Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (6)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
- Fußtour (400)
-
Skitour (107)
- Langlauf (19)
- Tourenskilauf (74)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Eventyrleg tur
- Datum:
- 30.06.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 7:42h
- Entfernung:
- 20,0km
Ferieturen går til Russland via Kirkenes. Difor starta Marit og ein dag tidlegare, leigde bil på Høybuktmoen og køyrde til Bugøynes. Mange ting litt uplanlagde: gløymd å ta kartutskrift, ikkje matbutikk eller bensinstasjon mellom flyplassen og Maribukt. Difor køyrde vi til Bugøynes og bunkra skikkeleg, og det var lurt, for då vi til slutt kom til Neiden fjellstue for å overnatte, var det ikkje mat og drikke å få kjøpt der (alt stenger kl 1900). Vi parkerte før ei lita bru med betonggjerde i Maribukt, følgde ein stig forbi hytter og ein liten dam med plastsvane, stigane gjekk jo stort sett til hytter, men det ER ein stig som går opp langs elva, først på høgre, så på venstre side. Ved Marivatn gjekk vi venstresida langs stigen innover, og så opp til neste vatn. Der var >>>
Flotte sva i Roholtfjellet
- Datum:
- 11.06.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 6:30h
- Entfernung:
- 17,0km
Køyrde frå hytta til Heia og byrja å gå vestover kl 1200. Sol i starten, meir skya etter kvart, men opplett og god temperatur. Rast første gong på austre toppen, prøvde å følgje stig vestover langstoppeggen, men skjønte at det blei for bratt å kom oss ned, så vi snudde og gjekk ned same vegen vi hadde kome opp. To tau var lagde ut for å hjelpe på klyvinga. Litt vrient for hunden! Så gjekk vi langs austre toppen på sørsida, kryssa ved nokre små pyttar som låg som basseng ute på svaberga. Lekkert! Oppe på høgda under vestre toppen gjekk eg frå hund og turfølge for å ta toppen i raske kliv. 9 minutt opp utan sekk og hund. Same vegen tilbake. Dramatisk og sjeldent terreng. Litt Ronja Røvardotter-vibbar! Møtte 15 personar fordelte på 5 følge. Såg ein hoggorm. 17 km, >>>
Muen i knallver
- Datum:
- 05.06.2016
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 3:00h
- Entfernung:
- 9,1km
Etter møte i Oppdal hadde eg tenkt å få med meg ein større større topp i dag på veg tilbake til Oslo. Vêret var utruleg, ikkje ei sky, og så å seie vindstille. Eg hadde landa på Gravskardhøgda, men fann ingen stad å kjøpe meg mat, så torde ikkje starte på tom mage. Dermed blei det Muen i staden. Gjekk opp på 46 minutt, og sat vel like lenge der oppe. Og så 30 minutt nedatt. 5,6 km, 372 hm. Gjekk aleine.
Stutt tur opna jo opp for ein tur til, og det blei Ringsrudåsen i Gjøvik. Veldig lang biltur inn Snertingdalen, tok av opp Sprænbekkvegen, og etter å ha parkert inst i Finndalen, var det ein fin liten tur opp til Ringsrudsetra, der ein flokk spelsau kom springande ut frå under det gamle fjøset for å helse på. Følgde Knut Sverre sitt GPS-spor, fann både Gjøvik-toppen >>>
Sommarkveld i Oslomarka
- Datum:
- 31.05.2016
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 4:30h
- Entfernung:
- 10,0km
For ein vakker kveld det har vore i dag! Sykla heim og laga niste, pakka sekk og heiv hunden og alt i bilen. Køyrde til Maridalen skole, der eg parkerte ved bommen på venstre hand før ein kjem til skolen. Starta kl 1700. Mange stigar å velje mellom mot Fagervann. Tok eit drag lengst mot vest, men mista den stigen etter kvart, så eg gjekk i terrenget til eg kom inn på ein kraftigere stig eit stykke lengre opp. Ganske dryg stigning opp til Fagervann i grunnen. Målte 3,6 km og trur det må vere ca 250-300 hm. Vel oppe bada eg ved hytta (som ein kjenning av vener eig), og så smakte det godt med niste og avis og te! Sat på brygga og koste meg kanskje ein time før eg gjekk vidare rundt vatnet, og byrja å leite etter Stutehaugen. Hadde ikkje med kart, og gjekk difor først feil, hadde >>>
Bøte på dårleg samvit
- Datum:
- 29.05.2016
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Entfernung:
- 3,0km
For eit par år sida - gjekk eg aleine på ski til Svarttjernshøgda. Snudde ved ei tavle der skispora før meg snudde, men då eg kom heim, skjønte eg at eg ikkje hadde vore heilt oppe på toppen, for eg hadde ikkje sett noko tårn! I dag blei Tom og Uncas med til Jevnaker. Betalte for bomvegen, køyrde til Tverrsjøstallen, og så vidare til Ølja, stader der eg er godt kjend om vinteren, men første gong på barmark i dag. Følgde blåmerkt stig heilt opp. Vått i stigen og småregn heile vegen opp og ned. Møtte ei sprek dame på toppen då vi vi kom ned frå tårnet, men merk at ho IKKJE var toppsamlar! Dessverre ikkje utsyn i dag. 3 km, 1 time og 201 hm. Tom og Uncas var med.
Reprise på Øyungskollen
- Datum:
- 26.05.2016
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Entfernung:
- 7,5km
Inspirert av den flotte turen førre veka gjentok vi turen ein fin kveld etter jobb. Vi tok av litt høgare oppe på vegen mot Øyungen, austre side av elva. Vi gjekk i terrenget. Midt inne i skogen under eit bratt heng sat ein o-løpar og drakk te. Vel oppe plukka vi rasteplass på ein av fleire nydelege Berg med vidt utsyn mot vest. Vi hadde med oss middagen, og hadde ein knapp time der i kveldssola. Heile toppen er naturreservat, og vårvegetasjonen var verkeleg eventyrleg. Denne gongen gjekk vi nordover og over toppen og ned til austre stranda av Øyungen. Marit, Tom og Uncas var med. 2 timar og 18 minutt. 7,5 km. 270 hm.
Første gong på Øyungskollen
- Datum:
- 16.05.2016
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Entfernung:
- 7,0km
Deilig vêr dagen før 17. mai, og på veg til Øyungen, tok vi av på ein stig vi ikkje hadde gått før, og etter ca 3 km kom vi opp på Øyungskollen. Ei perle av ein topp som vi slett ikkje har registret før, sjølv om vi både på ski og føtter er godt kjende i traktene nedanfor. Nydeleg dag rett og slett. Ein litt annleis veg ned, vi kom ned høgareboppebpå vegen mot Øyungen. Tok vegen på vestsida av elva nedatt. Ca 7 km. 270 hm. Tom og Uncas var med.
Minneverdig kveld på Sotra
- Datum:
- 10.05.2016
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 3:30h
- Entfernung:
- 10,0km
I Bergen på jobb, men ein heil blank ettermiddag og kveld ledig. Glad for at eg sende Knut ei melding på peakbook, for vips hadde eg middagsinvitasjon, sjåfør og skyss og turfølge på plass. Og vêret! Blikkstille og over 20 grader. Byrja med Førdesveten frå aust. Køyrde til Førdespollen og følgde skilt til høgre mot Førde. Derifrå var det godt merkt stig, og heller og steintrinn lagt ut slik at vi gjekk tørrskodde heilt opp. Møtte ein annan turgåar. Super utsikt og vakker kveldssol. Snøfjell i aust og havet som spegl mot vest. Var også bortom flyvraket, før vi gjekk ned i vårkvelden. 4,75 km, 1 t og 44 min, 285 hm.
Køyrde så nordover til parkeringa ved Fjell festning. Gjekk asfaltveg i eit kvarter før bratt stig mot toppen. Her var det mykje folk, og fleire av dei dreiv >>>
Ein av dei siste skiturane i år
- Datum:
- 07.05.2016
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Entfernung:
- 17,0km
Vi starta får Nordseter kl 0815, burde nok ha starta endå tidlegare. Køyrde over til Dokka, og opp Etnedalen til Lenningen. Starta der litt før 1030 i stille blankt ver. Vi sikta oss rett inn på Djuptjernkampen, gjekk over myrane og over isen. Innimellom var det gjennomslag i roten snø, og vi var litt engstelige for korleis snøen kom til å bli utover dagen. Men stort sett gjekk det greitt, og vi gjekk lett og fint opp i trøye og utan hodeplagg. Rasta på toppen i lett vind, og så nedover ganske så forsiktig i lumske skiforhold. Tok ikkje sjansen på å krysse isen, så vi heldt mot aust og gjekk rundt Røssvatnet tilbake til Lenningen. 7,5 km opp og 9,5 km ned. 4 timar inkludert rast. 469 hm opp. Anne og Eirik var med.
Vårkveld til Lauvhøgda
- Datum:
- 06.05.2016
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Tourlänge:
- 0:33h
- Entfernung:
- 3,2km
På veg til Nordseter stoppa Uncas og eg for å ta kommunetoppen vest for Raufoss. Vi køyrde mot Skjellerud, tok av grusvegen til venstre mot Granum og parkerte ved den opne bommen. Vakker vårkveld, med fossande bekkar og fuglesang og ganske så varmt. Ved neste vegkryss var vegen snødekt, men det var trakka stig og det gjekk greitt med joggesko i Goretex. Opp i tårnet med utsyn heilt rundt til kvite fjell. Rett og slett underskjønt utsyn i klar vårkveld. Ein ser at det har snødd mykje i det siste! Så same vegen tilbake.3,16 km, 56. minutt inkludert tårnpausen. Uncas var med.