Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (6)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
- Fußtour (407)
-
Skitour (107)
- Langlauf (19)
- Tourenskilauf (74)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
La på denne etter Marifjell
- Datum:
- 03.02.2013
Flott skitur til Marifjell først, så køyrde vi bortom denne. Ikkje kart eller gps, men wwv-rapportar på telefon gjorde susen. Køyrde inn skogsvegen og parkerte ved den vesle hytta. EIn skuter eller traktor hadde heldigvis køyrt litt innover, så det gjekk ganske greitt i spora forbi tretårnet og vidare i traktorsporet. Utan presist kart, bestemt vi oss for å prøve å klatre opp på den første høgda vi eigenleg såg. I forhold til rapportane som ligg inne, er no heile området uthogd, og fra den vesle varden på knausen var det vidt utsyn over Ullensaker langt der ute. Vi såg ikkje før etterpå at vi burde ha sjekka om det var ein hestesko der, men det gjorde vi ikkje. Brukte ein liten halvtime fram og tilbake. Tom var med.
Kravling i laussnø
- Datum:
- 27.01.2013
På ski frå Skansebakken opp til Dammyra og vidare bort til den store myra under Mørkreiåsen. Følgde blåmerkt stig og bar skia opp til det fine hyttetunet som ligg frampå brinken. Deretter siksak oppover. På eitt punkt var det ikkje anna gjere enn å ta av skia og klatre opp eit lite bergheng og kaste skia opp først. Fann toppen greitt. Masse elgspor og elgleger, neste rart vi ikkje såg dyr. Gjekk nordover og fann etter kvart ein farbar veg ned til sporet igjen. Ganske kronglute opp på ski dette. I lys av nedturen, var ikkje oppturen så dum eigenleg. Bortsett frå klatringa da. Tom var med. 25 km tur-retur.
Både ausregn og vakker kveldssol
- Datum:
- 11.11.2012
o turar planlagde denne dagen: Først bil frå Oslo til Svarstad. Så den LANGE grusvegen til Prestesetra. Derifrå vegen innover mot Pikstein i ausregn. Terrenget var også gjennomvått. Dumt vegval, vi klatra nærast opp den brattaste sida av Pikstein, kom inn over låge myrar og furuberg og fann greitt varden, så gjekk vi vidare og fann det berget med eit par småstein som vel er høgaste punktet, men kanskje i feil kommune? Vi gjekk ned på baksida, oransjemerka stig. Utruleg vått, men ein mykje betre veg ned enn opp. Kom då ned høgare opp i vegen. Moral: ikkja ta av til venstre før du ser dei to oransje plastbanda! Dei er det så berre å følgje til topps. Nista blei fortært i bilen med varmeapparatet på for fullt. Før vi kom til Bergan og fann Bergansløyfa som vi følgde heilt >>>
I fotefara til Annar
- Datum:
- 28.10.2012
Blei inspirert av rapporten frå Annar som var på Blekketjernshøgda i går. Like fint i dag, og sidan den planlagde turen til Rømskog og Aurskog Høland blei avlyst pga opplysningar om elgjakt, var det eit fint alternativ å køyre nordover langs riksveg 4, stogge rett etter motorcrossbanen ved vegestasjonen (Varpet) og gå oppover ein veldig lang grusveg. Kaldt og skarpt i lufta, men klart og deilig å gå. Sende ein venleg tanke til dei som har sykla opp alle desse bakkane; ingen slake parti her, og i alle fall 3-400 høgdemeter. Vi gjekk på beina. Oppe på ca 400 meter låg eit tynt snølag i vegen. Då vi tok av der vegen snur mot aust - rett før den vesle pytten, såg vi spor i liten snødekt stig. Følgde dei til topps, også på ein liten runde der oppe for å finne høgaste punktet. >>>
Geiteryggen
- Datum:
- 21.10.2012
Familiebesøk i Halden laurdag, greidde å kombindere med topptur sundag. Ikkje så gale med regn som det var meldt. Geiteryggen skal etter mykje diskusjon vere Haldens høgaste. Parkerte ved Ør og sykla innover. Ein komplikasjon var den pågåande elgjakta, og vi møtte fleire menn på elgpost. Til slutt blei vi tilsnakka og fekk klar medling om at vi var for høglytte i skogen. Det var vi absolutt, for vi hadde jubla høgt til kvrandre over all traktkantarellen. Vi klatra opp i det morkne elsgposttårnet på den såkalla toppen, og fekk så vidt hovudet opp over småskogen rundt. Sykla ein liten sving nedom Ørsjøen og tilbake. Tom, Anne og Eirik var med.