Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Vehusknausen, liten tur i rufsete terreng

Datum:
04.11.2018
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
0:42h
Entfernung:
2,7km

Dagens andre tur. Køyrde frå Søgne til Setesdalsvegen og Høie - så der kjem sengetøyet vårt frå! Tok av Mestadvegen til venstre, rett fram i slak høgresving og så opp til Espestøl. Der gjekk vi vegen rett fram til vi hadde ei myr på høgre hand. ( Dei oransje småtingene som låg ute i myra var restar etter leirdueskyting.) Tok av til høgre og følgde Knut Sverre sitt gps-spor som han følgte på nedturen. Tok 16 minutt opp i rufsete terreng. Tok eit bilete ved bolten, og såg varden litt bakafor. Ikkje noko utsikt i dag. 2 km. 44 minutt inkludert prat med ein kar som utbetra vegen. 79 hm. Marit var med.

Karte    

Andre i Vest-Agder

Datum:
04.11.2018
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
1:00h
Entfernung:
2,7km

Karte    

Siste i Aust-Agder: Hisåsen i Lillesand

Datum:
03.11.2018
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
2:30h
Entfernung:
6,9km

Karte    

Vettakollen og Fuglemyrhytta

Datum:
28.10.2018
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
3:07h
Entfernung:
13,3km

Etter å ha budd i Oslo i 38 år, er det utruleg at eg ikkje har vore på Vettakollen før! Flott utsiktspunkt over Oslo, og høvet denne gongen var å sjekk ut DNT sitt siste tilskot: Fuglemyrhytta. Flott tur. Tom var med på, 13,25 km, tre timar og sju minutt, 397 hm.

Karte    

Ny Rust-tur

Datum:
20.10.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:00h
Entfernung:
10,1km

Karte    

Fin oktoberdag i Rust

Datum:
07.10.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:48h
Entfernung:
5,4km

Karte    

Hjerttinden i septembersol

Datum:
22.09.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
7:00h
Entfernung:
18,6km

Anne og eg møttest etter jobb i Tromsø på fredag og køyrde først til Nordkjosbotn og spiste middag, så til Rundhaug gjestegård der vi var dei einaste gjestene i eit hotell utan betjening! Nøkkelen låg på disken i resepsjonen til oss. Etter frukost (med betjening!) køyrde vi forbi Bardufoss til Rubbåsvegen, og følgde denne så langt vi kunne oppover. Det regnte, men vi visste at det skulle klarne opp, og det gjorde det etter ein time. Først veg, så traktorveg, så raudmerkt stig. Fint å gå. Vi drog av frå stigen og gjekk i lettgått terreng opp til salen mellom toppen og Hjerttindtuva. Der møtte vi to unge rjupejegarar, ga meining sidan vi hadde høyrt skot på vegen oppover. Så skar vi rett opp til toppen, bratt, men heilt OK. Møtte den raudmerkte stigen oppe på fjellet >>>

Karte    

Fagervann og Lyberga

Datum:
02.09.2018
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
2:23h
Entfernung:
7,5km

Prøvde å finne ein litt interessant tur som hunden, no straks 14 år gamal, kunne greie å bli med på. Og denne gjekk fint. Frå Maridalen skole opp til Fagervann, eit eple og pause på eit Berg der, og så svingte vi oppom Lyberga der eg aldri hadde vore før. Fint! Då vi kom ned til vegen, gjekk vi bortom bygdetunet på Kirkeby der det var haustmarknad, smakte bra med vaffel i den varme septembersola. Tom og Uncas var med. 7,5 km, 351 hm. 2 timar og 23 inkludert litt pausar.

Karte    

Dagens andre: Himmelsyna

Datum:
26.08.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:15h
Entfernung:
8,3km

Dei to dagane i Austre Agder innebar vel til saman 70 mil med bilkøyring eller meir frå Oslo. Fotavtrykket var altså ikkje noko å skryte av. Frå Espeli greidde eg dessutan å køyre feil, og det skjønte eg ikkje før eg kom til åseral, eg berre koste meg i augustsola. Så eg måtte ned eit godt stykke før eg tok mot aust att og hamna i Evje att. Handla i sundagsopen butikk, og dura vidare i retning Risdal att, for no skulle eg få med meg Himmelsyna, og hadde for ein gang skuld planlagt til, det såg best og kortast ut å ta toppen frå Risdal, dvs Vatne. Eg gjekk jo derifra til Befjell dagen før, og var liksom litt kjend. Det gjekk greitt oppover grusvegen, men møtte heilt uventa og det var då slett ikkje nemnt i rapportane, ein låst bom. Så parkert i vegkanten og tok beina fatt. >>>

Karte    

Morgontur til Midtstrandnuten

Datum:
26.08.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:30h
Entfernung:
6,6km

Vakna tidleg i Evje, super motellovernatting i Evje Park Apartement! Kan anbefalast. Fylte bensin, tok ut kontantar (dei hadde ikkje mindre setlar enn 100!), og køyrde sørover til Dåsnes, og så opp dalen forbi Dåsvatn og opp til Lognavatn og Espeli. Utruleg nydeleg sundagsstille dal i klart, litt kjølig augustvêr. Køyrde heilt opp til den Øvste garden i bygda, og der startar Kodalsvegen. Var takksam for at Knut Sverre hadde nemnt det der med 50 kroner i kontantar (eg måtte rett og slett betale dei 100 eg hadde tatt ut, for lommeboka er som vanleg tom for pengar). Litt oppover i den smale vegen kom eg bak ein vaggande tiur. Han var overhovudet ikkje affisert av meg og bilen, så han vagga vidare og eg rulla bak. Etter fleire tutingar letta han til slutt på seg, og eg plukka opp ei >>>