Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (6)
-
Fahrzeugtour (1)
- Autotour (1)
- Fußtour (400)
-
Skitour (107)
- Langlauf (19)
- Tourenskilauf (74)
Peakbookfreunde

Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Kultur- og naturreise Levanger og Frosta
- Datum:
- 24.06.2012
Køyrde eigentleg flyttelass mellom Oslo og Mo i Rana, men tok nedturen over to dagar og overnatta i Levanger. Starta med pen køyretur opp til Skallhytta, så kvikk tur opp til Hårskallen med flott utsyn over "heile" Trøndelag. Støpt varde i sement var litt kipt, men stigen var jo reine autostradaen. Deretter avstikkar til ruinen ved Munkeby. Så Frosta og Storheia. Nydeleg eng ved Fjellplassen. Supert rundskue oppe ved vardane. Gjekk eit torever over Fosen, men eg hadde flott vêr. Så tingstaden ved Logtun og mellomalderkyrkja. Dinest klosterruinen på Tautra. Og så var det 65 mil heim. Over 2000 km køyrd, men hovudinntrykket er at Noreg er underskjønt, og at Nordland i supert vêr vanskeleg kan matchast. Hadde ikkje tid til langtur der oppe, men Innherred fekk eg og mykje >>>
Draumedag på draumetopp
- Datum:
- 02.06.2012
Litt på impuls køyrde eg frå hytta til Skafsåheii laurda kl 1200. Nesten to timar, men Telemark var på sitt vakraste, så det var heilt greitt. Køyrde forbi Hallbjønnsekken, og parkerte på ein p-plass til venstre ved elva før eg kom til det lange smale vatnet. Har gløymt namnet. Møtte to som slepte ut sauene sine på beite for sommaren. Hyggjeleg folk, og dei instruerte meg greitt: følg vegen/stigen opp til kraftlinja, så stigen til den vesle trappa der det ligg ei hytte til venstre, til høgre viser eit lite skilt til Kuskardet. Hald til høgre for fossen oppover og gå inn dalen og ta fatt på klatringa opp til venstre FØR du kjem til det litt større vatnet. Det ligg eit lite vatn meg ein gong ein kjem opp skardet, men ein held opp til venstre ETTER det. Ganske mykje snø på >>>
Ski ein dag og sommar den neste
- Datum:
- 28.05.2012
Etter fantastisk skitur! på Haukeliseter i går, var det heilt flott å rusle i varm ettermiddagssol til Knarren i dag. Køyrde langt og lengre enn langt i hust, og greidde ein bomtur etter å ha gløymd kart og utan nettkontakt. Då fann eg rett bomveg til Furuvatn ved Tremyr, men køyrde vegen til endes og rota rundt ei god stund før eg gav opp. Men i dag gjekk alt som det skulle. Køyrde ca 3,5 km og fann traktorvegen mot venstre. Følgde den til den tok bratt ned mot høgre, då skar eg opp til venstre og heldt rett mot toppen. Sporet av stig innimellom og til og med eit par nedslitne raude malingsfellker hist og her. Toppen var kjempefin og i dag såg ein fritt og langt til alle kantar. På veg opp såg eg ein stor rovfugl ta av frå toppen, men dessverre viste han seg ikkje medan eg >>>
I golfland
- Datum:
- 20.05.2012
Ikkje så mykje tid denne helga, så vi leita etter ein ettermiddagstur for laurdag ettermiddag. Valet fell på Lørenskogs høgaste, bonusen var å få sjå korleis det er på Losby. Kor grei køyretur, fann parkeringa ved skytebane, følgde raud og blåmerkt sig til vi var på høgd med toppen i følgje gps-en. Klatra opp ura, og skjønte at vi måtte ned att og opp neste åsrygg. Fin topp då vi kom opp, graskledd og open. Nistemat, og så gjekk vi nedatt på andre sida, mykje betre stig ned på austsida, men veldig våt i dag. Kom ned på golfbana, og gjekk vel litt ulovleg tvers over - men ingen golfarar blei uroa. Marit og Uncas var med.
To toppar i Røyken
- Datum:
- 06.05.2012
Møtte Marit i Hyggen. Gjekk først vegen opp til Haugane. Ikkje det smartaste, men vi kom no inn på stien frå Dammen etter litt plunder opp lia. Så gjekk alt greitt heilt til vi kom til myra nedanom Villingstadåsen. Vi drog rett mot toppen og det var litt ulendt nokre stader, men greitt nok. Mat og kosepause på toppen. Det bles litt, så vi fann ei grop under berget istaden for å sitte på toppen. Flott utsyn mot Drammen, for ikkje å sankke om Ble bakom. Heilt kvitt, men blei nedstemt då eg ymta om at det var der vi skulle ha vore. I løpet av året SKAl eg til Ble.....Frå toppen gjekk vi rett sud, fann stigen mot Herstadheia, og fekk med oss den fine toppen òg. Denne gongen utsyn mot Oslofjorden.
Lite Østfold-raid
- Datum:
- 28.04.2012
Flott vêrmelding og sterkt behov for å bruke dagen til noko nyttig.Primærmålet var Jeløya og litt kultur der, men vi starta med Våler og Skiptvet. Rota bort mykje tid ved å køyre fram og tilbake i Svinndal, men fann til slutt rett veg med skilt mot Lunder, så til Tv eiteråsen. Sette bilen ved bommen og byrja å gå vegen oppover. Flott vêr, to glade damer og ivrig hund. Vi gjekk rett på Taraldrudåsen og det vaklevorne tårnet der. Frukt i sola, så vidare til Skiptvet. Hytta ved Trolltjern låg nydeleg til i vårsola, nesten freistande å bade! Fann utruleg nok toppunktet på åsen aust for Langetjønn på første forsøk. To steinar som vi supplerte med ein tredje. Møtte ein annan toppsankar mellom furuleggene. Einaste personen i skogen denne fine dagen. Etter vellukka tur køyrde >>>