Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Morgontur til Midtstrandnuten

Datum:
26.08.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:30h
Entfernung:
6,6km

Vakna tidleg i Evje, super motellovernatting i Evje Park Apartement! Kan anbefalast. Fylte bensin, tok ut kontantar (dei hadde ikkje mindre setlar enn 100!), og køyrde sørover til Dåsnes, og så opp dalen forbi Dåsvatn og opp til Lognavatn og Espeli. Utruleg nydeleg sundagsstille dal i klart, litt kjølig augustvêr. Køyrde heilt opp til den Øvste garden i bygda, og der startar Kodalsvegen. Var takksam for at Knut Sverre hadde nemnt det der med 50 kroner i kontantar (eg måtte rett og slett betale dei 100 eg hadde tatt ut, for lommeboka er som vanleg tom for pengar). Litt oppover i den smale vegen kom eg bak ein vaggande tiur. Han var overhovudet ikkje affisert av meg og bilen, så han vagga vidare og eg rulla bak. Etter fleire tutingar letta han til slutt på seg, og eg plukka opp ei >>>

Dagens andre: Himmelsyna

Datum:
26.08.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:15h
Entfernung:
8,3km

Dei to dagane i Austre Agder innebar vel til saman 70 mil med bilkøyring eller meir frå Oslo. Fotavtrykket var altså ikkje noko å skryte av. Frå Espeli greidde eg dessutan å køyre feil, og det skjønte eg ikkje før eg kom til åseral, eg berre koste meg i augustsola. Så eg måtte ned eit godt stykke før eg tok mot aust att og hamna i Evje att. Handla i sundagsopen butikk, og dura vidare i retning Risdal att, for no skulle eg få med meg Himmelsyna, og hadde for ein gang skuld planlagt til, det såg best og kortast ut å ta toppen frå Risdal, dvs Vatne. Eg gjekk jo derifra til Befjell dagen før, og var liksom litt kjend. Det gjekk greitt oppover grusvegen, men møtte heilt uventa og det var då slett ikkje nemnt i rapportane, ein låst bom. Så parkert i vegkanten og tok beina fatt. >>>

Karte    

Befjell med ein del rot

Datum:
25.08.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:53h
Entfernung:
10,5km

Fekk to dagar på eiga hand, og køyrde frå Oslo kl 1000. Etter ca fire timar og ca 30 mil, kom eg til Mykland. Så langt, så godt. Der slo eg inn ein ny gps-destinasjon, og det tok 10 minutt før eg skjønte at det var same namnet, men feil retning. Så der var 20 minutt sløsa bort. Men eg kom då til Risdal, og starta friskt oppover den merkte stigen i retning Vore. Etter maks 10 minutt starta det å regne, det var ikkje meldt! Det regnte ikkje så lenge, men nok til at berga blei ganske sleipe, og ikkje minst rakk lyng og gras å bli vått. Møtte av alle usannsynlege, ein fransk familie på veg ned. Korleis finn dei fram til ein slik tur? Då eg kom opp til Lille Vore, valde eg å gå til venstre der svake spor i berget gav to alternativ, eg valde altså å gå mot Befjell, ikkje mot >>>

Karte    

Mannslagarnuten - siste på kremtopplista i Telemark

Datum:
09.08.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:30h
Entfernung:
19,8km

Følgde skilt til Brokefjell frå rett etter avkøyrselen til Kviteseidbyen, eg kom altså frå nord. Oppover lia til Granli der det stod eit turkart, men ikkje merkt stig etter det eg såg. Så eg køyrde vidare oppover og var glad for alle høgdemetrane eg gjorde unna med bil. Til slutt kom eg til grind og eit småbruk/husplass i ein sving. Snakka litt med dama som budde der, og ho viste kvar eg kunne sette frå meg bilen litt nedafor grinda langs vegen. Eigenleg burde det gå an å svinge innom garden og så halde fram på grusvegen, men det opna ikkje dama for. Så eg parkerte på ca 330 hm, og gjekk grusvegen oppover i ca 200 hm til der det stod skilt med Heivatn 1,1 km som viste til stig til høgre. Stigen var godt merkt, og på det høgaste var eg vel oppe i 590 hm, før det gjekk nedover >>>

Hårteigen - endeleg!

Datum:
01.08.2018
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
17:30h
Entfernung:
59,0km

Etter fin overnatting på Jaunsen gjestgjevargard i Granvin, køyrde vi frå Øvre Eidfjord til Hjølmo, opp hårnålssvingane og til parkeringa på Hjølmoberget på tysdag. Rart at vi ikkje måtte betale korkje for vegen eller parkeringa, kven er det eigenleg som kostar denne spektakulære turistvegen? Visste at det var meldt regn, men tenkte vi skulle bruke regndagen på transportetappen inn til Hadlaskard. Vi fekk ei skur då vi pakka maten i sekkane og fekk på oss sko, men så opphald heile det første stykket, inn til Vivelid tok det ca ein time, og ein ny time inn til Hedlo. Lett å gå, liten bom at vi først kryssa brua bort til Vivelid, men tok oss raskt inn igjen, og gjekk tilbake og heldt austsida av Veig inn til Hedlo. Spiste inne i "resepsjonen" og kjøpte kaffi og te >>>

Karte