Gulle fint på Gullfjellet (08.09.2019)
Besteigungen | Gullfjelltoppen (987m) | 08.09.2019 |
---|
Køyrde frå Bergen til stor parkeringsplass med godt merkt løypenett til og rundt Gullfjellet. Masse folk ute denne solblanke sundagen. Først eit strekk med stig/løypetrasé. Så bratt opp våt stig/bekkefar, så myrar og stig over dei slakt oppover. Store flotte vardar langs stigen starta på toppen av myrstrekket. Stigen frå første varde gjekk så i ordentleg fjellterreng med vardar i jamne intervallar heile vegen opp til toppen. Overraskande høgt opp, stadig nye bergtoppar bak kvarandre. Masse folk på toppen, fantastisk utsikt. Havørner i lufta som vi følgde med på medan vi åt niste. Same veg tilbake. 9,1 km, 3 timar og 15 minutt, 864 hm. Anne var med.
Benutzerkommentare