Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Første topp denne ferien

Datum:
22.06.2014
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
1:30h
Entfernung:
5,7km

Starta frå Nordseter, køyrde Lesja og Romsdalen. Tok avstikkar opp og ned Trollstigen. Spektakulært, men ausregn dessverre. Får kome attende. Så til Molde der vi sjekka inn på hotell, skifta til turklær og tre av oss køyrde til Eiskrem. Fann stigen lett, den var godt merkt heile vegen. Eg fekk 10 minutts forsprang, bra, for o-venene er spreke! Vi gjekk inn i regn og skodde, lite sikt og surt regn på toppen. Eg brukte 1 time og 50 minutt opp og ned, dei andre noko mindre. 5,7 km. Anne og Eirik var med.

Karte    

Aperitiff før sølvbryllup

Datum:
15.06.2014
Karte    

Siste skituren i år

Datum:
01.06.2014
Tourlänge:
6:00h

Starta ved Flatland på Totakstrondi. Bar støvler og ski i ein time før eg spente på. Innover Skarsnutdalen gjekk eg på store snøflater med noko barmark innimellom. Frå riset ned mot Kvikkevatnet var det samanhengjande snøføre på ein stad nær. Gjekk opp til Kvikkeflottine. Lurte fælt på vegvalet, alt så bratt ut. Men tok sjansen og følgde nokre bratte snørenner opp litt sør i det bratte austhenget. Ikkje optimalt. Blei engstelig for snørennene blei ordentlig bratte. Kom meg inn på tørt berg, men å klatre med ski og stavar var også vrient, og eg heldt på å gå meg fast ein gong. Veldig letta då eg fekk lempa ski og stavar opp på ei hylle og greide å klavre etter, og derifrå var det farbart vidare. Toppen var herleg. Totalt rundskue. Tre stykke hadde skrive seg inn >>>

Karte    

Liten topptur innimellom hyttejobbing

Datum:
30.05.2014
Tourcharakter:
Fußtour
Karte    

Svipptur i kveldssol

Datum:
25.05.2014

På veg frå Stathelle til Oslo, greidde eg denne vesle turen sundag kveld. Kveldssol, fuglesong og bøkeskog er også ei flott naturoppleving! Hadde for dårleg kart og køyrde ein heil del feil, noko som gjorde at eg også fekk med meg eit besøk på Midtåsen, Anders Jahres praktfulle eigedom, park og bøkeskog - med utsyn over heile Sandefjord og -fjorden. Hjertås hadde ikkje like fint utsyn, men var altså høgare. Gjekk aleine på vond fot.

Karte    

Dagen derpå - var heilt super og blei brukt i Finnemarka

Datum:
18.05.2014
Tourcharakter:
Fahrradtour gemischt
Entfernung:
25,0km

Flott helg, og etter nydeleg 17. mai i Oslo, valde vi sykkeltur i Finnemarka og kommunetoppen i Lier. Vi måtte ha med Marit som er barnefødd i Lier, men som mangla toppen. Køyrde til Kanada, og brukte syklane derifrå. Mange oppoverbakkar, men fine sand- og grusvegar. I skuggeparti låg snøen i flekkar, og då var det best å gå av syklane. Vi åt niste ved elva rett etter Vesle Nykkjua og før vi gjekk frå syklane eit lite stykke forbi dammen i Store Nykkjua. Følgde så den breie stigen oppover til den forsvann i terrenget, fann eit tråkk i den grankledde dalen opp til kollen i aust, der vi heldt oss nord for myrtjørna. Toppunktet var heilt nydeleg, med flott utsyn i alle retningar. I nordaust såg vi Norefjell i kvitt, og på bergqa der vi sat i kveldssol var det fine stutttvaksne >>>

Karte    

Gastgiveren på sykkel og til fots

Datum:
11.05.2014
Tourcharakter:
Fahrradtour gemischt

På veg til Halden tok vi av til Trøsken skistadion. Flott anlegg med kustsnømaskiner, skistadion og løysløype. Eg sykla pga dum akilles, og Tom og hunden gjekk p¨å den fine grusvegen opp til der stigen tok av til Gastiveren. Triggpunkt, radar?-anlegg og ganske fin utsikt ut mellom furuleggene, og så bar det ned att. PÅ nedturen kom regnet, Tom såg ein hare, og eg hadde lett nedtur på sykkelen. Tom og Uncas var med. Vidare til middag i Halden.

Finaste skituren i år og kommunetopp nr 113

Datum:
27.04.2014
Tourcharakter:
Tourenskilauf

Draumehelg på Valdresflye. Laurdagen gjekk turen til Vestre Kalvehøgde inkludert det meste anna på vegen. MEn i dag sundag køyrde vi nordover og ned til den nordlege bommen der vi gjekk rett aust og oppover til Heimdalshøe. Feller heile vegen opp. Herleg dag, blikkstille og så varmt at vi gjekk utan lue og anorakk. Vi gjekk opp kvista løype til høgre for toppen på 1732 og til venstre for Rundhøe og Veslefjellet. Vi møtte 2 + 3 skiløyparar på veg ned, og sjølve var vi oppe etter 2 timar og 45 minutt. ca 700 høgdemeter og 6,3 km. Rasta på toppen i dei same trøyene, absolutt blikkstille, og utruleg utsikt i alle retningar. Vi fekk verkeleg stjerneoversikt over Gjendealpene og alt anna i grunnen. nedturen var moro. Vått føre, men heilt fint å køyre svingar nedover. Heile turen >>>

Karte    

Første tur på ski over 2000 m

Datum:
26.04.2014
Tourcharakter:
Tourenskilauf

Starta på ski klokka 0915 frå Valdresflye vandrehjem. Strålande sol og vindstille. Isklister frå starten, men fellene kom raskt på. Opp Steindalen og over Raslet, deretter opp til bandet mellom Rasletinden og toppen sør for Mugna. Tok av vestover og var oppom toppen på 2088 før vi rasta og kom til Mugna. Fabelaktig utsikt og framleis ikkje vind. Følgde så løypa bortover langs juvkanten til Austre Kalvehøgde der vi gjekk oppom. Så vidare om Midtre Klavehøgde før vi køyrde ned til der siste klatreetappen byrja opp til Vestre Kalvehøgde. Heile dette strekket gjekk vi med feller. Ikke vind på toppen og fabelaktig ettermiddagssol og utsikt. Tok av fellene etter Austre Kalvehøgde, men dårleg kvalitet i utforkøyringane. Såpass kaldt at det byrja å fryse på att etter som det >>>

Denne påskas Rust-tur

Datum:
19.04.2014
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Karte