Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Kråkfjellet i all slags vær

Datum:
30.03.2019
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Tourlänge:
4:20h
Entfernung:
21,0km

Køyrde frå Trondheim til parkeringsplassen ved Håen. Lyst oppholdsvær og kram nysnø frå i går. Vi landa på rubba langrennsski. Det fungerte ganske bra, men var litt for glatt oppover frå Kråklivollen. Vi var heldige og gjekk i skuterspor og sporkallspor heilt inn til Midflåvollen. Der rasta vi i sola, og eg rubba skia mine litt djupare. Ikkje så smart, for is i rubben var eit faktum etter 5 minutt i laussnøen oppover. Heilt greitt med 10-15 cm nysnø, og litt avblåse innimellom. Meir og meir vind, så tåke, og til toppen gjekk vi blindebukk i whiteout og kuling. Svært kort pause med ryggen til vinden som kom frå sør. Pussig nok var føret mykje betre nedover, og vi kunne gli slake lier nedover, veldig deilig då sikten også blei betre. Tilbake i sporet gjekk det greitt ned >>>

Karte    

Baklihøgda Malvik

Datum:
29.03.2019
Entfernung:
10,8km
Karte    

Rufsevær til Malviks høgaste

Datum:
29.03.2019
Tourlänge:
2:34h
Entfernung:
10,9km

Lenge planlagt toppturhelg til Trøndelag såg ikkje ut til å innfri då eg kom ut av flyet på Værnes. Snøfritt og ausregn! Men møtte Anne og Eirik på hotellet, og dei skrubbar jo aldri, så vi endte opp med å prøve oss på Malviks høgaste. Vinterparkeringa kosta 75, føret var svært krevjande, og det snødde vått og tett. Vi gjekk først opp til Gammelvollstoggo, der prøvde vi å forbetre skia våre, eg med meir feste, dei to andre med å få bort klisterrester. Mykje betre etterpå, og snøen bar i terrenget - som for øvrig såg fint ut - det vi kunne skimte! Vi gjekk sør for Vennafjellet, og fann greitt steinen med bolt. Snudde og følgde eigne spor tilbake til bilen. 11 km, 393 hm, var borte i 2 timar og 34 minutt. Anne og Eirik var med.

Karte