Archiv - Nach Datum
Gesammelte Listen










Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Nordom Storligrenda
- Datum:
- 01.05.2022
- Tourlänge:
- 8:20h
- Entfernung:
- 39,9km
Lang første mai-tur over hittil ubesøkte toppar. Godt ver og tidvis tungt skiføre med bra mengder ny tørrsnø. Utover dagen vart tørrsnøen solvarma og våt, som ikkje gjorde jobben særleg lettare...
Truleg eit av dei mindre besøkte områda i Trollheimen, og ein godt egna stad for den som trivst åleine på tur. Mektig naturopplevelse i Neådalen der ei ørn lydlaust glei gjennom ein snødekt dal på jakt etter søndagsmiddag.
Retur via Storbekkhøa der det vart nedkøyring i bollen på søraustsida.
Ytre Sula
- Datum:
- 27.04.2022
- Tourlänge:
- 1:55h
- Entfernung:
- 9,4km
Heilt på det jevne, både snø- og vermessig. Flatt lys og ikkje det store skiføret, men som alltid flott utsyn frå Sulå
Mohaugen
- Datum:
- 26.04.2022
- Tourlänge:
- 4:16h
- Entfernung:
- 13,6km
Grått er også ei farge. Dagens tur til Dronningkrona vart avslutta på knappe 1300 meters høgde. - snøbyger, lågt skydekke og absolutt null sikt. Tømte sekken for varme klede og satt ein halvtimes tid og venta på tilstrekkeleg sikt for å kjøre nedatt. Bestemte meg deretter for å svinge oppom Mohaugen S sidan det var ein solgløtt oppe i lia. Den solgløtten var borte med god margin innan eg kom opp, så dermed vart det ein god porsjon med venting her og. Kjentest ut som eg satt meir enn eg gjekk i dag... Jaja, det kjem vel ein godversdag igjen
Fremre Grynningshøa
- Datum:
- 21.04.2022
- Tourlänge:
- 6:51h
- Entfernung:
- 29,7km
Innsausa med faktor 50 og iført kortbukse og korterma var dagens turfølge på to klare for rundtur sør for Storligrenda. Ein vårdag av beste sort starta opp Grugguskaret, der vi tidleg kunne konkludere med at dagens arbeidsantrekk var eit godt val.
Etter å ha avlagt besøk på Lorthøer av ymse slag retta vi kursen sørover i retning Fremre Grynningshøa. Utvilsomt eit av Trollheimens flottaste områder vinters tid - som henta ut frå eit postkort med snødekte toppar så langt ein kan sjå.
Retur via Nonshøa, der vi kunne nyte nedkøyring i mjuk ettermiddagssnø. Ein lang og fin runde der både jakke, bukse, lue og vottar fekk liggje urørt i sekken.
Everesting Strengen
- Datum:
- 15.04.2022
- Tourlänge:
- 15:26h
- Entfernung:
- 109,0km
Enkelte langfredagar er lengre enn andre - eit prosjekt som hadde vore på radaren i lengre tid vart til slutt gjennomført denne påska. Med eit ver som frista til å vere ute heile dagen, så var det berre å planlegge for nettopp det.
"Everesting" har sitt utspring i sykkelmiljøet, og består ukomplisert nok av å ta seg opp (og ned) ei samla stigning på 8848 høgdemeter ved hjelp av ein og samme bakke, gong etter gong. Tilsvarande Mount Everest, for den som eventuelt ikkje er stødig på å lage verb av substantiv
Med inspirasjon både frå syklistar og folk som har gjennomført på ski, så har det etterkvart utvikla seg til eit prosjekt som berre "måtte" gjennomførast ein eller annan gong.
Strengen har under planlegginga blinka seg ut som ein relativt godt egna plass. >>>
Strengen
- Datum:
- 30.03.2022
- Tourlänge:
- 0:54h
- Entfernung:
- 7,4km
Intervall i lett snøfall og delvis gjenføyka gårsdagsspor. Første fem minutta som oppvarming, deretter 7 x 5 min med 1 min gåpause. Fin og effektiv økt før ettermiddagsjobb, og med overraskande greie bein etter ein lang gårsdag. Særdeles tilfredsstillande føre på returen.
Strengen
- Datum:
- 29.03.2022
- Tourlänge:
- 7:14h
- Entfernung:
- 27,7km
Fikk testa tålmodet på dagens tur - fersk nysnø og lovnad om sol frå meteorolygen skulle nyttast godt. Runde på runde frå Klåberget utan å sjå ein verdens ting i fem timar før det plutselig skjedde ting. Fekk tre rundar med godt lys på tampen, der den siste var dagens høgdepunkt. Den som ventar på noko godt, og så vidare...
Storhornet
- Datum:
- 12.03.2022
- Tourlänge:
- 5:15h
- Entfernung:
- 25,4km
Godt vær og alldeles middels skiføre i lag med smultringsamlar simenee (Simen Einmo Engdal) . Gjekk oppatt til Storhornet etter besøk på Elghøa og Vinndalskammen for å få med litt meir nedkøyring. I etterpåklokskapens namn så vart det vel kanskje ikkje det heilt store, men vi fekk i det minste litt ekstra tid med mars-sol på nasen.