Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (6)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
- Fußtour (405)
-
Skitour (107)
- Langlauf (19)
- Tourenskilauf (74)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Frå Andfiskvatnet via Bjørnhaugen til Mo
- Datum:
- 02.07.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 4:09h
- Entfernung:
- 16,3km
Tom køyrde meg eit stykke inn langs Andfiskvatnet, der var det ein bom som ikkje var markert på ut-appen. Det var greitt nok. Eg følgde vegen i 6 km før den endte i ei dør i fjellet. Vasskraftanlegg kanskje?Derifrå var eg litt i tvil om eg skylle gå til høgre eller venstre for å forsere berget, men traseen til høgre som eg valde var heilt grei. Ikkje spor av stig, men eg gjekk meg ikkje fast i svaa heller. Regn av og på, ei haglbyge kom då det var som brattast. Hadde regnbuksa av og på to gonger. Fann toppunktet med varde og stake og etter kvart også den breie stigen som går langs med platået. Det sprakk opp, og sola kom fram rett etter eg hadde passert toppen. Då rasta eg, og det steig damp frå vått terreng. Storslått flott landskap med mykje snø no 2. juli. Følgde berre >>>
Dalselvtindan og Hauknestinden
- Datum:
- 01.07.2020
- Tourlänge:
- 3:30h
- Entfernung:
- 11,2km
Køyrde til Dalselv for eg hadde fått tips om at turen opp til Dalselvtindan var fin.Det var den, og vel oppe på Veten, såg eg over på Hauknestinden, og fann ut at det hadde vore fint å gå bort til den toppen som trass alt er høgast og så gå ned til Hauknes etterpå. Ringte og avtalte henting på Hauknes, og gjekk så i veg. Veldig fint strekk, sjølv om det var ein heil del snøfenner mellom dei to toppane. Ei lita regnbyge på veg opp til Veten, ei sur haglbyge på toppen av Hauknestind, men elles heilt fint å gå. Då eg stod på Veten og titta ut Ranafjorden, steig det ei havørn opp frå under meg, inspiserte meg og drog så innover fjellet. Herleg! Brukte 3 timar og 35 totalt på 11,2 km. 958 hm er jo ein ordentleg tur. Gjekk aleine.
Lovund i draumever
- Datum:
- 28.06.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 5:00h
- Entfernung:
- 10,9km
Flott værmelding, så vi tok 10-båten frå Stokkvågen. Gratis når ein ikkje har med bil! Gjekk frå ferjekaia til Nøvbukta. Nydeleg stig og vakker sandstrand. Så ut langs høgre sida og inn i skogen. Det var ordentleg varmt, og vi skjønte fort at vi burde ha hatt med meir drikke. Nesten opp det seige skaret, bestemte dei to unge seg for å snu. For dårleg form, for varmt og for lite drikke med. Tom og eg klorte oss vidare. Sjølv om stigen blei betre og ein tanke mindre bratt då vi gjekk ut av skaret og over på den bratte lyngbakken, var dette strekket veldig seigt. Høge kneløft, og ingen kvileparti. Men viljen er jo det avgjerande, og då vi bikka kanten og såg den flotte grasbakken opp til varden, kvikna vi til. Lang rast, mat, resten av drikken, fotografering med hjelp av ein >>>
Ytre Skurvhatten
- Datum:
- 27.06.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:02h
- Entfernung:
- 6,5km
Overnatta på Hovde gjestegård i Brekstad. Nydeleg frukost i hagen, og dagen teikna til å bli varm. Då vi parkerte ved Heitjønna p-plass, viste biltermometeret 28 grader, og det surra fluger, klegg og brems rundt bilen. Tok med drikke, og gjekk langs merkt stig oppover. Litt plagsamt med all åten, men heldigvis var det litt bris i høgda, og det var nydeleg på toppen og langs ryggen. Var oppe på litt over 50 minutt, drakk og tok bilete og beundra utsynet, og så gjekk vi ryggen tilbake. Ut-appen viste stig, men den var så som så. Brukte 2 timar og 5 minutt inkludert pause. Perfekt med bad i Heitjønna då vi kom ned. 6,5 km, 2 t og 5 min, 383 hm. Tom var med.
Reistadåsen på veg heim til Oslo
- Datum:
- 21.06.2020
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Tourlänge:
- 0:54h
- Entfernung:
- 3,3km
På veg heim frå ausregn på hytta. Opphaldsver i Lier, så eg køyrde opp i Reistadlia, inst i Åsveien og følgde stig til utkikkspunktet, dinest gulmerkt stig nesten til toppunktet, skar ut i våt lyng og fann sjølve toppunktet greitt. Ein litt stor fugl sat rett ved bolten og flaug opp då eg var rett ved sida, burde vere flinkare med fugl, kan ikkje seie kva det var. Skar rett ned frå toppen til den fine skogsveien. Då eg skifta ved bilen, kom regnet til Lier også. 3,34 km, 55 min, 172 hm. Gjekk aleine.
Rust
- Datum:
- 14.06.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:36h
- Entfernung:
- 5,9km
Tom og eg gjekk raskt frå Dammen til Rust, nyvrekord for meg, 49 minutt. Brukte like lang tid ned, men vi gjekk den lengre ruta om Dritarkleiv, opp gjekk vi Kåbakkan. 5,95 km, 1 time og 40, 492 hm. Tom var med.
Furufjell
- Datum:
- 13.06.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:42h
- Entfernung:
- 4,1km
Fin sommartur til Furufjell med Erling, Anniken og Tom. 4,5 km, 1 t 41 inkl pause. 349 hm.
På beina til Rust
- Datum:
- 31.05.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 2:32h
- Entfernung:
- 5,2km
Gjekk på beina frå Øyvågsli for å unngå dei største snøpartia. Det gjekk fint, men traseen var tilnærma rett opp i dag. Dessverre var stigen opp frå Øyvågsli øydelagt av maskinell hogst. Litt å drikke på toppen. Litt vind i dag, så relativt raskt nedatt. 5,26 km, 481 hm, 2 t 38 minutt. Tom var med.
Furufjell
- Datum:
- 30.05.2020
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:53h
- Entfernung:
- 3,9km
Gjekk på beina med nokre snødekt innimellom. Låg lenge i lyngen på toppen. 3,9 km, 1 t og 51 min. 306 hm. Tom var med.