Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (6)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
- Fußtour (404)
-
Skitour (107)
- Langlauf (19)
- Tourenskilauf (74)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Rust i solnedgang
- Datum:
- 27.03.2021
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 2:15h
- Entfernung:
- 13,0km
Kom opp på hytta laurdag ettermiddag for å starte påskeferien, tok ein ettermiddagstur til Rust på fjellski. Første gong eg har vore på fjellet «mitt» i solnedgang! Fint. Gjekk opp frå Gryteåi, med same veg. 13 km, 554 hm, 2 timar og 13. Gjekk aleine.
Rust på fjellski
- Datum:
- 14.02.2021
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 2:57h
- Entfernung:
- 15,0km
Etter kald heimekontorveke på hytta, blei temperaturen til slutt ok for ein litt lengre tur. Starta ved Gryteåi i minus 14, biltermometeret viste 12 kalde då eg kom nedatt. Fine spor forbi Hovdestaul og til Fjøllstaul, så skuterspor. Var litt i tvil om rasfaren då eg kom opp under toppen, men valde å gå litt rundt toppen for å unngå dei verste bratthenga. Mange skuterar hadde køyrd overalt, og sjåførane rasta eit stykke nedanfor toppen; dei var ikkje urolege for rasfaren! Heilt stille, ok temperatur å gå i, og fin nedkøyring i kald, passe djup nysnø - i alle fall når eg kom eg ned frå dei forblåste fokkpartia øvst oppe. 15 km, 595 hm, var borte i knappe tre timar.
Barlindhøgda på ski frå Stryken
- Datum:
- 31.01.2021
- Tourlänge:
- 5:00h
- Entfernung:
- 24,5km
Tom og eg køyrde til Stryken, og starta der i 12-13 minus. Perfekte spor og ikkje ei sky. Tom snudde etter Måsjøen, eg gjekk ut på Hakkloa, og så inn til venstre til Østre Hakkloa, nydeleg plass. Fann grei trase opp. Ute i opent lende var det perfekt nysnø, ca 10-15 cm oppå hardt underlag, men i granskogen var det steinhardt. Etter lite imponerande toppunkt, men flotte opne parti litt rundt sjølve toppen, bestemte eg meg idiotisk nok til å følgje ryggen sørover for å gå ut på Helgeren. Det var svært ulendt, bratt, bøyde og brekte trær, steinhardt under trærne, laussnø i dei få opne partia som var ordentleg bratte. Og tynne langrennsski! Tok av skia på eitt punkt, men sakk ned med ein gong ein kom unna trærne. Datt 10-15 gonger, og var heilt kake då eg etter meir enn >>>
Rådalshøgda Vest
- Datum:
- 30.01.2021
- Tourcharakter:
- Skitour
- Tourlänge:
- 3:13h
- Entfernung:
- 19,2km
Skitur frå Skar. Då eg kom på toppen av Vidarløypa, fekk eg det innfallet å klore meg opp på Rådalshøgda. Sein ettermiddag, låg sol, hardt underlag under kald nysnø, minus 10-12. måtte ta av skia i dei to brattaste henga der det var hardt under granene. Nydeleg topplatå, låg sol, store rare vifteforma snøkrystallar, open fin myr mellom to låge høgder. Hadde eit uhell på vegen ned som gjekk bra heldigvis. Tok av med skia i den bratte granufsa. Men det var så hardt og bratt at skiskoa mista festet. Eg rutsja ned mellom granene i alle fall 20 meter medan ski og stavar låg strødd. Unngjekk heldigvis granleggene! Ned til løypa igjen og isane heim til Skar. Rosa himmel og bål fleire stader ved strendene rundt Øyungen. Gjekk aleine. 19,2 km, 3 t 13 minutt, 461 hm.