Archiv - Nach Datum
Gesammelte Listen










Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Trolltind og Ryssdalsnebba
- Datum:
- 18.04.2021
- Tourlänge:
- 5:55h
- Entfernung:
- 19,0km
Tilnærma klipp og lim frå gårsdagen, både med tanke på verforhold og turfølge. Todalen vart bytta ut med Jordalsgrenda, og vi fekk avlagt ein visitt både på Trolltind og Ryssdalsnebba. Der vi i går var bortimot for oss sjølv til fjells var dagen i dag den rake motsetninga - lassevis av folk i alle himmelretningar. Nok ein fenomenal dag i minneboka!
Rambjøra
- Datum:
- 17.04.2021
- Tourlänge:
- 7:45h
- Entfernung:
- 17,4km
Bingo på samtlege rekker med helgas vervarsel! Shorts og t-skjorte vart dagens arbeidsantrekk for opptil fleire i turfølget, og Rambjøra vart turmålet. Vi slo etterkvart leir i solsida litt nedunder toppen, og bevilga oss nokre ekstrarundar opp og ned denne sida, kun avbrutt av inntak av Real Turmat. Ein strålande dag i nærmest folketomme Todalsfjell medan lovens lange arm skreiv ut forelegg og taua bilar i Viromdalen, berre nokre solide steinkast unna.
Strengen frå stuedøra
- Datum:
- 08.04.2021
- Tourlänge:
- 4:02h
- Entfernung:
- 23,1km
Utradisjonell aprilutfart med skia på rett utafor døra. Opp via gangvegane til Sæterlia på fint skiføre og med eit og anna langt blikk frå bilistar langs vegen. Opp alpinbakken og over Syltnebba, deretter langs Sjøasetervatnet og via Litjstrengen i tidvis store mengder nysnø. Frå toppen av Strengen vart fristelsen for stor til å motstå - det måtte bli ein strafferunde ned til Klåberget på jomfruelig tørrsnø. Etter litt inntak av Kvikk-Lunsj (som fungerte akkurat som namnet skulle tilseie) bars det oppatt og ned på nordaustsida av masta. Vidare over Litjstrengen igjen og ny nedkøyring i "Botnen", deretter same veg via Sjøasetervatnet og Syltnebba heimatt. Snøfrie gangvegar medførte litt bæring av ski siste biten, men framleis godt med snø i brøytekantane. Strålande >>>
Storli - Klevgardan
- Datum:
- 31.03.2021
- Tourlänge:
- 6:26h
- Entfernung:
- 22,0km
Tru det eller ei, men enkelte gongar stemmer vermeldingane temmeleg godt. Med varsla vind, lettskya og til og med litt nedbør, så kan det vel kallast ei heilgardering frå meteorologane. Varselet skulle uansett vise seg å stemme godt, for på vegen frå Storli til Klevgardan fekk vi med oss både snøfokk og solgløtt.
Stri vind gjorde at den planlagte lunsjen på Kråkvasstind utgjekk, men utover det gjekk turen stort sett som planlagt (kanskje med unntak av ein del nye riper i skia som følge av lite snø...).
Neådalssnota og Storbekkhøa
- Datum:
- 27.03.2021
- Tourlänge:
- 7:47h
- Entfernung:
- 28,1km
Flatt lys, snømørkt, blindesnø. Kall det kva du vil, men særleg behageleg er det ikkje. Kombiner det med knallhardt og slagete føre, så har du ein kombinasjon fåtalet vil rope hurra for på tur ned frå Neådalssnota. Gleda var derfor stor da sola etterkvart gløtta fram like før vi spente på oss skia ved toppvarden, etter å ha vandra nærmast i blinde heile vegen opp.
Returen gjekk i herleg ettermiddagssol via Storbekkhøa, der vi var dagens siste besøkande. Møre bein på tur ned gjennom skogen i gjennomslagsføre, men aller mest fornøgd etter besøk på ein av Trollheimens desidert flottaste toppar.
Svorundfjellet og Roksdalskammen
- Datum:
- 19.03.2021
- Tourlänge:
- 4:14h
- Entfernung:
- 13,2km
Rundtur frå Klevgardan i berre sånn heilt passeleg bra ver. Overraskande lite snø på ned frå nordvestsida av Svorundfjellet og vidare til Roksdalskammen, så her måtte vi ta av skia innimellom snøflekkane. Ellers fokksnø, vind, tidvis dårleg sikt og ikkje all verdens skiføre. Men ruta er det ingenting å utsette på - ein skikkeleg bra rundtur!