Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Ski ein dag og sommar den neste

Datum:
28.05.2012

Etter fantastisk skitur! på Haukeliseter i går, var det heilt flott å rusle i varm ettermiddagssol til Knarren i dag. Køyrde langt og lengre enn langt i hust, og greidde ein bomtur etter å ha gløymd kart og utan nettkontakt. Då fann eg rett bomveg til Furuvatn ved Tremyr, men køyrde vegen til endes og rota rundt ei god stund før eg gav opp. Men i dag gjekk alt som det skulle. Køyrde ca 3,5 km og fann traktorvegen mot venstre. Følgde den til den tok bratt ned mot høgre, då skar eg opp til venstre og heldt rett mot toppen. Sporet av stig innimellom og til og med eit par nedslitne raude malingsfellker hist og her. Toppen var kjempefin og i dag såg ein fritt og langt til alle kantar. På veg opp såg eg ein stor rovfugl ta av frå toppen, men dessverre viste han seg ikkje medan eg >>>

Karte    

I golfland

Datum:
20.05.2012

Ikkje så mykje tid denne helga, så vi leita etter ein ettermiddagstur for laurdag ettermiddag. Valet fell på Lørenskogs høgaste, bonusen var å få sjå korleis det er på Losby. Kor grei køyretur, fann parkeringa ved skytebane, følgde raud og blåmerkt sig til vi var på høgd med toppen i følgje gps-en. Klatra opp ura, og skjønte at vi måtte ned att og opp neste åsrygg. Fin topp då vi kom opp, graskledd og open. Nistemat, og så gjekk vi nedatt på andre sida, mykje betre stig ned på austsida, men veldig våt i dag. Kom ned på golfbana, og gjekk vel litt ulovleg tvers over - men ingen golfarar blei uroa. Marit og Uncas var med.

Karte    

To toppar i Røyken

Datum:
06.05.2012

Møtte Marit i Hyggen. Gjekk først vegen opp til Haugane. Ikkje det smartaste, men vi kom no inn på stien frå Dammen etter litt plunder opp lia. Så gjekk alt greitt heilt til vi kom til myra nedanom Villingstadåsen. Vi drog rett mot toppen og det var litt ulendt nokre stader, men greitt nok. Mat og kosepause på toppen. Det bles litt, så vi fann ei grop under berget istaden for å sitte på toppen. Flott utsyn mot Drammen, for ikkje å sankke om Ble bakom. Heilt kvitt, men blei nedstemt då eg ymta om at det var der vi skulle ha vore. I løpet av året SKAl eg til Ble.....Frå toppen gjekk vi rett sud, fann stigen mot Herstadheia, og fekk med oss den fine toppen òg. Denne gongen utsyn mot Oslofjorden.

Karte    

Lite Østfold-raid

Datum:
28.04.2012

Flott vêrmelding og sterkt behov for å bruke dagen til noko nyttig.Primærmålet var Jeløya og litt kultur der, men vi starta med Våler og Skiptvet. Rota bort mykje tid ved å køyre fram og tilbake i Svinndal, men fann til slutt rett veg med skilt mot Lunder, så til Tv eiteråsen. Sette bilen ved bommen og byrja å gå vegen oppover. Flott vêr, to glade damer og ivrig hund. Vi gjekk rett på Taraldrudåsen og det vaklevorne tårnet der. Frukt i sola, så vidare til Skiptvet. Hytta ved Trolltjern låg nydeleg til i vårsola, nesten freistande å bade! Fann utruleg nok toppunktet på åsen aust for Langetjønn på første forsøk. To steinar som vi supplerte med ein tredje. Møtte ein annan toppsankar mellom furuleggene. Einaste personen i skogen denne fine dagen. Etter vellukka tur køyrde >>>

Karte    

Nupseggi i sol og på steinhard skare

Datum:
03.04.2012
Karte    

Påskeskitur til Breidalseggi

Datum:
02.04.2012
Karte    

Østfoldklassikar

Datum:
25.03.2012
Karte    

I vind og laussnø

Datum:
21.01.2012
Karte    

Mørkt, tåke og småregn

Datum:
29.12.2011
Karte    

Fint i Svelvik og bra utsyn frå toppen

Datum:
27.11.2011

Køyrde til Svelvik sentrum - og var overraska over kor fin ein stad det er - og ein stad som eg aldri har vore på før. Flott bieffekt av dette prosjektet dette, å bli betre kjent med stader som ligg relativt nær òg! Vi føllgde rutebeskrivinga til hansn, veldig presis og fin, men vi bomma likevel litt der ein har valt mellom grasvakse brei sti og tydelegare sti - gjorde ingenting, for der den rette stigen kryssa løypetraseen, der skiltet med Bergstien dtår, kom vi innpå att, frå venstre. bergstien var artig! Små fine vardar heile vegen, og bratt, tydeleg og fin stig å gå. På toppen bles det friskt, men utsynet var upåklageleg frå tårnet. Vi så langt ut i havet. Etter fotosession og innskriving i manntalet - som stod på 953 eller noko slikt, åt vi nista nede på rasteplassen, >>>

Karte