Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (6)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
- Fußtour (399)
-
Skitour (107)
- Langlauf (19)
- Tourenskilauf (74)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Andre forsøk Sørum
- Datum:
- 05.06.2017
- Tourcharakter:
- Fußtour
- Tourlänge:
- 1:18h
- Entfernung:
- 4,0km
Forstod at Kukollen ikkje lenger tel som høgast i Sørum. Brukte finveret i dag til ein svipptur til Leirsund og vidare til Kopperud. Skar ureglementert over jordet og følgde brei stig til toppen. 1, 3 km sa skiltet i åkerkanten. Fekk tips frå ein kar på toppen og tok ein annan stig ned, kom då ut i åkerkanten, lenger sør. Veldig fin stig det og. 3,97 km, 1 time og 24 minutt inkludert ein liten rast. 175 hm. Uncas var med.
Folgefonna på langs, andre dag
- Datum:
- 27.05.2017
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 11:00h
- Entfernung:
- 32,0km
Heilt utruleg dag. Opp kl 0600 på Holmaskjer etter minimalt med svevn, men til ein underskjønn dag. Sola stod rett over Hårteigen, og sikten var super. Vi delte oss i dag. Tom tok følge med gruppa som skulle gå til Fonnabu og så til Sunndal, vi tre andre + guide drog oppom begge kommunetoppane og gjekk så vidare ut breen, så mykje opp og ned og i krokar før vi kom til ryggen som heiter Volrusta. 2/3 i veg der hadde vi vel gått 27 km, og då måtte vi av med skia. Ned frå Volrusta, ut på høgre side av vatnet og så ned den stupbratte urda ved sida av fossen. Og vidare nedover til vi omsider var nede på grusvegen. Der stod heldigvis Tom og venta på oss i bil, og med berepose med brus og øl! Fabelaktig varm dag utan skyer. Skidelen gjekk veldig lett, gådelen var veldig slitsam. >>>
Folgefonna på langs, første dag
- Datum:
- 26.05.2017
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 8:00h
- Entfernung:
- 20,4km
Overnatta på Jondal gjestegard etter at vi hadde blitt henta i Rosendal av Folgefonni breførarlag og køyrd i taxi til Jondal. 0800 blei vi køyrd til skiheisen på sommarskisenteret, tett tåke var det der, men vi tok no heisen opp, og manøvrerte i blinde til vi fann toppunktet på Nordfonna. Det klarna heldigvis opp før den bratte nedfarten til Kvitnadalsvatnet, og der rasta vi i flott sol saman med guiden vår og eit turlag til med sin eigen guide. Så i roleg tempo vidare til Holmaskjer der vi overnatta. 20 km, dryge 900 hm. Tom, Eirik, Anne og guiden Mikael var med.
Over Hardangerjøkulen igjen
- Datum:
- 07.05.2017
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 4:42h
- Entfernung:
- 24,0km
Hallingskarvet på langs, utan Folarskardnuten
- Datum:
- 06.05.2017
- Tourlänge:
- 9:00h
- Entfernung:
- 36,0km
Låghellerhøgdene
- Datum:
- 05.05.2017
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Entfernung:
- 30,0km
Gjekk frå Finse etter å ha kome opp med morgontoget. Gjekk på skinski, berre i trøye og utan lue. Vel framme ved Grjotrusthytta. Der var det 17 unge menn som heldt til i den verneverdige vaktarbustaden, og eg fekk nyte solveggen deira medan eg åt matpakka. Så gjekk eg opp på Vestre Låghellerhøgdene, og drakk te og åt sjokolade på toppen. Fin tur tilbake. Varmt! 30 km. Gjekk aleine.
Første kommunetopp i 2017: Raudbergnuten
- Datum:
- 30.04.2017
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 5:30h
- Entfernung:
- 22,0km
Rett og slett fantastisk tur i vindstille, skyfritt, kaldt vêr. Smurde med blå ekstra! Køyrde frå Oslo om morgonen. Starta å gå kvista løype frå Breistølen kl 1145. Gjekk til Bjordalsbu der vi sette frå oss litt utstyr og den eine sekken, og etter god rast ute på dekket, gjekk vi sydover og opp til Raudbergnuten. Vi var der i 1800-tida, perfekt skyfritt rundskode i kveldssol. Dei fem km ned til Bjordalsbu var lette! Vi rann nesten i eitt strekk ned til vatnet. Hadde hytta for oss sjølv om kvelden, og vi fyra godt opp, åt lapskaus på boks, og las under kvart vårt pledd. Herleg! Vakna til 10-15 minus, men like klart og stille. Eg gjekk ein liten tur oppom nuten vest for hytta, før vi hadde ein lett retur til Breistølen. 12 km inn til hytta, 10 km tur-retur Raudbergnuten, og greidde >>>
Første på Rust i år
- Datum:
- 02.04.2017
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Entfernung:
- 11,4km
Køyrde til Bøle og gjekk opp i køyrde spor via Hovdestaul. Eg på fjellski, Tom på langrennsski. Rottent utafor spora, lite snø. Rasta på toppen i noko vind. 2 timar og 52 minutt inkludert rast. 469 hm. 11km.