. Starta i OK vær, ikkje varmt men lyst opphald. Gjekk ca 4 km på veg då eg tok av rett opp lia. Følgde grei stig. Oppe på platået såg eg ein hare. (Morsor såg fem!) Framme ved tårnet skya det meir over, og på veg til varden kom regnet. Gjekk til høgre for den vesle tjønna bort, burde ha gått til venstre der det er stig. Nådde toppen i regn og utan særleg utsikt pga ein tåkedott. Den dreiv til side, og på veg ned mot tårnet slutta det å regne. Rutsja ned lia att, men fann ikkje stigen, så tok den på kjensla, ser etterpå at eg kom for langt til høgre. På vegen nedover starta det å regne igjen, meir jamnt denne gongen. Nedst i grusvegen møtte eg først ein familie på fem, så to damer og eit par. På dei fem turane >>>
Beingårdsheia var fin!
- Datum:
- 06.07.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:32h
- Entfernung:
- 9,9km
Køyrde frå Namsos, fann bomvegen til Sandvatnet. Tok stigen langs høgre side av vatnet inn til den inste hytta. Så skar eg myrene opp til høgde 291, der det faktisk var ein stig som tok meg ned på myra nedanfor. Mista den att, skar over den tørrlagde elva. Så opp nye myrdrag med flotte myrull- og flekkmarihandfelt. Oppå platået gjekk eg først til den vesle varden som Knut Sverre har sett opp på 612, la inntil ein stein for å bidra. Så bort til varden på 611, og så tilbake til den vesle hamaren rett nedanfor varden på 612, der eg fann den finaste rasteplassen i le nedanfor hamaren på tørr lyng og med ein stein i ryggen. Supert! Såg fem store rovfuglar kretse over meg. Trakka nesten på ein fugleunge, og gjekk på ein ormeham. Same vegen nedatt. 3 timar og 36 minutt, 9,89 >>>
Hemnafjellet, andre tur for dagen
- Datum:
- 06.07.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:44h
- Entfernung:
- 14,3km
Etter å ha gjort unna Beingårdsheia, drog eg til Statland og fylte bensin, og kjøpte meg litt meir drikke og eit wienerbrød. Så psyka eg meg opp og køyrde inn forbi Sundsvatnet. Følgde beskrivinga på ut.no. Dessverre var grusvegen stengt, så eg måtte gå nesten ein kilometer på veg før eg fann staden der stolpane som markerer heile traseen starta. Var ganske mør og støl, så eg eg bestemte meg for å gå roleg og jamnt. Det gjekk veldig fint! Stoppa ikkje i det heile, og greidde å halde ei jamn fart heile vegen opp. Veret endra seg dessverre. Det bles meir og meir, og toppen var gøymt i skyer då eg var komen så høgt opp at eg kunne ha sett han. Skikkeleg surt blei det, og då eg kom fram til varden, var det deilig å ta på tørr trøye og dunjakke med hette. Åt wienerbrødet >>>
Litt seig opptur, men flott topplatå
- Datum:
- 05.07.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 4:15h
- Entfernung:
- 11,3km
På veg sørover frå Mo i Rana, der eg tar turen på nokre dagar med innlagde kommunetoppar, hadde eg bestemt meg for Fosnes og Grønkleppen i dag. Køyrde frå Mosjøen og fann greitt vegen inn mot Fiskåhaugen. Køyrde heilt inn, dvs kryssa sementbrua, og parkerte på parkeringsplass der ved sidan av ein annan (!) bil. Såg aldri noko til sjåføren, og bilen var borte då eg kom ned att. Stigar hadde eg ikkje registrert, så eg gjekk ned til brua igjen og busha oppover frå andre sida av elva. Ganske brutal start på ein tur, rett opp i myr og vegetasjon først, og så på sva og i glissen furuvegetasjon. Mykje insekt i starten som eg verkeleg mislikar. Dette er ikkje første gong eg har gått med følge av klegg og brems her i Trøndelag! Dei forsvann då eg kom opp til første nut, der >>>