Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Ny rekord til Rust

Datum:
18.06.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:29h
Entfernung:
5,8km

Etter hyttekontor køyrde eg til Dammen og gjekk alt eg kunne til topps. Persa med 30 sekund. Har ikkje så mykje å gå på no, må betre forma ein del for å kome under 43 minutt, kjenner eg. 43.19 i dag. Omtrent det same nedatt. 1 time 29 minutt. 482 hm. 5,78 km. Gjekk aleine.

Karte    

Kosetur til Furufjell

Datum:
05.06.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:10h
Entfernung:
5,2km

Gjekk frå hytta til Furufjell. Nydeleg vær. Hyggjeleg turfølge. 5,2 km, 2 t 11 min. 339 hm. Tellef var med.

Karte    

Personleg rekord til Rust

Datum:
04.06.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:28h
Entfernung:
5,5km

Heimekontor på hytta. Etter jobb gjekk eg så raskt eg kunne frå Dammen til Rust. Greidde å perse med 3 minutt. Fin temperatur å gå i. Stadig betre vær. 23.56 opp, 1 time og 28 t/r. 489 hm. Gjekk aleine.

Karte    

Vettakollen og Fuglemyrhytta

Datum:
02.06.2021
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:31h
Entfernung:
7,4km

Sykla til Ankervegen, gjekk så raskt til Vettakollen og Fuglemyrhytta og tilbake. 7,4 km på beina, 1 t 31 minutt, 287 hm. På sykkel 5 km, 19 min og 66 hm. Aleinetur.

Karte    

Rust i mai

Datum:
29.05.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:02h
Entfernung:
5,7km

Så kom sommarveret til Østlandet og Langlim. Tom og eg køyrde til Valedammen og bestemte oss for å gå så fort vi kunne til topps. Vi brukte under 47 minutt, men kom ikkje under min rekord på 46.26 frå 2016. Så det får bli fleire forsøk framover sommaren. Drakk og spiste ein bolle i lyngen på toppen, før vi gjekk roleg nedatt. Stoppa og snakka med hyttenaboar på veg opp to gonger. 2 timar og 3 minutt. 5,67 km, 481 hm. Tom var med. Herleg tur!

Karte    

Vårkveld til Vettakollen

Datum:
20.05.2021
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
1:13h
Entfernung:
5,6km

Sykla opp til Ankervegen, gjekk derifrå. Sykla heim att. Fin vårkveld.

Karte    

Rust på beina

Datum:
29.11.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:07h
Entfernung:
6,0km

På føttene frå Valedammen. Barfrost og litt snø.

Karte    

Artig tur til Knurrlinatten

Datum:
28.11.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:45h
Entfernung:
11,0km

Startpunktet var Nørsteteig. Tom sette meg av ved Nørsteteig i Svartdal før han køyrde til Seljord for å handle. Nydeleg gard! Så følgde eg vegen forbi den vesle private stavkyrkja og flotte hyttetun, så inn til Skrøyva før eg tok av mot vest. Det gjekk greitt opp til Knurrlinatten. Flott typisk Telemarks-nut med supert utsyn i alle retningar, Brattefjell var delvis inne i ei sky, men Rust låg fritt og fint rett i vest. Eg gjekk så vidare vest og sud mot Vetrhus der eg inspiserte kusine Sigruns siste byggeprosjekt. Deretter vegen ned til Fossheim der Tom stod og venta ved bommen. Fine frosne myrer, men eigenleg ikkje snø anna enn flekkvis. 10,98 km, 1 t og 47 min, 430 hm. Gjekk aleine.

Karte    

Furuåsen og Hovdehytta

Datum:
22.11.2020
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
1:08h
Entfernung:
3,3km

Liten tur i Asker. Parkerte langs vegen og gjekk bratt over så raskt pusten heldt. Flott utsikt ved hytta og fleire småbarnsfamiliar. Gjekk så litt bakover for å finne toppunktet som var av den beskjedne sorten. 3,26 km, 1 time og 8 minutt på føtene, 220 hm. Tom var med.

Karte    

Regn og søyle til Mjærskaukollen

Datum:
15.11.2020
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
1:26h
Entfernung:
4,1km

Heilgrå dag med regn og tåke. Og korona. Plukka ein liten tur og tok på meg fullt regnhyre. Køyrde til Mjærskau, gjekk opp den fine alleen, så traktorvei som dessverre var brukt til skogsdrift, med alt regnet var nesten heile vegen opp til toppen, så det var ein trasig søyletrase. Gjekk litt uti bushen innimellom for å unngå det verste. Tårnet stod nybygd og ferdig, men tett tåke, regn og litt vind, gjorde jo ikkje toppunktet til ei stor oppleving. Valde å bushe nedover i terrenget, første del var ikkje noko særleg, for det var jo prega av hogst, men så fann eg nokre gamle stigar, så då gjekk det greiare. Fann nokre flotte kantarell - midt i november! Kom ned på feil side av gårdstunet, så eg skar over jordene bort til bilen. 4,18 km, 1 time og 26 minutt. 213 hm. Gjekk >>>

Karte