Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Tverrbytthorn-traversen

Datum:
02.09.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
6:45h
Entfernung:
10,1km

Flott tur med Inge og Knut Tønnes til Tverrbytthornet. Vi tok av stien ca. midt på Troget og fulgte bratte grasbakkar rett oppover for å unngå steinrøys lengst mogleg. På toppen av grasbakkane på rundt 1650 moh byrja vi å skrå austover og sikta oss inn på skaret som ligg rett vest for Vestre Tverrbytthornet. Frå dette skaret er det smalt, men greit opp på Vestre. På tur opp til skaret måtte vi manøvrere oss rundt/over nokre rust-raude knauser og bratt/laus steinrøys. Videre austover eggen er det smal og artig tinderangling med eit par luftige utfordringar som gjekk greit på det fine føret. Etter å ha besøkt sjølve Tverrbytthornet fann vi ei delvis varda rute nedover att der steinrøysa var litt hyggeligare enn oppturen. Alt i alt ein flott rundtur!

Karte    

Nedre Søvertjønne

Datum:
02.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:30h
Entfernung:
9,5km

Fin fjellgeit-tur med Petter og Frode. Gjekk på høgre side av Søvra oppover heile vegen for å unngå elvekryssingar. Fyrst traktorveg opp til masta. Deretter ut til venstre og på sti oppover skogen (merka med raude merkeband). Vidare er det varierande varding og utydeleg sti over skoggrensa, men med optimalt rutevalg unngår ein både kratt og steinrøys. Etter kvart kjem ein ned til Søvra att på nærmare 1200m, og vidare er det lett-gått langs elva. Takk til Lars Kurt Haugen som viste oss ruta. Klikk her for kart! Klikk her for kart som kan zoomast!

Karte    

Visbretind

Datum:
01.08.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
9:00h
Entfernung:
16,6km

Flott til til Visbretind om Langvasshøe med Petter og Frode.

Karte