Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Jervefonni/Storbreahøe

Datum:
17.08.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
6:45h
Entfernung:
8,4km
Karte    

Tverrbytthorn-traversen

Datum:
02.09.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
6:45h
Entfernung:
10,1km

Flott tur med Inge og Knut Tønnes til Tverrbytthornet. Vi tok av stien ca. midt på Troget og fulgte bratte grasbakkar rett oppover for å unngå steinrøys lengst mogleg. På toppen av grasbakkane på rundt 1650 moh byrja vi å skrå austover og sikta oss inn på skaret som ligg rett vest for Vestre Tverrbytthornet. Frå dette skaret er det smalt, men greit opp på Vestre. På tur opp til skaret måtte vi manøvrere oss rundt/over nokre rust-raude knauser og bratt/laus steinrøys. Videre austover eggen er det smal og artig tinderangling med eit par luftige utfordringar som gjekk greit på det fine føret. Etter å ha besøkt sjølve Tverrbytthornet fann vi ei delvis varda rute nedover att der steinrøysa var litt hyggeligare enn oppturen. Alt i alt ein flott rundtur!

Karte    

Nedre Søvertjønne

Datum:
02.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:30h
Entfernung:
9,5km

Fin fjellgeit-tur med Petter og Frode. Gjekk på høgre side av Søvra oppover heile vegen for å unngå elvekryssingar. Fyrst traktorveg opp til masta. Deretter ut til venstre og på sti oppover skogen (merka med raude merkeband). Vidare er det varierande varding og utydeleg sti over skoggrensa, men med optimalt rutevalg unngår ein både kratt og steinrøys. Etter kvart kjem ein ned til Søvra att på nærmare 1200m, og vidare er det lett-gått langs elva. Takk til Lars Kurt Haugen som viste oss ruta. Klikk her for kart! Klikk her for kart som kan zoomast!

Karte    

Visbretind

Datum:
01.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
9:00h
Entfernung:
16,6km

Flott til til Visbretind om Langvasshøe med Petter og Frode.

Karte    

Kvitingskjølen

Datum:
30.07.2022
Tourcharakter:
Fußtour
Tourlänge:
8:10h
Entfernung:
8,1km

Fin tur med Petter rundt Kvitingskjølane. Flott vêr og gjekk i shorts til Store Kvitingskjølen. Det blåste litt opp og vi kledde på oss før vi gjekk bort til Vestre. Såg ingen reinsdyr denne gongen.

Karte    

Visbretind via Nordryggen

Datum:
29.07.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
10:30h
Entfernung:
17,0km

Flott rundtur til Visbretind med Hans Morten via Nordryggen. Smal og morsom rygg, og spennande alternativ til den vanlege ruta via Langvasshøa. Ruta oppover ryggen gjev seg sjølv. Eit par smale parti og lett klyving. Etterkvart lett over N2 (9m PF) og N1 (11m PF). Etter dei smalaste partia kjem ein inn i den breiare vestflanken på Visbretind. Vi fulgte stort sett kanten mot Visbrean heile vegen. På venstre side av renne med snø/grus utan å krysse denne før på oversida av renna. Like før toppen er det ein bratt hammar som vi kleiv rett på i stadan for å prøve å runde. Nedover fulgte vi vanlege løypa ned til Leirvassbu. Måtte også oppom Kyrkja når vi først gjekk forbi :)

Karte    

Tundradalskyrkja

Datum:
22.07.2022
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
8:15h
Entfernung:
16,8km

Flott tur med Petter til Tundradalskyrkja på ein av sommarens finaste dagar. Målet for turen var fjellgeitposten på toppen. Det er fleire moglege rutevalg til Tundradalskyrkja frå Sota: 1. Følge ruta mot Illvatnet opp til ca 1600 moh og så nordaust-ryggen til topps 2. Følge ruta mot Illvatnet forbi Sottjønnen og så sikte inn på nordvest-ryggen via Regnbogtjønne. 3. Følge ruta mot Fortundalsbreen og så sikte mot nordvest-ryggen frå Steindalen 4. Følge ruta til Fortundalsbreen og så kome opp på sør-ryggen via Sveinkollen Vi valde alternativ 2 opp og 3 ned, og fekk ein fin rundtur. Eg vil i ettertid si at alternativ 3 er det enklaste og raskaste fordi det er fint underlag og lite grov ur. Eit tips ved alternativ 2 er å runde Regnbogetjønne og gå vestover langs kanten av denne >>>

Karte    

Store Skredahøe

Datum:
10.09.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
8:30h
Entfernung:
21,1km

Tåketur med Inge og Knut Tønnes til Store Skredahøe. Elendig sikt og småregn, men grei temperatur og vindstille. Nådde greit toppen, men vart snytt for utsikta. Karl snudde tidlig, men gjekk lengst...

Karte    

Tverrbotntindane

Datum:
04.09.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
7:17h
Entfernung:
7,2km

Ein flott rundtur med Petter over Tverrbottindane. Lett tilgjengelig rundtur over tre topper dette. Det er nok vel så greit å gå i motsett retning, så får ein oppstigning opp Leirløyfte og den lause urda mot Store...

Karte    

Store Smørstabbtind

Datum:
28.08.2021
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
8:45h
Entfernung:
11,8km

Flott tur med Petter til Store Smørstabbtind. Fulgte standardløypa oppover, og prøvde varianten ned langs bekken frå Leirvatnet (1682) ned att. Denne varianten er nok vesentleg raskare. Veldig folksomt, men det er ikkje så rart med tanke på det flotte vêret siste helga i august.

Karte