Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Dagens tredje: Kartmyrknuten

Datum:
30.07.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:13h
Entfernung:
2,0km

Mykje tullete vegval. Busha rett opp der vi skulle ha følgt stig, stor kløft mellom dei to toppane, og kom dessverre opp på den vestre. Fann til slutt ein veg ned frå første topp og opp på neste. Der var det ein fantastisk utsikt frå eit stop som opna seg mot havet. Vi såg Stråholmen og Jomfruland. Sjølve toppen var ein bolt i fjellet utan utsikt. Nedturen blei kavete. Valde å hå i kløfta, det burde vi ikkje gjort. Kom ned på stigen vi hadde forlate for tidleg opp. Denne gongen følgde vi den for lenge, og greidde å gå oss litt vill mellom tjønna og vegen! Letta då vi til slutt braste ut av buskene på vegen. Benjamin børsta av meg tre flått, fann fire nye etter saltvannsbadet heime på hytta. Vi bad vel om det. 1,95 km, 1 t og 13, 117 hm.

Karte    

Dagens andre: Ånås

Datum:
30.07.2023
Tourlänge:
1:30h
Entfernung:
1,8km

Køyrde så langt vi kunne, og følgde deretter blåmerka rett til topps. Ryddig, men veldig bratt stig opp. Heilt fantastisk utsyn og fin benk. Vi spiste niste og koste oss ganske lenge. 1,8 km, 140 hm, 1 time og 30 inkludert lang pause. Masse blåbær og sopp, også litt kantarell. Benjamin var med.

Karte    

Første av tre i Bamble: Grimås

Datum:
30.07.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
0:54h
Entfernung:
1,8km
Karte    

Tegdalsåsen m ankomst pr sykkel

Datum:
29.07.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:16h
Entfernung:
2,9km
Karte    

Årdalsåsen

Datum:
11.07.2023
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:33h
Entfernung:
4,2km

Fin tur, men tåpeleg vegval frå Lunde. Dyvått terreng, myrar og skrenter i staden for å følgje blåmerkt stig til topps. Vi følgde stigen ned. På toppen kom vi over skydekket og fekk super utsikt. 4,16 km, 217 hm, 1 t og 35 min. Benjamin var med.

Karte    

250-årsvarden i Nuuk

Datum:
08.07.2023
Tourcharakter:
Jogging
Tourlänge:
0:48h
Entfernung:
4,8km

Jubileumsvarden i Nuuk. Jogga og gjekk ein rundtur ned Anne og Eirik. Stakk oppom 250-årsjubileumsvarden……sidan Egedes kolonisering. 4,8 km, 126 hm, 52 minutt.

Karte    

Ammassiviup Qaqqaa

Datum:
07.07.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:45h
Entfernung:
5,3km

Tur etter frukost frå Illungujak-gården i Qassiarsuq til toppen av Ammassiviup Qaqqaa. 5,3 km, 297 hm, 1 t 45 min. Svein, Eirik, Anne, Anne og Ingunn var med. Strålande vær!

Karte    

Første fjelltopp på Grønland: Nuuluk!

Datum:
05.07.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
6:13h
Entfernung:
13,2km

Fantastisk tur frå Igaliku og opp vestflanken av Nuuluk. 13,2 km, 867 hm, 6 timar og 12 minutt. Eirik, Anne, Tom, Svein, Ingunn og Anne var med. Såg polarrev med ungar, arktisk hare, fjellrype, havørn.

Karte